Avisa Grannar skriv ein fin reportasje frå årsmøte 2. og 3. mars. Den kan du lesa her.
Merkelapp-arkiv: Årsmøte
Årsmøte og lokalhistoriske dagar 2019.
HORDALAND SOGELAG
Årsmøte og lokalhistoriske dagar, Etne 2. og 3. mars 2019
HUGS FRIST FOR PÅMELDING ER 20. FEBRUAR:
Innkalling til årsmøte: Ver merksam på vedtektene m.o.t. utsendingar og saker til årsmøtet.
§5 Årsmøtet.
a) Årsmøtet er øvste styringa for laget, og bør haldast innan utgangen av april i samband med det lokalhistoriske møtet for Hordaland.
b) Kvart medlemslag ha rett til 1 utsending når medlemstalet er under 100, to utsendingar når medlemstalet er mellom 100 og 200 osv. Alt rekna etter medlemstalet frå førre året. Ikkje noko lag har rett på fleire enn 5 utsendingar. Kvar utsending har ei røyst.
c) Skriftleg innkalling til årsmøtet skal sendast til medlemslaga seinast 3 veker før årsmøtet.
I år må saker som medlemslaga vil handsama på årsmøtet, vera innkomne til styret innan 22. februar.
PROGRAM/PÅMELDING
Laurdag 2. mars
Kl. 12.00: Enkel lunsj på Fugl Fønix Hotel i Etne.
Kl. 13.00: Opning av lokalhistoriske dagar v/representant for Etne kommune, leiaren i Etne sogelag og Knut Farestveit, leiar i Hordaland sogelag.
Kl. 13.30: Omvising med buss i Etne.
Retur til hotellet. Middag om lag kl.19.00. Underhaldning.
Sundag 3. mars
Kl. 8.00: Frukost.
Kl. 9.00: Me køyrer med privatbilar heim til styremedlem Leif Halleland, Litledalsvegen 279, 5590 Etne. Han har vore så sporty at han har invitert oss heim til Auastad.
Kl. 09.30- 11.30: Årsmøtet vert halde i Gamlastovo på Auastad.
Kl. 12.00-12.30: Lunsj i Gamlastovo.
Kl. 12.30: Køyring med privatbilar til Etne sentrum for omvising.
Heimreis om lag kl. 14.30.
Deltakarane som skal overnatta på hotell, må tinga rom direkte, og visa til Hordaland sogelag si gruppetinging. Deltakarane gjer opp direkte med hotellet for overnatting og middag laurdagskvelden.
Deltakarane tingar rom på Fugl Fønix Hotel, Torget 1, 5590 Etne. Tlf. 53771440, e-post: booking@fuglfønix.no
Deltakaravgifta er 800 kr per person. Dette skal dekka buss og omvising laurdag 2. mars, og nokre andre fellesutgifter.
Frist for påmelding til årsmøtet er 20. februar.
Påmelding til: knut.o.farestveit@gmail.com eller tlf. 41648198.
For styret: Knut Farestveit, leiar
Lokalhistoriske dagar på Voss 7. og 8. april
Gamalt fargebilete frå Vossevangen.
Helge Hisdal har skrive omtale av lokalhistoriske dagar på Voss. Det kan du lesa her.
Bilete frå Hedleberget på Kyte
Årsmøte på Os 4. og 5. mars
Ei triveleg forsamling møttest til årsmøte 4. og 5. mars. Bladet Tysnes skriv om årsmøteaamlinga og artikkelen er på nesten 2 avissider. Her er fyrste sida og her er andre sida.
Oddbjørn Klyve leiar i Os Sogelag ynskjer velkomen og fortel om arbeidet i det vel 1. år gamle sogelaget.
Feler, frukt og fruer. Årsmøte 2016 i Norheimsund
Årsmøte deltakarane opplevde to trivelege dagar i Norheimsund med Kvam soge – og kulturminnelag som vertar. Bilete er teke i samband med besøk på Fartøyvernsenteret sundag. Det kjem fleire bilete og ein kort omtale av dei lokalhistoriske eventa om ikkje alt for lenge. Referat frå årsmøte og referat frå konstituering av styre finn du under fana Møtereferat. Her kan du lesa kva avisa Tysnes skreiv om årsmøte i Påskeavisa på side 34 og side 35.
Diverse bilete frå årsmøtesamlinga.
Hugs å melda dykk på til årsmøte 5. og 6. mars
Det nærmarseg fristen for påmelding til årsmøte i Norheimsund. Hugs å kontakta hotellet direkte for tinging av rom.Du kan tinga rom direkte på nettet eller ringa Thons Hotels booking center på telefon 815 52 400 mellom kl. 08- 21 på kvardagar. Les meir om årsmøte på nettsida.http://www.hordalandsogelag.no/%C3%A5rsm%C3%B8te-2016 Les også notatet frå Mikal Heldal her.
Årsmøte 2016
Meld dykk på til årsmøte i Hordaland Sogelag 5. og 6. mars. Møte vært avvikla på Thon Hotel Sandven i Norheimsund. Les utførleg info frå leiar Mikal Heldal om programmet og påmelding her.
«Feler, Frukt og Fruer»
Årsmøte og lokalhistoriske dagar 2016 vert halde i Norheimsund 5.-6. mars 2016. Møtestad vert Thon Hotel Sandven.
Lokalt vertskap er Kvam soge- og kulturminnelag. Tema for lokalhistoriske dagar er: «Feler, Frukt og Fruer».
Program, påmelding og kostnader kjem på Nettsida til Hordaland sogelag om kort tid.
Så vonar me på utsendingar frå mange av sogelaga i fylket! Velkomne skal de vera.
Meld dykk på til årsmøte på Bømlo
Det meste er klart til årsmøte som i år skal avviklast på Bømlo. I samråd med vertskapet er det sett opp eit interessant program for dei lokalhistoriske dagane. Klikk her så finn du detaljert info om programmet, innkvartering og anna.