Det vert kurs i treskomaking på Dovre neste år. Klikk her og les meir om dette.
Det vert kurs i treskomaking på Dovre neste år. Klikk her og les meir om dette.
Hordaland sogelag/Hordaland folkeakademi.
Seminar på Statsarkivet 22. okt. 2014.
13 påmelde møtte og vart teken hand om på beste vis. Kennet Bratland opna med eit omfattande oversyn over kjelder i slektsgransking/lokalhistorisk arbeid. Tone Merete Bruvik og Anette Skogseth Clausen losa oss gjennom det nye digitale arkivverket med sikker hand. På den tida me hadde til rådvelde fekk me berre ei innføring i kva som er mogeleg, men eg trur alle reiste heim med ei kjensle av at her er det mykje å henta innan digitalisert materiale. Og så aukar omfanget av materiale stadig.
Me avslutta dagen med ei synfaring på Statsarkivet der Statsarkivar Yngve Nedrebø var cicerone – det vart ein munter tur saman med ein kunnskapsrik Statsarkivar.
Dette seminaret skulle fleire fått teke del i, men det får bli ei sak i tida som kjem.
Mikal Heldal
Det var 20 deltakarar på seninaret som vart avvikla på Sunnhordland Museum laurdag 21. mars. Du kan lesa meir om dette her.
Hordaland Sogelag og Sunnhordland Museum innbyr til seminaret: Årbøker frå sogelaga– seminar om produksjon, distribusjon og samarbeid. Utførlig informasjon om seminaret og påmelding finn du her.