Skottehandelen

Frå Johannes Heggland: Tysnes – Det gamle Njardarlog. Utgjevar Tysnes sogelag 1964.

Om den sermerkte skottehandelen på bygdene våre frå reformasjonen og fram på 1800-talet har vore skrive ein del, soleis har And. Næss som før nemnt ei avhandling i tidsskriftet Sunnhordland 1919 og Anton Espeland har skrive om skottane i Hordaland og Rogaland. Alex. Bugge har i «Den norske trælasthandels historie» (1925, m.a. granska den vestnorske trelasteksporten og skottehandelen frem til omlag 1700. Desse kjeldene er lagde til grunn her. då serleg den siste. Dertil har me tingbøker, tollrekneskap og segner å byggja på. Medan hollendarane rådde grunnen lenger aust med landet, heldt skottane seg til Vestlandet som låg nærare deira eige land. Både på Sørlandet og i Ryfylke handla skottane, men viktigare tykkjest handelen på Sunnhordland å ha vore. Frå dei skotske hamnebyane stemnde fartya over Nordsjøen, og mange av skutene gjorde to turar om året. Den norske tollrekneskapen frå tollstasjonen ved Eldøy fortel stundom om tilhøva, men endå rikare opplysningar gjev skipslistene for Dundee i Skottland.

Somme av fartya kunne gjera ein tur til Frankrike og ein til Noreg same sommaren. Det 17. hundradåret var i det heile inga god tid for Skottland, – oppgangstida tok fyrst til etter at landet vart slege saman med England i 1707. England stod på dårleg fot med Ho11and, og dette gav sjøferdsla ein uroleg karakter. Borgarkrigane før og etter Karl den fyrste sitt fall arma landet ut, og det stod ikkje sterkt på. noko vis då det vart republikk under Cromwell i 1654. Ei skildring frå denne tida vitnar om kor langt ned landet var kome: Handel og skipsfart var gått attende, folket var fatigt, det var berre hamnebyane som dreiv noko handel, m.a. med landa på hi sida Nordsjøen. Fartya er etter måten små, heiter det, og handelsfloten er liten. Skutene er jamnast under 100 tonn, mange under 50. Den byen som tykkjest ha vore mest i trivnad, var Glasgow, og her levde mest alle av handel. Ein del av fartya seglde på Noreg etter tømmer, og desse «Noregsvarene» dei kalla, vart sende på flotar oppetter elva til innlandet. Det syner seg at trelasthandelen på Noreg hadde mykje å seia for heile Skottland – vestkysten med, – og varene vart gjerne kløvja på hesterygg gjennom veglause område. For dei andre skotske hamnebyane spela Noregsvarer og ei viss rolle.

Trass i naud og fatigdom og nedgang var denne Noregshandelen noko av det viktigaste for Skottland. Det finst mange opplysningar om det, attåt den skildringa som er nemnd ovanfrå, soleis eit brev til Lordprotektoren, Cromwell, frå ein borgar som har freista føra inn tjøra, trelast o.l. frå Noreg. Men skipet vart kverrsett og sagt heimfalle til staten. Klagaren visste det var ulovleg å føra tjøra til Skottland frå Noreg, difor hadde han endå løynt tjøra med olje. Men både tjøra og trelast trengst til floten, seier klagaren, som vil ha att lasta si. No tykkjest skottehandelen nok å ha vore meir blømande tidlegare på 1600-talet, og det er då og frå 1600 til 1650 dei rikaste opplysningane er å finna. I denne tida var sambandet mellom Sunnhordland og Skottland sterkt. Mange gonger for sommaren kom skotteskipa siglande inn fjordane her. la til i dei lune vågane og hamnane, der dei kunne verta liggjande mange dager, gjerne veker og månader med. Dei vende det dei hadde i lasteromet og tinga med bøndene om trelast, laustømmer, tunnestav, tunneband og mangt anna. Det vart ei livleg tid i grendene når skotteskipet kom. Mannskapet kom på god fot med bygdefolket, kunne truleg noko norsk, mange av dei, etter mange år i «traden», og somme gav seg då og til i bygdene, gifte seg inn eller fekk feste på anna vis. Soleis kom ein Jon Hjelt og ein Gilbert Skott og mange andre til Tysnes og sunnhordlandsbygdene elles. Utførsla frå Sunnhordland på eit år (1597-98, kunne liggja på 1520 tylfter bord, over tusen tylfter 12-alnes og 9-alnes bjelkar, 25 000 bandstakar, 153 tylfter bakhun, 578 tylfter bekarholt (til stampakjerald), 100 tylfter knapholt, 850 tylfter hjeltespirer, 8 båtar og 471 famnar ved. I året 1621-22 vart det utskipa 1783 tylfter skurlast. Denne utførsla gjekk ut på mange kjølar, oppi 80 somme år, og ikkje alt fór til Skottland. Når skipa kom og skulle henta last, var det mange lasteplassar kring i bygdene, soleis hadde Tysnes ei mengd slike. Dei mest søkte var Øklandsholmen i Uggdal, Lundevåg ved Lunde, og Stussvik som hadde mykje gjesting av skotteskip. Dinæst kjem slike stader som Flakkavågen. gjestgjevarstaden NeshamnJog Kjerafjorden. I 1597 finn me og Gripnesvågen,  Lukksund og Flornes. Seinare kjem Onarheimsvågen, Humlevikjo, Godøysund, Ersvær, Bårdsund og Søreid (Søreidvågen), Meir sjeldan møter me slike stader som Skorpesundet, Laukhamarsundet, Seløyo og Anuglo, Malkenes, «Skårshavn», Bruntveit, Hopsund, Færavåg og «Lambovik» (Limbuvikjo ?). Smevik eller Smievik kan og vera
her ifrå og tyda Smievodlen.

Med so mange lasteplassar måtte det og ha vore vis og vane at mange skotteskip og andre fann vegen hit. I 1597 veit me om 14 skip som lasta i Tysnes, det gjeld berre dei som laut svara toll. Attåt desse kjem so innanlandske farty – og danske. Men av eksporten syner det seg at desse framande skipa ikkje kan ha vore av dei minste. Når utførsla av bord frå Sunnhordland var 1520 tylfter for året 1597, kom ikkje mindre enn 304 bordtylfter frå Tysnes, eller ein femtepart. Fjerdeparten av dei utførde bjelkane var hogne her. Frå før har me sett at dei fleste eksporterte båtar og kom ifrå bygdene her – soleis 12 i 1597 og 61 i 1624.

Det spurdest nok i bygda når eit skip kom inn, skriv And. Næss. Utlendingane visste nok å gjera seg vener med folk, dei hadde både øl og vin, og no tok dei til å føra brennevin og tobakk med. Folk samlast til og so vart det handel.

Av toll-listene syner det kor lenge skipa låg i hamnane. Det kunne vera frå fem-seks dagar til tre-fire veker etter kor stor skuta var og om det gjekk greitt eller trått med handelen. Noko var nok samla i hamnane og på lasteplassane, og medan skipa låg og lasta, kom folk flotande med tømmer og førande på bord, bandstakar og anna vyrke dei hadde onna med om vinteren og frametter våren. Var fartyet stort, laut skipperen kjøpa last av mange, og det var ikkje likt til anna enn at skipa fekk last når dei kom og kvar dei kom. Det kunne vera fleire skip på same staden og lasta inn same dagen på slike stader som i Bårdsund eller i Stussvik.

Utførsla av dei ymse vareslag ymsa mykje etter kva slag skogteigar som låg til lasteplassane. Var det mykje tømmerskog til, og høve til å setja opp sag, vart det levert mykje bord. Men var det låglendt, gjekk det mykje på bjelkar og anna rundtømmer eller emnesved. Der det var mykje hatleskog til garden, skov dei tunneband og selde. Eikeskogen var framifrå skipsvyrke, og stod høgt i kurs. Dei som ikkje skog åtte, kunne kjøpa på rot eller på annan måte, laga båtar og ymse anna som skottane var forglo etter.

Sagbord var den vara som alltid vart nemnt fyrst når det galdt trelast. Dei var truleg både lengre og større enn dei tidlegare hogne borda. Bord vart elles mykje i rekneskapen kalla dele eller sagdele, eit ord av tysk-nederlandsk opphav (planke) bord,. Det gamalnorske pilja tilja (i botnen av båten, er av same ordætta. So mykje vart dette ordet nytta i trelasthandelen her, at ordet vart sett i samband med Noreg. Eit tysk ordtak tala om Delen na Norwegen schicken (å senda deler til Noreg) på same vis som når me snakkar om «å gje bakarborna brød». Difor fekk trelastskatten og namnet «deleskatten». I det heile var det framandnamn på mange av dei utførde varene, namn av tysk, nederlandsk eller skotsk opphav. – Sagborda tykkjest ha vore dei vanlege 6 alner lange, ein dimensjon som vart brukt til våre dagar («ein seksalning»).

Bjelkar vart det selt mykje av. Dei var til vanleg noko tilhogne, alt etter kven som skulle ha dei. Hollendarane skulle ha dei hogne til på sitt vis, dei nemnest som «Hollandsvis hugne», og uttrykket «Schottebielcker» tyder på at skottane òg ville ha sine eigne dimensjonar på denne vara. Lengda på bjelkane var helst 12 og 9 alner. I det heile var bjelkane – truleg den viktigaste del av eksporten – rått tilhogne tømmerstokkar. Skottane trong tømmeret til husbyggjing, og husa deira var i denne tida bindingsverk.

I mest alle laster er nemnde rafter mellom trelasta, stundom 400 i ei last, stundom 200 eller mindre. Om desse raftene har vore hogne eller sagskorne er ikkje godt å seia. Dersom dei i det heile har vore tilmåta. må dei på denne tid ha vore på sag. So mange som 400 rafter – som t.d. er utført frå Hopsund i 1627 – kan dei ikkje ha hogge til for hand, i ei tid då sagene hadde vore i bruk i eit heilt hundradår. Ein annan ting er at Hope hadde ikkje sag som var brukande i 1627, ho var til nedfalls. Ein kan då undrast om dei ikkje leverte raftene som rundt tømmer i viss lengder – rafter tydde truleg taksperr, slik me møter det i tollrekneskapane, medan ordet i dag òg tyder nedre eller den utstikkande delen av eit tak.

Ein annan ting er at me jamsides med rafter møter ordet sperrer. Soleis er det frå Gripnesvågen 18. juni 1597 skipa ut 300 hjeltasperrer. Ein kan stussa litt på kvar eigentleg skilnaden går mellom bjelkar og sperrer. På gamalnorsk heiter det sperra i tydinga bjelke, takbjelke, og sparre. Frå ein annan kant av landet kjenner me uttrykket sperbjelkar på denne tida, til liks med hussperrer. Det galdt nok tømmer til tak. Uttrykket jeltasperrer kan kanskje fortelja oss noko. Me veit at Orknøyane og Shetland alltid i historisk tid har vore trelause, og ibuarane henta alt sitt trevyrke frå det norske vestlandet. Ikkje minst hjeltane fór mykje på Noreg med skipa sine. I sunnhordlandsfjordane henta dei frå utgamal tid trelasta si. Tollrekneskapane frå Søndhordelen frå ikr. 1620 nemner fleire farty frå Jettland (d. e. Hjaltland eller Shetland, og frå Orknøyane. Dei fører ikkje med seg so mykje bjelkar som hine fartya, men heller «jeltasperrer», eit namn som kjem av folkenamnet hjeltar, hjaltlendingar. Den skipperen som var på Gripnesvågen og lasta jeltasperrer i 1597 kom då og frå «Hieltland». Namnet er truleg mykje eldre enn 1600, og har alt i mellomalderen vore namn på eit serskilt slag sperre, som især hjeltane kjøpte. Sperrene vart selde og fortolla i «stykkverd», soleis pr. tusen i 1597.

Av rundtømra last vart serleg utført master og spirer. Spirene var tunne tømmerstokkar. Uttrykket «ei spira» om ei grann fura er kjent her enno. Mast var eit tjukkare tømmerslag. Stolpar vart og utførde, av fura og brake, «enebærstager», som dei siste vart kalla. – So var det då den vanlege rundtømra til husavyrke, det var svært tømmer. Stundom vart det utført til hoggen hustømra og – som frå Neshamn kring 1577.

Mellom trelasta av mindre dimensjonar var baandstager. Det tydde stavar dei laga band til tunner og fat av. Dei var kappa i ei viss lengd og var for det meste av hatl. Av desse gjekk det mykje. Soleis er det i 1597 utført 3000 baandstager frå Flornes, det same frå Gripnesvågen, frå Stussvik og Øklandsholm 2000 på kvar. Prisen var ikkje høg, men alle munar drog. Utførsla av bandstakar auka på, det er lasta 6000 frå Flatråker sommaren 1621, og 4000 frå Stussvik same året. Få skotteskip drog heim att utan ein s1ump vyrke til tunneband ombord.

Det vart elles ikkje berre tunnebanda, men stavveden og, skottane laut ha med frå Sunnhordland. Denne stavveden hadde fleire framandnamn, noko heitte begerholt og noko knapholt. Til begerholt vart nytta vyrke av ask og lind, det siste kalle dei då gjerne i rekneskapane for «lindebegerholt». Ordet kom av hollandsk bekerhout («bægertre»). Utførsla av begerholt vart rekna i tylfter. Skipa kunne ha med seg nokre tylfter frå somme av lasteplassane her. men ikkje so ofte som bandstakane. Med knapholt ymsa det mykje, for knapholt var i grunnen eikestav til fat o.l. Det skulle eigentleg ha heitt klapholt, etter middel-nedertysk. Det tydde eit lite stykke kløyvt eiketre. Utførsla av knapholt var ofte lita, men det kom seg nok ikkje av etterspurnaden, den var visseleg stor. Dei mange kongelege forbod mot utførsla av eikelast har gjort sitt til at skurd av dette slaget ikkje kunne gå vegen om tollstaden ved Leirvik. Elles kunne bøndene venda eikeskogen på annan måte: Til båtvyrke gjekk det soleis mykje, og det var slikt dei ikkje trong ha på saga, slik som med eikestaven som skulle vera til knapholt.

I rekneskapane er ofte nemnt utførsla av barchuner eller bachuner. Her til lands kan dette utanlandske ordet ha hatt lett for å verta samanblanda med det norske ordet bakhun, som i grunnen berre tyder hun. Men bachun tydde noko heilt anna. Ordet er eigentleg lånt av det hollandske ordet barkoen, og tydinga er «et langt og tykt stykke firkantet træ, en stor bjælke» sier Bugge. Ordet er atter eit døme på korleis nemningane vart samanblanda i dette internasjonale handelssambandet.

Det same kan seiast om uttrykket juffers. Det vart tala om duble og enkle juffers. I eldre ordbøker vert sagt at ordet står for tømmerstykke som er 4 eller 5 tommar i firkant. Dette ordet og er hollansk. Det tyder i grunnen jomfru, møy, og vert enno brukt i hollandsk, soleis i skipsbyggjingsverksemda.

Trevyrke av lettare s1ag var haandspiger og dette uttrykket nyttar me framleis i handspik. So var det noko dei kalla stenlegter og noko dei kalla straalegter. Soleis er det i 1621utført 300 straalegter frå Neshamn. Steinlektene var noko større av dimensjon, av di dei skulle nyttast til steintak, medan strålektene ikkje trong vera so kraftige, for dei skulle berre nyttast til stråtak. Trevyrke av lettare slag var òg årar og åretre. Desse vart fortolla for seg, endå om båtane fylgde med i lasta.

So er det ymse slag trevyrke av meir tilfeldig art, soleis «plogtrær» av bjørk. Bjørk vart det elles selt mykje av til skottane, soleis er det frå «Hoppesund» skipa 400 «smaa bierkestokker» i 1627 og frå «Gudøen» 50 bjørketre same året. Til Hjaltland vart det sendt 400 «støure» frå Bårdsund.

Produkt av skogen som kol òg tjøra vart og utført. Tjøra er ikkje nemnt frå våre kantar, endå her vart brent tjøra ymse stader i Tysnes, men i 1620 lasta ein hollender 20 lester trekol i Færavåg.

Frå Sunnhordland vart elles stundom utført so ulike vareslag som hummer, næter og arbeidshestar. Frå Tysnes gjekk mange famnar « brændeved» i desse åra.

Prisane er ikkje alltid so gode å få greie på når det gjeld tida før 1660-åra. Eit og anna får ein då vita. Prisane var ikkje høge. Kring 1610 er «små spirer», hjeltaspirer og bjørketre oftast 1 dalar for 100 (eller 10 tylfter, for dei rekner jamnast 120 i eit hundad). Små rafter 1/2 dalar, eit åretre 2 skilling. Etter oppstyret kring trelasttienda i 1664 er det råd å få vita liti meir: Då er prisen for 7-alnes bjelkar 1 1/2 mark, for 9 alner 2 mark, for 12 og 14 alner 4 og 8 mark. Sagbordprisen brigda seg ikkje mykje, det vart betalt frå 2 1/2 til 3 mark. For kvart hundrad bandstakar og stavar 1 mark og eit åretre 2 skilling – som i 1610. Prisane har nok ikkje skift mykje på 50 år.

Somme av skotteskipparane betalte i reide pengar, men helst kom dei med skipa lasta med varer til hamnane og selde desse varene til bygdefolket som altso betalte med tømmer. Somme av skottane «kjøbdte varene med sin last» – det vart som eit jamnabyte.

Ugreia med betaling og prisar var det nok stundom, men når me kjem i hug det store omfang denne handelen hadde i sunnhordlandsbygdene, er det ikkje mykje tingbøkene har å fortelja om usemja mellom bygdefolket og utlendingane. Men noko var det då.

Dette varebytet var då likevel ikkje alltid til gagn. Me kan tenkja oss at folk stundom kjøpte ting dei ikkje nett var tenkt på, berre for å få tømmerhandelen gjord. Dertil dreiv det folk over i noko av eit handelshushald i ei tid då naturaliahushaldet var eit svært turvande tilhøve. Av eit kongebod frå 1589 ser me òg at alt ikkje var som det skulle vera med omsetnaden, og at utlendingane ikkje alltid hadde berre gode varer med. Folk ved sjøkanten i Noreg hadde klaga over at utlendingane kom med gamle «bedærvede »varer, klede, skor, lerreft og anna til høg betaling, endå det var gammalt og utskjemt og lite dugande. Det gav dei i betaling for tømmer og anna, men rekna det høgt i pris. Her etter skulle ikkje slike skrapvarer prangast inn på folk, men dei som ville kjøpa, skulle føra med seg skapelege varer og gagns pengar.

Dette trong ikkje gjelda skottehandelen eller berre den. Det er lite truleg at skotteskipperane kunne koma att år om anna til same stadane utan at dei gjorde rett og lika for seg. Påbodet om reide pengar eller gagns ting som handelsvara, har nok mykje godt vorte påakta, for i 1663 fann det skotske parlamentet ut at dei måtte bremsa på utførsla av gull- og sylvpengar, det var eit tap for landet. Dei fastsette då at det var forbode å føra pengar ut av landet. Dersom pengane vart nytta til innkjøp av tømmer i Noreg galdt likevel ikkje forbodet.

Det som skottane tidleg førde hit var salt, korn, klede, togverk, segl og ymist anna. Stundom førde dei øl og brennevin med i byte og, soleis var skotsk «canellevand» ein ikkje ukjend drykk i dei dagar. Skipper Walter Schott kjem i 1614 til Stussvik med 4 tunner malt, etter å ha avhenda 6 tunner i Bergen. Skottebrød eller skonrokkar vart og innført. Det er ikkje lett å finna prisen på. Maltet og kornet kunne vera 2 rdl. for tunna, eller det folk fekk for ein båt. Ei mjøltunna gjekk for 4 slettedalar. Eit hundrad skottebrød tykkjest ha kosta ein riksdalar for 100. Samanliknar me prisane med trelastprisane, vart ikkje trelasta betalt høgt. Det kom nok stundom vel med at skipperane betalte «udi rede penge», som det t. d. heiter frå Onarheimshavn og fleire andre stader i 1614.

Av andre varer var lerreft ei kurant vara som konene gjerne fekk til husar. Det kosta 8 skilling ala. Ville dei ha klede, kosta det 16 sk.og blått ty 32 sk. for ala. Desse tyvarene må ha spela ei viss rolla for heimeindustrien, når me kjem i hug den tungvindte tilverknaden av klede i det heile. So fortel då òg skiftebreva. oss at «schottisskjørt» eller ander skotske tyvarer er takserte som eignaluter mest. Skor vart òg innførde til 1/3 rdl. Desse tala er frå 1624. Bytehandelen florerte, og det har ikkje berre vore av det gode, for i 1635 kom strengt påbod om at no skal dei betala alt med pengar, utlendingane, og so selja varene sine for pengar til dei som vil kjøpa. Det same skal norske kjøpmenn gjera, om det då ikkje er nokon som ynskjer vara for vara.

Denne handelen terga nok bergenskjøpmennene, og dei krov at det måtte verta slutt med denne strandhandelen. Sunnhordlendingane fekk likevel medhald i at dei ikkje med lov kunne «forbydes deres huses nødtørft sig at tilhandle af skibe der indkommer».

Det vart ikkje store brigde i tilhøva, folk var komne i vane med skottehandelen. Tyvarene freista skottane gjerne få undan tollen. Det var gjerne finare saker som var etla til bydamene. Ein staden fann soleis tollaren klede, pledd, «atlaskes hattebaand», silkesnorer og vin, – gøymt av i ei kista. Importen av ty førde elles til at likaste bygdemennene no hadde skotsk klede til bestklede, «kles-kle´» som dei gamle sa.

Tobakk og sukker tek og til å koma til grendene med skottane. Tobakken vart seld i rullar, gjerne i våger, til 6 rdl., og har nok vore i bruk ei tid før 1650. Sukkeret selde dei som toppar, vege etter skålpund a 9 skilling morka. Det er likevel truleg at sukkeret ikkje vart so ålment brukt som tobakken, å døme etter tradisjonen so seint som på 1800 talet.

Innførsla av «skottevarer» heldt seg. Med åra vart vareslaga fleire, endå om ein ikkje alltid kan seia kva som vart selt her ikring. Stundom kom skotteskipa frå Holland, og And. Næss som har granska innførsla deira, opplyser at dei der hadde teke inn ymse varer som t.d. sukker, ymse slag krydd, rosiner. Svisker, fransk og spansk vin, brennevin, tobakk, såpa, jarnvarer og meir. Noko vende dei i hamnane her, resten tok dei med vidare til Skottland.

Med importen av korn- og mjølvarer ymsa det mykje, alt etter som det var ufred uti verda eller ei. Forbruket i Sunnhord\land var stort når det galdt desse varene – det var lenge sidan sunnhordlendingane hadde levt av eigen avl.

At folk kjøpte det dei trong og meir til av ymse varer, er truleg. Tyvarene var annleis enn dei sjølve kunne laga dei, anten so det var lerreft til sengjavar eller ullty. Det var meir stas med det som vart kjøpt. Såpa som tok til å koma, vart det elles sett forbod for. av omsyn til dansk monopol. Sidan vart det smugla inn både såpa, tobakk og brennevin. – Av ymist elles som skottane førde hit, var og skipsbyggjingsverkty, handsager, høveljarn, hengsle og spikar. Ein stad er nemn «gemene rageknive» og anna. Sildegarn fann og vegen hit.

Ein ny ting i denne tida tykkjest spinnrokken å vera. Etter ei segn skal det vera skottane som førde rokken hit. Ein 80 år gamal mann frå Sund fortalde soleis til Espeland i 1919 at i eldre tider kom «skøtane» inn til Eldholm på Reksteren kvart år for å kjøpa tømmer. Dei kom to vender, haust og vår. Ein gong, etter at lasta var innteken, var skipperen gjest hos bonden. Han såg då at kona i huset sat og spann på handsnelda (handtein) Skipperen sa at dei skulle bruka spinnerokk som i Skottland. Neste gong han kom att, hadde han med seg spinnrokk og varm sengjagraut til kona som nett hadde fått lite. Dette var den fyrste spinnerokken på desse kantar av landet. Den gamle sa og at «kjøpmenna i byd'n» ikkje lika denne handelen og fekk han forboden.

Segner om sengjagraut som skottane hadde med til lensmannsfolket eller andre når dei kom etter trelast, finst i fleire bygder. Grauten skulle vera varm når han kom fram til barnsengkona. Elles finst segner om at somme framståande bygdefolk ætta frå skottar. Alt dette fortel om at skottane var vel likte mellom bygdefolket, og at hopehavet med dei i handel og vandel ikkje har valda mykje bry og uro.

Det finst likevel nokre hendingar me skal nemna, ein frå Stussvik og ei frå Godøysundet. At det ikkje er mykje å finna, vitnar just om eit godt tilhøve til bøndene.

I 1618 var lagrettemennene frå Onarheimssokno og mannen på Sunda i Lukksund, som var tømmermann, etter påbod av futen, Jacob Rytter, i Stussvik for å vurdera eit «lidet, gammelt skotteskib som paa tredie aars tid der i hafnen ligget, som en ved nafn Walter Logen hjemmehørende i Skotland tilhører.» Helvta av dette skipet var dømt under kong. maj. 2 år før, av di fleire av mannskapet på skotteskipet hadde teke livet av ein dreng. Korleis det hadde gått med mannskapet er ikkje sagt, dei har truleg fått fara sin veg. Men skipet har vorte liggjande. Walter Logen åtte berre eine helvta av skipet, medan «Daniell Aasie hjemme til Algena i Moranien i Schotland» åtte andre helvta. Lagrettemennene og tømmermannen frå Sunda fortel at dei «fornevnte skib med sit redskab, seigl, thoug og anker med ald flid hafer grandgifelig besed og forfart, og befindes altsammen ganske at være forraadnet og forderfuet». Dei kunne difor ikkje vurdera kongen sin part høgare enn til 16 riksdalar, og denne summen hadde Daniel Aasle betalt til futen.

Hendinga frå Godøysundet har ikkje med manndrap å gjera, men vitnar om at somme av skotteskipparane hadde lag til å skjenkja bøndene i meste laget, kanskje for å få handelen til å gå glattare.

Tre karar hadde vore i Godøysundet ein kveld i september 1741 på skottehandel. Dei tre var Sjur Larson Belt og broren Odmund Larson Skipavik og so Indre Nilsson Humlevik. På heimferda velta båten og Sjur og Indre bleiv. Sidan gjekk det «mummel og øigderøkte som af nogle naboer skal være udspred» at desse mennene sjølve var skuld i ulagnaden sin. Retten fann det difor turvande å granska saka. Dette vart gjort på hausttinget i øvre Humlevik 27. og 28. okt. same året. Odmund Skipavik var innkalla og gav ei lang forklåring på det som hadde hendt.

Sjur Belt hadde fyrst kome roande til Godøysundet og hatt med seg nokre båtsårar til ein skotsk skipper som låg på Hamna i sundet. Dette var i 10-tida om morgonen, og om lag ein time seinare kom Odmund sjølv ombord. Saman med skipsfolka hadde han vore med og sett opp ei ny mast på skipet, og skipperen kjøpte to kanner øl hos gjestgjevaren og skjenkte dei 6 karane som hadde vore med på arbeidet. Sidan kom Einar Humlevik med ein båt og Nils Humlevik og son hans med ein. Etter at dei hadde selt båtane sine til skotten, kjøpte grannane eit krus øl. Likevel var ingen drukne, utanom Sjur Belt som var «sterkt skienket» av skotten. I 4-tida var dei reide til å fara frå Godøysundet, og då gjekk Sjur sterkt «beskienket» i båten saman med vitnet og Indre Humlevik. Sjur la hovudet i fanget på Omund medan Indre rodde. Då dei var komne inn imot Kyrkjesundet, snakka Sjur i søvne og drukkenskap, og med eitt reiv han Omund i håret og sa han hadde i sinne å tyna han. Då Sjur reis opp i båten, tok Omund og Indre og fekk han til ro i skuten. Sidan auste Omund og Indre rodde. Då Sjur atter ville ta tak i Omund, kvelvde båten berre 3-4 famnar frå land. Omund freista berga Sjur med å halda han oppe etter hårgarden, men greidde det ikkje. Indre såg han ikkje noko til. Sjølv vart Omund berga av Hans i Vetla-Gøyo, men hine vart ikkje funne før dagen etter. – Futen ville no ha greie på om ekkja etter Sjur hadde noko klagemål mot Omund. «Hun svarede aldeles nei». Dermed var saka greid. Dei
avlidne fekk «almuens tilsagn om at de ikke var henfaldne til drik eller andet ukristeligt levnet».

Når Sunnhordland fekk eigen tollstad veit ein ikkje, men det må ha vore før 1566-67, av di det som nemnt finst ein rekneskap frå Sunnhordland frå dette året. Før tollstaden på Eldøy vart skipa, laut fartya innom Bergen for å fortolla, men det var nok ikkje fåe som lurde seg undan denne tollen, all den tid dei kunne fara til lasteplassane i Sunnhordland og venda vara si og kjøpa att vara beinveges. Difor vart denne tollstaden lagd midt i innseglinga, so å seia. På det viset får me noko greie på inn og utsegling for utlendingar som gjesta Sunnhordland, endå om desse rekneskapane på ingen måte er fullstendige.

Tollstaden hadde frå fyrst av som oppgåva å visitera skipa og fortolla vara. Skipet skulle òg etter gamalt svara skipstoll, som på Bergens-hamna. For skotteskip som lasta tømmer «i lenene» var tollen 3 rihnske gylden. Seinare kom det andre takstar. Rortollen vart ei tid berre svara av danske og norske skip. Etter tollova av 1602 skulle alle, både norske og utlendingar, gje same toll for trelast som gjekk ut or kongens to rike. Likevel vart det nok enno skipa ut noko som ikkje tollbøkene melder om. Adelen gjorde som dei ville, endå fri-retten deira ikkje vart oppattnya etter 1582.

Adelen i Sunnhordland har nok skipa ut ikkje lite trelast og. Fyrst på 1600-talet budde Erik Otteson Orning til Vatna her, som hadde hatt Håland med Amland som setegard, og på Hovland sat Axel Mowat som rådde over ikkje få av sunnhordlandssagene. Dei var skipssjefar båe og fór sjølve med krigsfloten, men åtte eigne farty. Som nemnt gjev Erik Orning i 1620 si handskrift på at han hadde teke mot ein slump pengar av Axel Mowat til ein kar i Leith. Denne mannen, Ringenn eller Ringell Brun, hadde 8 år før vore med skip i Sunnhordland. Og 8 dagar etter gjev han Axel Mowat ei kvittering på pengar til ein Rodger Mouat i Skottland. Soleis har Orning fare på Skottland i desse åra – men i tollrekneskapen er han ikkje nemnd. l)

Rortollen, skipstollen, sveid nok for dei skotske småskipa, men tollen vart sett ned etter nokre år. «Roertolden» var i 1621 fastsett til 1 rdl. for utanlandske skip for kvar tjuge «læster», medan danske skip svara 1 ort. For å samsvara dette skal nemnast at av dei skipa som kom under land i Tysnes det året var eit på 60 lester, 2), to på 20, fire på 15, eit på 9, 8, 7 og 6.

Eit døme på at det ikkje var billeg å lata skotteskipa stikka til sjøss utan å klarera for toll, ser me og frå 1621. Det heiter under «Sagefald» at «Oluff Hollekim for hand forløffuet et skotteskib ad aff løbe førend hand havde bekommet toldseddel. Gav for sin forseelse 6 rdl». Truleg har det nok vore ein og annan skotten som har kome seg ut utan å svara toll, og det har då både han og bøndene skodd seg på.

Tollen av trelasta frå Sunnhordland har nok gjennom åra sytt for noko innkoma i kongens alltid slunkne kasse. Tollen auka med åra frå 1597-1620.

I 1597 svara skotteskipa denne trelasttollen:
1 tylft deler (bord)   4 skilling
1 tylft 12-alens furebielker  3 sk.
1 tylft 9 alens furebielker 2 sk.
1 tusen baandstager  2 sk.
1 tylft Bachhonner  2 sk.
1 hundred hjeltesperrer 6 sk.
1 tusen knapholt   8 sk.
af 1 baad    4 sk.
1 tølft Bekerholt   2 sk.

1) Næss: Shl. 1919. 2) Ei lest tykkjest ha vore på ikr. 2 tonn.

I 1621 har Sunnhordlandstollaren «annammet udi saa maade som følger»:
1 tylt bord     6 skilling
1 tylt 12 alen Bielker          12 sk.
1 tylt 9 alen Bielker   8 sk.
1 hundre Jeltesperrer   1 mark
1 tylt store Bierketreer  4 sk.
1 hundre straa legter          12 sk.
 hundre steen legter   1 mark
1 sexæringsbaad   1 mark
1 feerings baad             1/2 mark
1 tusen baandstager   5 sk.
1 favn brendeved   4 sk.

Tollen har som me vil sjå, stige noko i desse 20 åra. Før 1621 var det i 1 Riksdalar 4 mark og 74 skilling. Største stiginga er på hjeltesperrene, og dei 12-alnes bjelkane her har tollen stige tredubbelt og firdubbelt.

Tollstaden i Sunnhordland vart nedlagd ved kongeleg plakat 1753, etter at bergensborgarane hadde klaga og med rette eller urette freista synt at det vart drive mykje smugling i Sunnhordland.

Tollrekneskapane er svært knappe med heller få opplysningar. Men dei turre tala gjev oss likevel kulturelle opplysningar av rang. Liv og levemåte stig fram når me granskar inn- og utførsla. Her er nokre utdrag frå tollistene i 1621-22:

24. april kom skipper Joen Gregh af Fresselborg (Fraserburgh i
Skottland, med sit skib ved Fladerager, omtrent 20 læster.
Udførte:
20 tylter bord (toll 1 dl. 1 ort.
4 tylter 12 alen Bielcher 1/2 dl.
16 tylter 9 alen Bielcher 1 dl. 1 ort 8 sk.
2 000 baandstager 10 sk.
2 fafne brendeved 8 sk.
Roertold betalt i Bergen.
Afløb 6. mai.

Den 19. mai ankom skipper Andro Adamsen aff S:monnes (St.
Monens i Skottland), med sit skib til Baarsund, drægtig 10 læster.
Udførde:
4 tylter 12 alen Bielker 1/2 dl.
8 tylter 9 alen Bielker 1/2 dl. 16 sk.
3 000 baandstager 15 sj.
3 favne brendeved 12 sk.
Roertol 1/2 rdl.
Afløb 26. mai.

Den 31. mai kom skipper Joen Petters af Dundj (Dundee i Skottland), til Studsvig, dregtid 7 lester.
Udførde:
8 tylter bord 1/2 dl.
4 tylter 12 alens Bielker 1/2 dl.
4 000 baandstager 20 sk.
6 fafne brendeved 1 mark
4 tylter 9 alens Bielker 1 mark 8 sk.
Roertold 1 mark 10 sk.
Afløp 9. juni.

Den 6. mai kom skipper Joen Rambse af Freselbrog i Skottland til Baarsund, drægtig 15 læster, fortoldet dito.
Indførde:
10 tønder korn 13 rdl. 1 ort, 8 sk.
100 alne lerret 8 rdl. 1 ort, 8 sk.
6 par skor 1 1/2rdl.
6 ullenskjorter 2 rdl.
Udførde:
50 12 alens Bielker 1/2 rdl. ort.
150 9 alens Bielker 1 rdl. 1 ort.
2 000 baandstager 10 sk.
4 favne brændeved 16 sk.
Roertold 3 ort.

24. juni ankom skipper Joen Hendrichsen aff Orkenøe med sit
skib til Unnerem, dregtig 6 lester.
Udførde:
10 tylter bord 21/2 mark.
2 tylter 12 alens Bielker 1 mark.
3 tylter 9 alens Bielker 1 mark.
1 sexering 1 ort.
2 feringer 1 ort.
Roertold betalt i Bergen.
Afløb den 6. ditto (juli)

24. juni ankom Niell Clitter off Jetland med sit skib til Gudøesundet. Dregtig 10 lester.
Udførde:
4 sexeringer 1 rdl.
4 feringer 1/2 rdl.
7 tylter 9 alens Bielker 1/2 mark 8 sk.
4 tylter bord 1 mark.
2 tylter Recker 8 sk.
1 000 baandstager 5 sk.
Roertold betalt i Bergen.
Afløp den 7. ditto (juli).

Den 16. juli kom skipper Jacob Jansen af Stralsund (Tyskland)
med sit skib til Skorpesunde, dregtig ungefeehr 60 lester, som Hans
Kregh af Gripsuold hafde fragtet.
Udførde:
70 tylter bord 4 rdl. l 1/2 mark.
8 tylter 12 alens Bielker 1 rdl.
16 tylter 9 alens Bielker 1 rdl. 1 mark 8 sk.
800 baandstager 4 sk.
6 fafne brendeved 1 mark.
Roertold 1 mark.
Afløb 26. juli.

Av desse utdraga er det råd å sjå at fartya kom både frå Tyskland, Skottland, Orknøyane og Hjaltland (Shetland). Men tollrekneskapen for 1621 fortel at i alt 70 farty henta trelast i Sunnhordland det året. Av desse var ikkje mindre enn 49 skotske og eit farty i frå Bergen var frakta av ein skotsk skipper. So var det 2 farty frå Orknøyane og 5 frå den norske utbygda Hjaltland, som enno i desse tider hadde mykje hopehav med Vest-Noreg. Det var her Else Tronds nokre år før vitna å ha erverett til gardar som truleg hadde vore i Haar-ætta i lange tider.

Av dei skotske byane som dreiv handel på Sunnhordland i desse åra var serleg Aberdeen, Arbroath, Banff, Dundee, Dysart, Fraserburgh, Kirkcaldy, Largo, Leith, Montrose, Musselburgh, Pettenwems, St. Andrews og St. Monens.

Skotske skip som gjesta Tysnes 1600-1628 kom frå desse byane: Dundee, Montrose, Leith, Faserburgh, Banff, St. Monens, Pettenwems, Aberdeen, Arbroath, Muroch (?). Preston og mogeleg nokre til. Dei fleste skipa kjem frå Dundee, Fraserburgh, Leith og Pettenwems. Hetlandsfartya fer gjerne til Godøysundet lasteplass, ein tradisjon som heldt seg. Frå Orknøyane kjem ikkje so overlag mange. Men tysk/nederlandske båtar er ofte nemnde, soleis frå Stralzund, Hindelopen og andre stader. Desse fartya er gjerne større, medan skotteskipa jamt over er små.

Ein slik utanlandstrafikk måtte føra med seg ikkje liten gjensidig kulturpåverknad. Ymist nytt utanfrå vart kjent gjennom skotteferdene. Rettnok finn ein ikkje noko særs som vitnar orn åndeleg påverknad, men di meir fremja skottehandelen dei sosiale tilhøva ved å gjera sunnhordlendingane kjende med nye ting og varer utanfrå. – Det nære sambandet mellom bygdefolket og utlendingane må difor ha sett sine merke. I seinare tid tykkjest utlendingane ha lege i vekevis i bygdene, og det er råd å sjå at dei same gjerne kom att år etter år. Det vart kjennskap og skyldskap med.

Vanlegvis tok ikkje sjøvegen mellom Vest-Noreg og Skottland so lang tid. Det var sjølvsagt skilnad på kva slag båtar det var. Dei skotske pinkene var ikkje store, men hadde fartya to eller tre mastrer kunne dei gjera bra fart, når berre vinden var lageleg. Det heiter i eit brev frå Kristofer Orning i 1652, då han var vel heimkomen frå ei Skottlandsferd: «Vi var 7 dage derhen og 3 dage hid igjen..» Det var soleis ikkje noko lang ferd skottane hadde når dei skulle heim att med lasta si, etter bytehandelen i Sunnhordland og andre stader. Men sjøen kunne vera ein fårleg veg likevel stundom. Skottane hadde ikkje berre alle restriksjonane, både her i landet og i sine eigne heimbyar, å stri med. I desse tider var sjørøvinga òg ei stor plaga for den fredelege skipsfarten. Ikkje so å skjøna at det berre gjekk utover Skottane, dei var ikkje alle mors beste born, når det galdt sjørøving. Sjøplyndringa kom seg gjerne av ufred mellom dei ymse landa.

I hundradåret før hadde ikkje nordmennene vore noko betre. Det gjekk mykje føre seg i dei tider Olav Engelbrektson laut røma landet.

Ein gong skriv soleis Jacob den femte av Skottland til Kristian den tredje og klagar over at to skotske undersåtter er vortne tekne med sine skip «af en sjørøver, en viss Christophorus Druntsen. Men så fikk denne sjørøver samvittighedsskrupler og foretrak under skin af en uretferdigere retferdighed at opnaa det han kunde vinde med vold». Han selde skipa åt skottane i Antwerpen, og sette folka sjølve i land på Lista. Denne piraten var ingen annan enn adelsmannen frå Sunnhordland, og far til Elsa Tronds i Gjersvik, Kristofer Rustung. Om skottane var utan skuld får me ikkje greie på.

Utetter på 1500-talet og fyrst på 1600-talet heldt kapring og sjørøving fram, alt etter krig og uro i landa. So vart det då etter langvarig uvenskap og strid om herredømet på sjøen til slutt krig mellom England og Holland. I denne krigen kom Skottland og med, det vart i 1654 innlema i England. Og no tok den skotske kapringa til på ny. Utanfor Bergen fór soleis ein skotte med eit lasta Bremerskip. Nokre år seinare kom eit norsk farty seglande frå Holland, men på Bømlafjorden stakk ein skotsk kaprar inn og tok skip og last. Det var ikkje under at Edvart Edvardsen i sin «Bergens Beskrivelse» seier om skottane som tidlegare hadde handla mykje på Bergen: «Ikke destomindre haver vi udi disse tider befundet stor utaknemlighed af dennem, saa at aldrig haver deres konge nogen uenighed med andre herrer og potentater, at jo Bergens borgere paa deres skibe og gods lide stor skade, idet de ligge for landet med deres kapere, og ej alene berøve vores skibe, men ganske borttage dennem, endog vores folk ere neutralister og med hverken af siderne haver at skaffe, saasom det udi de sidste hollandske og engelske krige altfor sandfærdig er fornummet endog udi det løbende aar 1672».

Det underlege er at den skotske trelasthandelen på Vestlandet heller auka enn minka trass i slike tilhøve. Like underleg kan det tykkjast at det ikkje spela inn på sunnhordlendingane sine tilhøve til skottane. Det er som dei fullt og heilt har stått på utlendingane si led.

Ei av årsakene til dette var tilhøva mellom bygdefolket og bergensborgarane. Det var ikkje alltid godt. Skottehandelen hadde røter fleire hundradår attende, og Orknøyane og Shetland eller Hjaltland, som no var komne under Skottland, hadde tidlegare nasjonale band knytte til dei vestnorske fjordane, det same galdt tradisjon og ætteband.

Men skottane hadde og gjennom hundradåra fare på Bergen, og her var dei etter kvart vortne rike og mektige. Dette hadde tidleg skapt eit dårleg syn på skottane, som eit nidvers frå 1500-talet vitnar om. Det heiter der at «Rotter, skotter, hollendere og deslige fordærver allevegne, – hvor de er kan intet trives».

Hanseatane dominerte i Bergen ved slutten av 1500-talet, men det gjorde dei på ingen måte i bygdene kring byen. Av rekneskapa har me sett at berre ein tredjedel av fartya som seglde på Sunnhordland i trelasttraden kom frå Hansabyane eller frå Holland, og bøndene handla med tyskarane på like fot. Tidlegare hadde nok hanseatane sitt borgarskap hatt ein del å seia for våre bygder med omsyn til avtaking av varer og handel. Her kom skottane kjærkomne inn i staden og kunne by både reide pengar og varer. Bergensarane ville heller ikkje betala husavyrket etter dagsens pris, men søkte om å få tømmeret etter den pris som frå gamalt hadde vore. sikt skulle ikkje gjera bøndene
blidare. Etter 1610 minka den tyske handelen av. Etter 1610 minka den tyske handelen av.

Eit anna tilhøve spela og inn: Rett som det var hende det at det vart lauseld i Bergen, soleis i året 1561. Dermed vart det sett forbod om sal av tømmer til utlendingar nordanfor Mosterhamn – eit forbod som sjølvsagt måtte råka Tysnes hardt, som med sine mange lasteplassar var van med å venda si vara til skottane. Bergensarane ville heller ikkje betala husavyrket etter dagsens pris, men søkte om å få tømmeret etter den pris som frå gamalt hadde vore. Slikt skulle ikkje gjera bøndene blidare.

Kring 1620 vart utførsla òg stagga noko etter to nye Bergensbrandar. Det galt atter om tømmer til oppbyggjing. Mykje tømmer vart levert til byen frå skogrike sunnhordlandsbygder. Kvinnherad vart reint snauhogge, skriv Espeland.

Styremaktene si stoda til skottehandelen ymsna mykje. Dei ville gjerne tena pengar på sagbruka og skottehandelen, men freista òg stundom å tekkjast borgarane i kjøpstaden. Me har nemnt «deleskattell» frå 1663 som kom i tillegg til tiend av dei skorne borda. Det var kongen som trong skjeling att. Sagene skulle no gje skatt etter bordtalet dei var sette til. Dette vart omhausten kunngjort på tinget. Men ikkje alle var klår over dette, og somme let betalinga vera. Sidan vart då folket stemnde til tings. Somme bygdelag hadde ikkje selt so mykje, men i Tysnes stod til rest 42 rdl. Folk flest tykte ikkje dette var rett, dei visste ikkje betre. Men tollar og skrivar meinte noko anna.

Ikkje berre tienda skulle inn, men pengane dei hadde selt for og. Nokon fekk ilagt sylvskatt for mulkten. Til endå meir straff skulle no mesteparten av dei gamle lasteplassane «vorde afskaffeb». I Tysnes skulle dei berre ha Humlevik att. Det tykkjest likevel som tollaren, Andreas Rasmusson Rasch, har fare fram ut frå meir personlege motiv, for straks han var ferdig med  heile oppstyret, vart det tinglese brev frå kongen til generaltoldforvalteren vestanfjells, der det heitte at ein måtte «gjøre flid, indbyggerne med gode raad og tjenlig anvisning at gaa tilhaande om dele- og trælasttienden… » Dermed nytta det ikkje for tollaren å bruka hardt. Snart var flest alle hamnane i bruk som før.

Skottehandelen reduserte nok bergenshandelen med bygdene ikkje lite, og denne handelen ville kjøpmennene ikkje godviljug sleppa frå seg. Dei søkte herredagen i 1631 om forbod mot at bygdene kjøpte av utlendingane, seier Næss. Men herredagen slo på at handelen var lovleg. Ulovlege tilhøve fekk ein gå rettens veg med.

Kjem me so fram til byrjinga av einevaldstida i 1660-åra reiser det seg sterke røyster mot utanlandshandelen på bygdene som landet leid skade av, heiter det. Tollstaden i Sunnhordland bør òg leggjast ned. Dei får eit visst medhald i dette, dei bymennene som gjerne ville ha eineretten til trelasthandelen, og no skulle ein tru skottetida var ute. Det vert ikkje soleis. I åra etter lasta skotteskip her, endå om det minkar med tollen. Elles er det uvisst om sunnhordlendingane hadde fått større kjennskap til desse kongebreva.

I juni 1665 vert dette retta på. Då er lensmennene og dei svorne lagrettemennene i Sunnhordland kalla saman i Flakkavåg, og etter tingboka vart det då her kunngjort kongebrev frå april same året, og no skulle det ikkje lenger vera tvil: Bøndene skulle «al trælast og deler til borgerne levere, som skal have førstekjøb, og skal bønderne til dem i stedet for 10 stykker eller 10 tylvter levere 11 trær og 11 tylvter». På det viser vart tienda betalt samstundes.

Den nye skipnaden kom noko brått. Korkje kongen eller bøndene tente noko, heller tvert om, for i 1666 er det berre 4 bergensskip som lastar i Sunnhordland. Den nye skipnaden vart difor omlagd noko, og det ikkje til bate for byborgaren. Her etter skulle borgarane gje bonden lika for trelasta, og henta ho der det høvde bonden. Like eins skulle dei gje ei sømeleg betaling – eller so kunne bonden selja til framande. På dette viset måtte dei gamle tilhøva med utanlandshandel koma att – og skottehandelen blømde som før. Det synte seg atter at kongen laut tenkja meir på kva som gav pengar i kassa, enn kva borgarkjøpmennene krov som eigenbate.

Tilhøva til byen vart ikkje mildare i tida som kom. Det syner uroa kring forordningen frå 1682 som er nemnt under sagbruka. Forordningen gjekk som kjent mellom anna ut på at alle sager som ikkje låg lenger enn 5 mil frå Bergen, skulle nedleggjast. Me veit denne saka enda med at borgarane sin eigen kommisjon fann sagene jamnast so små at dei ikkje kunne vera borgarane «til skade». Det var klårt at kravet om nedleggjing av sagene for byborgarane si skuld, huga bøndene ille. Då kommisjonen fór i kring og skulle granska tilhøva, opplyste eigaren av Humleviksaga m.a. at «saugen er ved fem mile fra Bergen og kand intet være til nogen skade -».

Det er klårt at alt dette styrkte tilhøvet til skottane, og dei kom då att år etter år. Men det ymsna mykje med tal på farty. I ufredsåra 1701-14, under den fransk-engelske ufreden, gjekk ferdsla mykje ned. I ein merknad for 1712 som òg Næss nemner, heiter det at skottane helst fór her vinterstid «af frygt for de franske capere». Ein del Bergensskip hadde no teke opp farten vestover, dei var større enn skottebåtane.

I 1716 er det omsnutt att, då kjem her 50 skotteskip. Det tykkjest som bergenskjøpmennene har forlist skipa sine under krigen som då gjekk laus med Sverike. 1719 er eit «rekordår», då 91 skotske, 7 engelske og 3 norske farty henta trelast i Sunnhordland. 16 hollandske « byser» var og innom her etter trelast og hummar. Det var serleg ytre Shl. som førde ut hummar.

Skottehandelen spenner over ei lang tid i soga vår. I midten av det 18. hundradåret var handelen med utlendingane framleis stor ved somme av lasteplassane. Frå Godøysund og Neshamn gjekk det i 1751 ut 20 tylfter bord, 208 t. furetømmer. 360 t. smålast av ymse slag. Like eins 20 t. plogtre og 40 båtar. Tysnesingane hadde ikkje gløymt sine gamle kunster.

Gjennom hundradåra stod skottehandelen for folket her som noko dei ikkje kunne missa. Innanlands var det helst trong om tømmer etter lauseld i byane, difor kom det vel med å ha faste kjøparar. Skottane hadde pengar og vara. Skattane vart pålagde gong etter gong på 1600-talet, og pengar var elles sjeldan vara. Det er som det vert sagt i ei bygdevisa frå Sunnhordland (Hatlestrand) at folket har vondt i vente, «for kjeme kje skotten te lande i år, so inkje bjelka me selja får»