Det nærmarseg fristen for påmelding til årsmøte i Norheimsund. Hugs å kontakta hotellet direkte for tinging av rom.Du kan tinga rom direkte på nettet eller ringa Thons Hotels booking center på telefon 815 52 400 mellom kl. 08- 21 på kvardagar. Les meir om årsmøte på nettsida.http://www.hordalandsogelag.no/%C3%A5rsm%C3%B8te-2016 Les også notatet frå Mikal Heldal her.
Merkelapp-arkiv: Årsmøte
Årsmøte 2016

Meld dykk på til årsmøte i Hordaland Sogelag 5. og 6. mars. Møte vært avvikla på Thon Hotel Sandven i Norheimsund. Les utførleg info frå leiar Mikal Heldal om programmet og påmelding her.
«Feler, Frukt og Fruer»

Årsmøte og lokalhistoriske dagar 2016 vert halde i Norheimsund 5.-6. mars 2016. Møtestad vert Thon Hotel Sandven.
Lokalt vertskap er Kvam soge- og kulturminnelag. Tema for lokalhistoriske dagar er: «Feler, Frukt og Fruer».
Program, påmelding og kostnader kjem på Nettsida til Hordaland sogelag om kort tid.
Så vonar me på utsendingar frå mange av sogelaga i fylket! Velkomne skal de vera.
Meld dykk på til årsmøte på Bømlo

Det meste er klart til årsmøte som i år skal avviklast på Bømlo. I samråd med vertskapet er det sett opp eit interessant program for dei lokalhistoriske dagane. Klikk her så finn du detaljert info om programmet, innkvartering og anna.
Lokalhistoriske dagar- årsmøte 2014

Årsmøtedelegatane samla utanfor verkstaden til Guttorm Storheim på Storheimstø. Bilete frå samlinga sjå Biletarkiv
Lokalhistoriske dagar – årsmøte 2014.
av Kaare M. Malkenes
Årsmøte i Hordaland sogelag og dei lokalhistoriske dagane var i år lagt til Radøy med Radøly sogelag som vertskap. Delegatane vart helsa velkomne av Berit Kvalvik frå Radøy sogelag som håpte at alle fekk eit triveleg og interessant opphald på staden.
Lokalhistoriske dagar gjekk over to dagar med oppstart laurdag 15. mars. Etter oppmøte og registrering på Alver Hotel som var møtestad for årsmøte, festmiddag og overnatting, gjekk turen med buss til Vestnorsk utvandringssenter på Sletta. Her vart det omvising i emigrantkyrkja og andre bygningar ved dagleg leiar Ashild S.F. Thorsen, og Kenneth Brattland frå Statsarkivet. Dagleg leiar orienterte om utvandringa til Amerika og gjennom tidene, og opplyste at fram til 1915 då utvandringa frå Vestlandet stagnerte hadde om lag 1100 personar utvandra frå Radøy.
Emigrantkyrkja på Sletta var fyrst bygd av norske emigrantar i Brampton, Nord-Dakota, USA på byrjinga av 1900-tallet. I 1996 ble kyrkja gitt i gåve til Vestnorsk Utvandringssenter, og flytta til Sletta i Radøy kommune. Her er det også oppført fleire gamle bygningar, bygg som også er flytta frå Amerika. Her er det planar om å oppføra eit nytt og moderne museumsbygg som vil stetta behovet for tenleg og forskriftsmessig magasin for Nordhordland.
Bussturen gjekk deretter vidare til Guttorm Storheim Motorsamling på Storheimstø, og på køyreturen fortalde guiden Kristen Risnes om hendingar og historiske stader langs køyreruta.
Den 13 meter lange turbussen køyrde heilt fram til Guttorm Storheim sin verkstad. På utside av bygget putra og gjekk fleire gamle dieselmotorar og for tilårskomne kystfolk var det motorlydar som kveite varme kjensler og minner frå ungdomstida.
Motorsamlinga er formidabel og tel meir enn 200 motorar, og jamt over er det opp til 10 personar som er med på å restaurera og setja i stand gamle motorar som gjerne blir funnen på havets botn og jamvel nedgravne i myra hjå tidlegare eigar.
Festmiddagen om kvelden med kulturinnslag gav høve for at dei over 30 delegatane å bli kjent med kvarande. Mange synest også det var triveleg å møta att tidlegare reisefølgje frå studieturane.
Sundagen starta med avvikling av årsmøte på hotellet før busstur til Skjærgårdsfisk Visningssenter på Marøy der reisefølgje vart møtt av dagleg leiar Arthur Marøy. Ein sprudlande leiar fortalde om verksemda som starta for 45 år sidan, og om utfordringar og suksessar dei fyste åra saman med ein far som hadde klokkeklar tru på fiskeoppdrett på heimstaden. Og faren fekk rett. Verksemda er ei leiande oppdrettsbedrift i Nordhordland og Visningssenteret har som mål å bidra til opplysning og informasjon om oppdrettsnæringa for skular og andre interesserte. Gjesteboka viser at skuleklassar både frå ut- og innland er på besøk.
Mens reisefølgje fekk servert ein herleg grilla lakserett, fortalde Arthur Marøy om oppveksten på heimstaden og artige soger frå reiser i inn og utland for å selja oppdrettsfisk i ungdomsåra.
Fellessamveret vart avslutta på Visningssenteret, og deretter vart det busstur attende til hotell for utsjekk og heimreise. Ei stor takk til Radøy sogelag for to interessante dagar med mykje lokalkultur til gleda og ettertanke.
Årsmøte 2014 i Hordaland Sogelag

Årsmøte og lokalhistoriske dagar vert haldne 15. og 16. mars
Møtestad og overnatting: Alver Hotell, Alversund
Lokal vertskap: Radøy sogelag
Tema: Utvandring, fiskeoppdrett og historisk motorsamling
Kvart medlemslag har rett til 1 utsending når medlemstalet er under 100 medlemer, 2 utsendingar når medlemstalet er mellom 100 og 200 medlemer osv. Alt rekna etter medlemstal frå førre år. Ikkje noko lag har rett til fleire enn 5 utsendingar. Kvar utsending har ei røyst. Sjå vedlagte saksliste og møteprogram, påmeldingsskjema.
Fristen for å melda inn saker som skal handsamast på årsmøte er 1. mars
Lokalhistoriske dagar – og årsmøte for Hordaland Sogelag 2013

Sundag var det busstur gjennom industribyen.
Referatet frå årsmøte finn du under Møtereferat eller klikk her.
Her kan du lesa kva avisa Tysnes skreiv om årsmøte.
Lokalhistoriske dagar og årsmøte i Hordaland Sogelag.
av Kaare M. Malkenes
Arrangementet går inn i rekkja med suksessrike samlingar som engasjerer på vertskapslaget og delegatane. Det var tydeleg også denne gongen. Det var berre godord å høyra om det varierte programmet på laurdagen, og bussturen i den gamle fabrikkbyen Odda, var ei fin oppfølging av foredraget til historikar Knut Markhus om reiselivet i Hardanger før storindustrien tok over. Det møtte 32 utsendingar frå 13 av medlemslaga.
Ei stor takk til vertslaget Hardanger Historielag og Marit Bleie Mannskaker, og ikkje minst Brita Jordal som nok hadde ein finger med i det meste når det galt programmet og omvisinga på Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.
Unikt museum.
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum vart totalrestaurert i perioden 2000 til 2007. Museet er eit unikt vasskraftmuseum ikkje berre i nasjonal, men også i internasjonal målestokk. Ikkje berre kraftstasjonen, men byggningane i fjellpartiet og dei stupbratte røyrgatene er restaurerte. Museet har då også fått ros internasjonalt for det flotte og unike restaureringsarbeidet.
Hjarteleg gjensyn
Direktør ved NVIM Randi Bårtvedt fortalde varmt og engasjert om arbeidet med å få freda det gamle og unike kraftverket. Eit arbeid som ho har hausta mange lovord for også internasjonalt. Ho vart tydelegvis overraska då ho møtte delegaten frå Vaksdal Historielag John Dale. Som tidlegare stortingsrepresentant og statssekretær i Miljøverndepartementet, var han ein viktig støttespelar i arbeidet med å skaffa midlar og politisk draghjelp for å realisera museumsprosjektet.
Odda før industrireisinga.
Historikaren Knut Markhus sitt interessante foredrag «Mellom enkle innfødde og ville fjell», viste bilete og historisk omtale av reiselivet i Odda på 1800 talet. Biletframsyninga «Industrieventyret» viste bilete frå byggeaktivitet og rallarliv tidleg på 1900 talet.
Busstur gjennom byen.
Det vart sølvsagt omvising på Vasskraftmuseet i tillegg til busstur gjennom hardangerbyen. På turen fekk ein sjå korleis klasseskilje i industribyen såg ut med omsyn til husværa og bumønsteret mellom funksjonærar og arbeidarar gjennom åra.
Ingen bustadmangel.
I Odda kommune som i år kan markera 100 år som eigen kommune, er det ikkje mangel på bustader. Både einebustader og høgblokker står tome, og du kan kjøpa deg ein fin herskapsbustad i «jugendstil» til ein overkommeleg pris. Eit interessant fenomen i våre dagar er at våre nye landsmenn og spesielt polakkar, kjøper opp og er flinke til å restaurera dei gamle arbeidarhusværa til seg og familien.
Attval på årsmøte.
Heile styret som dei siste åra har vore leia av Else Marie Kind Hevrøy, vart attvalt med akklamasjon på årsmøte sundagen. Årsmøtereferat vil bli lagt ut på nettsida med det fyrste.
Årets studietur.
Sidan 2006 har det vore tradisjon å arrangera studieturar til land og stader det våre forfedre slo seg ned og sette spor etter seg. I år går turen til Gotland via Danmark, og alle interesserte både medlemer av sogelaget og andre kan melda seg på turen. Programmet for turen vil bli lagt ut på nettsida om kort tid.
Bilete.
Her følgjer bilete frå samlinga.

Brita Bleie Mannsåker ynskjer forsamlinga vel møtt.

Anna Gravdal stod for omvisninga på museet.

Knut Markhus.

Møtedelegatane er på plass.

Brita Jordal mottek blomegåve og konfekt frå Else Marie.

Omvising i turbinhallen.

Omvising i turbinhallen. Mannen med skjegget er leiar i Kvinnherad sogelag Halvor Medhus.

Odda ungdomshus..

Randi Bårtvedt og John Dale.

Frå årsmøte. F.v. Else Marie Kind Hevrøy, Mikal Heldal, Åse Eikemo Strømme, Marie Elisabeth Skutlaberg, Einar Borgund og Jarleiv Haugland.

Jarleiv Haugland sa frå seg attaval som varamann i styre. Han vart einstemming valt til nytt medlem av valkomiteen. Her får han gåvepose og godord av Else Marie som takk for innsatsen gjennom mange år.

Dei nasjonalromantiske bileta til vossakunstnaren Nils Bergslien pryda veggene i dei fleste fellesromma på Tyssedal Hotell.

Dei over 100 år gamle kraftmastene er freda, og «oddaskjora» har funne seg ein høveleg reirplass her.

Det var eit vinterleg Odda som møtte årsmøtedelegatane laurdag føremiddag. ( utsyn frå Tyssedal Hotell)
Velukka årsmøte og lokalhistoriske dagar på Stord

Årsmøte i Hordaland Sogelag og Lokalhistoriske dagar vart gjennomført på Stord 17. og 18. mars. Det vart to fine og interessante dagar for deltakarane. Sigrid Kaale har oppsumment samlinga. Vedlegget «årsmøte» er protokollen frå årsmøte som mellom anna viser dei saker som er handsama samt resultatet frå valet. Vidare finn du fleire bilete frå samlinga.
Referat frå Årsmøte.
Årsmøte.




Lokalhistoriske dagar og årsmøte 2012
Årsmøte og Lokalhistoriske dagar vert haldne 17. og 18. mars på Stord. Møtestad: Maritimt museum ( på Nattrutekaien). Påmeldingsfrist er 5. mars. Deltakarane må sjølv ordna med eventuell overnatting. Spørsmål om samlinga samt påmelding sender du pr. e-post til Else Marie.
Programmet for samlinga finn du her. Sakspapira og årsmeldinga er no klare og ligg som vedlegg nedanfor.
Årsmeldinga finn du her.
Sakslista finn du her.