Referat frå styremøte i Hordaland sogelag 2/2026

Tid: måndag 16. mars 2026 kl. 13.00
Stad: Bergen off. bibliotek

Til stades: Kjell Alvheim, Anne-Liv Soldal, Knut Farestveit og Sigmund Simmenes. Meldt forfall: Ågot Gammersvik.

Ingen varafolk møtte.

07/26 Innkalling, sakliste, og val av referent
Innkalling og sakliste førelåg ikkje, men tid for dette styremøte var fastsett på sist styremøte. Inga sakliste var utsendt, Sigmund hadde laga framlegg til sakliste, som vart brukt.

Vedtak: Som referent vart vald Sigmund Simmenes.

08/26 Gjennomgang av referat frå sist styremøte (29/1-26)
Vedtak: Referatet godkjendt med nokre merknader.

09/26 Gjennomgang av agenda for lokalhistoriske dagar og årsmøte
11. – 12. april 2026 i Vaksdal og Osterøy. Innhald vert lagt ved innkallinga til årsmøtet. 

Vedtak: Dei to lokallaga står for det praktiske for dei to dagane.

10/26 Framlegg til rekneskap 2025 og budsjett 2026
Anne-Liv gjekk gjennom framlegga

Vedtak: Rekneskap 2025 og budsjett 2026 vart godkjend og vert lagt fram på årsmøtet. 

11/26 Framlegg til årsmelding for 2025
Kjell og Ågot har laga årsmelding.

Vedtak: Årsmelding vart godkjend, og vert lagt fram på årsmøtet.

12/26 Framlegg til handlingsplan for 2026

Vedtak: Kjell syter for oppdatert handlingsplan for framlegging på årsmøtet.

13/26 Framlegg til kontingent for 2027

Vedtak: Uendra for 2026.     

14/26 Melding frå valnemnda sitt arbeid pr.dato
Leiar Kjell Alvheim ønskjer å gå ut or styret. Ågot og Sigmund kan ta attval. Sigmund seier seg villig til å ta over som leiar. Valnemnda leitar etter nytt medlem i styret etter Kjell og evt. nye varafolk.

Det skal veljast ein revisor, ein av dei to er ikkje på val

Valnemnda er: Torbjørn Dall-Larsen (på val), Jan-Egil Mandelid og Linda Matre.  Jan-Egil og Linda vert samde seg imellom kven av dei som skal ha to og eitt år att i nemnda og kven som skal vera leiar. Dette for å koma inn i systemet med treårige val av medlemene i valnemnda. 

15/26 Ymse
a) Drøfting om kva lokallag som skal stå for lokalhistoriske dagar. Desse vart nemnde som aktuelle å spørja:

    1.  Kvinnherad, Knut tek kontakt.
    2.  Øygarden, Kjell tek kontakt.
    3.  Ullensvang. 

    b) Evt. sak om endringar i vedtektene? Sigmund ser på det.

    c) Fri plass på årsmøtet og lok.hist.dagar:  

       Styret og varafolka, leiar i valnemnda og revisor Einride Åkra.

       Møtereferent: Sigmund Simmenes

      Referat frå styremøte i Hordaland Sogelag 1/2026

      Tid: Torsdag 29. januar 2026 kl. 13.00- 15.30
      Stad: Bergen off. bibliotek
      Til stades: Kjell Alvheim, Sigmund Simmenes, Knut Farestveit og Ågot Gammersvik. Geir Kleiveland, frå Osterøy sogelag, var invitert som gjest og deltok under sak 4.
      Meldt forfall: Anne Liv Soldal, Nils Arne Ekerhovd og Gunnar Strand.

      Saksliste:
      1/26 Godkjenning av innkalling
      Vedtak: Innkallinga vart godkjend.
      2/26 Godkjenning av referat frå styremøte 26.10.2025
      Vedtak: Referatet vart godkjend.

      3/26 Planlegging av årsmøtet 2026
      a. I tråd med vedtektene skal årsmøtet haldast innan utgangen av april kvart år.
      Vedtak: Dato for årsmøtet vart sett til: Fjordslottet søndag 12. april kl. 9.30-11.00.

      b. Utsendingsfristar for innkalling til årsmøtet er minst 3 veker.
      Vedtak: Dato for utsending sett til fredag 20. mars.

      c. Årsmelding skal sendast ut saman med innkalling.
      Vedtak: Styreleiar Kjell Alvheim lagar framlegg til årsmelding som handsamast innan neste styremøte.

      d. Rekneskap for 2025 og budsjett for 2026 skal sendast ut saman med innkalling.
      Vedtak: Kasserar Anne Liv Soldal lagar framlegg til revidert rekneskap og budsjett til neste styremøte.

      e. Valnemnd: Torbjørn Dall Larsen, Jan Egil Mandelid og Linda Dale Matre vart vald til valnemnd.

      f. Det skal veljast styreleiar for 1 år. Dessutan er Sigmund Simmenes og Ågot Gammersvik på val. I tillegg skal det veljast to revisorar.
      Vedtak: Sigmund Simmenes gir melding til nemnda om å starta arbeidet.

      g. Innkomne saker til årsmøtet skal vera styret i hende innan 14 dagar før årsmøtet (seinast 30.mars).

      h. Kontingent for 2026 skal handsamast av styret på neste styremøte, etter forslag frå kasserar.

      i. Handlingsplan for 2026 må handsamast av styret på neste styremøte, og sendast ut saman med innkalling til årsmøtet.

      j. Framlegg til valnemnd skal leggjast fram av styret.

      k. Framlegg til endring av vedtekter må handsamast på neste styremøte, og sendast ut saman med innkalling til årsmøtet.
      Vedtak: Framlegg om endring av vedtekter vert førebudd av Sigmund Simmenes.

      4/26 Lokalhistoriske dagar 11.-12. april 2026, Osterøy sogelag og Vaksdal historielag
      Framlegg til program:

      Laurdag 11. april:
      Kl. 11.00 Oppmøte Dale Fabrikker, kantina eller Elvahuset
      Mottak ved ordførar og Vaksdal historielag
      Lunsj
      Kl. 13.30 Omvising i Skipshelleren, dragebryggja, Straumshovet laksegilje, bygdemuseet mv.
      Kl. 18.00 Ankomst Fjordslottet hotell, Fotlandsvåg
      Kl. 19.00 Middag

      Søndag 12. april:
      Kl. 08-09 Frokost og utsjekk Fjordslottet
      Kl. 09.30 Årsmøte Hordaland sogelag
      Kl. 11.45 Hamre kyrkje, omvisning. Bill: kr.40.
      Kl. 13.15 Valestrand med garveriet mv
      Kl. 14.00 Ankomst Gjerstad, kaffepause, orientering.
      Kl. 15.00 Ankomst Havråtunet
      Kl. 16.30 Avslutning i Havråtunet

      Vedtak: Osterøy sogelag og Vaksdal historielag arbeider vidare
      med programmet, før invitasjon vert sendt alle lokallaga.

      5/26 Heimeside
      Heimesida vert fulgt opp jamleg, og referat vert lagt ut. Ønskjer å leggja inn meir info om styret, mobil og e-post. Ny teknisk kontakt: Ingah S. Gammersvik, som følgjer opp
      jamleg. Informasjon vert samla under tydelege emneboksar og gjer det enklare å finna fram.
      Vedtak; Styret ser positivt på utvikling av heimesida. Neste styremøte må vurdera honorar for 2026.

      6/26 Evt. andre saker:
      a) Neste styremøte: måndag 16. mars kl 13.00 -15.00, på Bergen offentlege bibliotek. Her skal handsamast saker til årsmøtet.

      b) Knut Farestveit orienterte om styremøtet i Landslaget, 21-22.januar i Trondheim. Det vert arbeidd med ny historielag-portal der alle regionlag og lokallag i Norge kan leggja inn opplysningar om sitt lag. Knut møter no fast i styret, då representanten Jan Kr. Hognestad er sjukemeld. Landslaget ynskjer å få orientering om vårt årsmøte, og stiller gjerne om dei har høve til det.
      Vedtak: Saka vart tatt til orientering.

      c) Kjell Alvheim la fram brev frå Voss Naturvernlag om bygging av stølsveg på gamal kløvveg.
      Vedtak: Saka vart tatt til orientering.

      Askøy 29.01.2026
      Ågot Gammersvik, ref.