Takk for trufast medlemskap, eit medlemskap eg vonar du vil ha nytte av! Ekstra takk til dei som tok turen til Stalheim i høve Lokalhistoriske dagar og årsmøtet i regi av regionslaget. Nokre fleire lokallag var representerte i år enn før. Neste år vonar eg fleire vert med!
Tida er inne for å betala medlemspengar, kr 10 per medlem med minumum sum kr 500 og maksimalt kr 5000.
Ver gild og betal til brukskontoen vår 36325722899, innan 30. juli 2024.
Kvittering kjem på kontoutskriftet til den enkelte. Det vert ikkje sendt eigen faktura då det er fordyrande. Send meg også informasjon om antal medlemer, gjerne som melding ved betaling. Du skal berre betala medlemspengar for betalande medlemer. Har det vore endringar i styreverv er det viktig å gje melding om dette.
Ver du helsa frå Hordaland sogelag v/styreleiar Anne Liv Soldal
Til stades: Anne Liv Soldal, Sigmund Simmenes, Kjell Alvheim og Ågot Gammersvik Forfall: Knut Farestveit
Sakliste:
1. Konstituering av nytt styre
Styreleiar: Anne Liv Soldal Nestleiar: Sigmund Simmenes Referent: Ågot Gammersvik Styremedlem: Knut Farestveit Styremedlem: Kjell Ingar Alvheim Varamedlem: Nils Arne Ekerhovd Varamedlem: Gunnar Strand
Vedtak: Forslag vedtatt som framlagt ved styreleiar.
2. Evaluering av årsmøtet
Dette årsmøtet kunne vore betre strukturert og betre førebudd.
Det kom gode tilbakemeldingar på innleiande runde med presentasjon av alle delegatane og kva lokallag dei representerte.
Delegatane var også nøgde med val av stad og innhald i dei lokalhistoriske dagar på Vossestrand.
Forbetringspotensiale når det gjeld:
Årsmelding kan gjerast fyldigare og med foto
Handlingsplan må settast opp tydelegare og gjerne med meir informasjon
Framlegg til val kan settast opp meir oversiktleg
Det må gjerast tydeleg i handlingsplanen kva som er kurs og kva som er studietur.
Vedtak: Styret følgjer opp med forbetring av førebuing av årsmøte 2025. Sigmund lagar framlegg til årsmelding, og Ågot lagar framlegg til oppsett for handlingsplan med foto.
3) Eventuelt
Reiserekning og utlegg må sendast Anne Liv snarast.
Vossestrand sogelag betalar for heile kulturprogrammet båe dagar.
Dei betalar og for lunsjen på Vossestrand hotell sundagen. Utsendingane betalar berre for maten på Stalheim hotell laurdagen. Påmeldingsfrist til annelivsol@gmail.com, telefon 90941272, vert sett til 28. april 2024
Tidlegare har deltakarane betalt inn til Hordaland sogelag ved påmelding og så har vi betalt samla for kulturprogrammet m.m. Trygve Dugstad på Stalheim gjer opphaldet rimeleg for oss.
Utsendingane tingar rom direkte på hotellet, telefon 56520122. @-post trygve@stalheim.com.
Lokallaga betalar direkte til hotellet/hotella etter oppgjevne prisar.
PROGRAM:
Laurdag 11. mai Kl. 12.00: Frammøte med innsjekking og lunsj på Stalheim hotell. Velkomsthelsingar. Kl. 13.00: Omvising på Stalheim museum v/Trygve Dugstad. Dei som vil, kan gå ned til minnesteinen for Per Sivle øvst i Stalheimskleivi. Kl. 16.00: Trygve Dugstad fortel om kunstverka på Stalheim hotell og anna om hotellet si soge. Kl. 17.30: Musikkinnslag og verbale innslag m.a. om Per Sivle v/Gudmund Furu m/fl. Kl. 19.00: Festmiddag på hotellet. Kulturelle innslag.
Sundag 12 mai Kl. 09.00: Frukost Kl. 10.30: Årsmøte på hotellet Kl. 12.00: Etter utsjekking køyrer me til Oppheim kyrkjegard der me vitjar «Mor si grav». Kl. 13.30: Frammøte ved minnesteinen for spelemannen Sjur Helgeland i Myrkdalen. Kl. 14.00: Lunsj på eit hotell i Myrkdalen. Folkemusikk v/lokale musikarar. Kl. 16.00 Heimreis.
Ver velkomen til ei minneverdig helg! For Hordaland sogelag Anne Liv
Me har hatt 4 styremøte, det første på Askøy like etter årsmøtet for 2023. Der fordelte me rollar internt i styret. Leiar, Anne Liv Soldal, var attvald for 1 år på årsmøtet. Elles held alle fram i rollane sine; Knut som nestleiar, John Ernst som kasserar, Ågot som skrivar og Sigmund som styrelem. Mikal Heldal fekk attval som 1. vara og han er trufast med på styremøta våre. Han har også vore representanten vår på møta haust og vår i regi av Landslaget for lokalhistorie. Kjell Ingar Alvheim har halde fram som 2. varalem til styret. Me planla kurs, studietur og komande styremøte.
Det andre styremøte, 24. august, kombinerte me med kurs der Hedvig Ølmheim stod for regien (15 møtte) på Vestlandshuset i Bergen. Diverre vart kasseraren vår alvorleg sjuk like etter årsmøtet. 24. august formaliserte me ei ny rollefordeling internt i styret der Knut vart kasserar, Sigmund lestleiar og tidlegare kasserar vart styrelem.
Komande årsmøte og lokalhistoriske dagar var lagt til Vossestrand sogelag så me fekk eit styremøte der 22. september før vintersesong og «dvaletid» for Stalheim hotell. 20. februar fekk me rydda tid og plass for eit styremøte i Bergen.
Referat frå styremøta er å finna på heimesida til regionslaget. Om me skal ha fleire møte før «dvaletida» er over er uvisst, men høve til kontakt internt i eit styre samansett av dugande og pliktoppfyllande medarbeidarar er enkelt og alltid «på nett», «på tråden» ..i alle fall PÅ.
Sommerakademiet inviterer til historisk tur i Vesterleid.
SHETLAND. ”Kultur og Historietur” Shetland, eit samfunn vi har mye til felles med. Tidspunkt: 25.mai – 1.juni. 2024 Avreise frå Bergen med fly Sommerakademiet inviterer til historisk tur i Vesterleid. Vi besøker Shetland, dette øy samfunnet vi har så mye til felles med. Tema for turen er historie og Shetland som samfunn. På denne turen til Shetland har vi med Kristin Prestvold som historisk guide foruten Karin Flatøy Svarstad, leiar av Sommerakademiet som turleder, Karin har lang røynsle og god kjennskap til øyane i Vest. Kristin Prestvold er arkeolog og jobbar til dagleg med kulturminner i Trøndelag Fylkeskommune. Ho har stor kunnskap om historia og kulturminner på Shetland og brenn for å formidla dette. Ho har reist i Vesterleid i mange år for å studera og kartleggja arkeologiske funn og historie. Ho har skrive boka «Oppdag Vesterled» som omhandlar historiske kulturminner, et must å ha om ein tenkjer å reise i Vesterlid til Shetland. Les meir om turen her.
Referat frå styremøte i Hordaland sogelag 26. mars 2023 Tid: 26. mars kl. 10.30 til 11.00 Stad: Biologen Hotell, Herdla Til stades: Anne Liv Soldal, Knut Farestveit, John Einarsen, Mikal Heldal, Kjell Alvheim, Sigmund Simmenes og Ågot Gammersvik
SAKLISTE:
Konstituering av styret Anne Liv Soldal, styreleiar, vald av årsmøtet Knut Farestveit, nestleiar John Einarsen, kasserar Ågot Gammersvik, skrivar Sigmund Simmenes, styremedlem
varamann: Mikal Heldal
varamann; Kjell Ingar Alvheim Vedtak: Konstituering som framlagt.
Kurs i fotoarkiv Styreleiar følgjer opp vedtak frå årsmøtet og tek snarleg kontakt med Hedvig Ølmheim i Sogn for å finna dato, tid og stad for kurs i fotoarkivering denne våren. Vedtak: Som framlegg.
Planlagt tur til Isle of Man Knut Farestveit og Sigmund Simmenes føljer opp tur til Isle of Man 21.-25. august 2023. Manglar 6 fleire påmelde for å gjennomføra tur. Frist måndag 27. mars. Vedtak: Saka vert følgd opp.
Utsending frå Hordaland Sogelag til Landslaget sitt årsmøte Vedtak: Sigmund Simmenes representerer Hordaland Sogelag på Landslaget sitt årsmøte i Tønsberg i mai 2023.
Framlegg om gjennomgangskontingent til Landslaget sitt årsmøtet 2023 Styret følgjer opp framlegg frå Årsmøtet om å leggja fram forslag om gjennomgangskontingent på Landslaget sitt årsmøte 2023. Det må presiserast at det er snakk om å søkja kompensasjon pr. medlem, ikkje momskompensasjon som mange har oppfatta. Vedtak: Sigmund Simmenes og Ågot Gammersvik får i oppdrag å laga framlegg til tekst. Dette vert å senda styret til vidarehandsaming/godkjenning på e-post. Arbeidet må i gang straks, då ein har kort frist på innsending av saker på Årsmøtet 3-4. mai 2023.
Her fygjer ein artikkel skriven av Torbjørn Dall-Larsen som også står for bileta. Referat m.m. frå årsmøte vert publisert seinare på nettsida
I strålende sol møtte nærmere 40 deltakere opp til Årsmøtet og Kulturhistoriske dager på Herdla museum, av Torbjørn Dall-Larsen.
Arrangør dette året var Askøy museumslag. Leder for museumslaget, Torbjørn Dall-Larsen ønsket velkommen og kunne beklage at omvisningen på Kringkastningsmuseet måtte avlyses. De hadde nå pakket ned sitt materiale på grunn av oppussing av lokalene.
Rosalind Fosse, leder for Avdeling for oppvekst og kultur i Askøy kommune ønsket deltakerne velkommen på vegne av kommunen. I talen fremhevet hun betydningen av det frivillige arbeidet som historielagene driver for å ta vare på vår kultur og lokalhistorie.
Etter en betasuppe-lunsj orienterte leder for Herdla museum, Gunnar Furre, om Herdla og om museet som er en del av Museum Vest.
Turen gikk så til Torpedobatteriet, og underveis passerte vi minnesmerket etter skipsforliset til emigrantskuta ”de Zee Ploeg” i 1817. For interesserte anbefales det å lese om dette forliset på nettstedet https://no.wikipedia.org/wiki/%C2%ABde_Zee_Ploeg%C2%BB Gunnar Furre ga en fin omvisning i Torpedobatteriet, et imponerende anlegg som nå er et meget spesielt museum.
Vel tilbake i museets lokaler viste naturveileder Lars Ågren film og orienterte om arbeidet med å ta vare på vipebestanden på Herdla Så fulgte befaring i museets samlinger hvor det havarerte tyske flyet ”Gul 16” fra 2. verdenskrig imponerte.
I Herdla kirke fra 1863 holdt Erling Virkesdal en orientering om kirkene på Herdla.
Overnatting var på det nyrestaurerte hotellet «Biologen» hvor vi hadde middag og årsmøte neste dag. ”Biologen” var tidligere en biologisk stasjon for Universitetet i Bergen. Under middagen fikk vi meget fin underholdning: Nora Amanda Gundersen fremførte spansk musikk på klassisk gitar.
Detaljer fra årsmøtet er å finne i referatet fra møtet.
Etter årsmøtet og utsjekking søndag gikk turen til Strusshamn hvor Helge Holmedal, Harald Brynjulfsen og Torbjørn Dall-Larsen viste rundt i museumlagets samlinger i «Sjoddien». Her ble det så servert lunsj (lapskaus) og kaffe med kringler. Erling Virkesdal holdt et foredrag om Strusshamn før lederen i Askøy museumslag, Torbjørn Dall-Larsen, takket for fremmøtet og ønsket alle vel hjem.
Deltakerne på arrangementet uttrykte stor tilfredshet med arrangementet, sikkert påvirket av det gode været
Årsmøte og lokalhistoriske dagar på Askøy 25. og 26 mars 2023
§5 Årsmøtet. a.) Årsmøtet er øvste styringa for laget og bør haldast innan utgangen av april i samband med det lokalhistoriske møtet for Hordaland. b) Kvart medlemslag har rett til 1 utsending når medlemstalet er under 100 medlemer, 2 utsendingar når medlemstalet er mellom 100 og 200 medlemer osv. Alt rekna etter medlemstal frå førre år. Ikkje noko lag har rett til fleire enn 5 utsendingar. Kvar utsending har ei røyst. c) Skriftleg innkalling til årsmøtet skal sendast medlemslaga seinast 3 veker før årsmøtet. Saker som medlemslaga vil ha handsama på årsmøtet, må vera innkomne til styret innan 1.mars. d) På årsmøtet skal handsamast:
Årsmelding.
Revidert rekneskap.
Innkomne framlegg.
Fastsetjing av medlemspengar.
Handlingsplan
Budsjett
Val
Lokalhistoriske dagar på Askøy ved Askøy historielag
Laurdag 25, mars Kl. 12.00 Herdla museum, Herdla Mottaking og servering av lunsj Kl. 13.00 Orientering om Herdla museum Omvising i museet og torpedobatteriet, krigsminne frå 2. verdskrig og dagens bruk Vandring i fritidsparken med fuglereservat Kl. 17.00 Innsjekking «Biologen», Herdla Kl. 19.00 Middag på «Biologen»
Søndag 26,mars Kl.09.15 Årsmøte Hordaland sogelag
Utsjekk «Biologen»
Kl.11.00 Avreise Herdla
Kl.11.30 Besøk Bergen Kringkaster, samling i Grensedalen, Erdal
Kl.13.00 Lunsj på Sjoddien i Strusshamn
Omvising samlingane i Sjoddien og verna miljø i Strusshamn
Kl.16.00 Kaffepause og avslutning
ÅRSMELDING FOR ARBEIDSÅRET FRÅ ÅRSMØTET 2022 TIL ÅRSMØTET 2023
Styret har hatt 4 styremøte:
Møte 1 Eidfjord like etter årsmøtet,27. mars på der vi fordelte rollar i det nye styret og gjekk gjennom handlingsplan og vedtekter.
Møte 2 På Bergenhus festningsmuseum 16. juni det vi gjekk grundig igjennom vedtektene og handlingsplan , oppfølging frå møtet i mars. Nestleiar Mikal Heldal refererte frå Regionsleiarsamlinga på Gardermoen 7. mai..
Møte 3 I Bergen i samband med fellesmøte og omvising med Laksevåg Kulturhistoriske forening på Laksevåg. Handlingsplanen og medlemslistene er oppdaterte (her var mykje feil) og nyansane §§ i vedtektene må rettast i samsvar med noverande situasjon. Me er regionslag i Vestland fylke. Hordaland sogelag er ikkje fylkesdekkande , omfattar berre Hordaland, tidlegare Hordaland fylke.
§2 Medlemskap. Regionale og lokale sogelag og tilsvarande organisasjonar innan Hordaland fylke kan vera medlemer i laget. Dersom det er tvil om ein organisasjon kan verta medlem, avgjer årsmøtet spørsmålet.
§3 Organisasjon. Hordaland sogelag er ein fylkesdekkjande organisasjon som gjerne samarbeider med andre lag og organisasjonar med same føremål, men har som hovudoppgåve å styrkja samarbeidet mellom medlemslaga og skal representera dei i saker av sams interesse.
§4 Verksemd. Hordaland sogelag kan ta på seg oppgåver som best kan løysast på fylkesnivå, slik som kurs, seminar, kjeldepublikasjonar m.m. Saman med eitt eller fleire av medlemslaga står laget som tilskipar av det årlege ”Lokalhistorisk møte for Hordaland”.
Framlegg til oppdatering
§2 Medlemskap. Regionale og lokale sogelag og tilsvarande organisasjonar innan tidlegare Hordaland fylke kan vera medlemer i laget. Dersom det er tvil om ein organisasjon kan verta medlem, avgjer årsmøtet spørsmålet.
§3 Organisasjon. Hordaland sogelag er eit regionslag i Vestland fylke som gjerne samarbeider med andre lag og organisasjonar med same føremål, men har som hovudoppgåve å styrkja samarbeidet mellom medlemslaga og skal representera dei i saker av sams interesse.
§4 Verksemd. Hordaland sogelag kan ta på seg oppgåver som best kan løysast på regionsnivå, slik som kurs, seminar, kjeldepublikasjonar m.m. Saman med eitt eller fleire av medlemslaga står laget som tilskipar av det årlege ”Lokalhistorisk møte for Hordaland”.
Møte 4 18. januar 2023 i Strusshamn på Askøy i samband med planlegging av årsmøte og lokalhistoriske dagar i regi av Askøy historielag.
Her finn du ei anvisning korleis du skal finna fram til dei ymse møtestadane
Lørdag: Til Herdla.
Herdla ligg heilt på nordspissen av Askøy. Frå Bergen sentrum følgjer du Rv 555 i retning Askøy/Sotra til Storavatnet. Her tek du av på Rv 562 som du følgjer over Askøybrua og vidare heilt til Herdla, ca. 25 km fra Askøybrua. Når du har passert Herdlebrua (smal), held du fram ca. 500 meter før du svingar til venstre mot Herdla fort. På fortet er det offentleg parkeringsplass og toalett. Frå parkeringsplassen ser du den store lyse bygningen der museet held til. Køyretid med bil frå Bergen sentrum er ca. 45 min.
Søndag: Til Radiomuseet. Adresse: Grernsedalen 59, Erdal, Askøy.
Kjør sørover mot Kleppestø. Ta av til venstre ved skilt merket Erdal (ca 20 km). Etter passering av 50 kmt-skilt kommer et hagesenter på venstre hånd,. Ta av på sidevei til venstre ca 50 meter etter hagesenteret og hold mot høyre. Ta sidevei til venstre etter ca 4-500 meter.
Til Askøy museumslag. Adresse Lyngnesset 2, Strusshamn.
Kjør tilbake til Rv 562 som dere kjørte på fra Herdla. Fortsett i retning Kleppestø til rundkjøring hvor dere tar av i første avkjøring. Neste rundkjøring følger umiddelbart, ta 3. avkjøring og ned bakken. Passer Strusshamn skole på høyre hånd, kjør bent frem i neste kryss og innpå parkeringsplass like etterpå.
Hordaland Sogelag inviterer til årsmøte og lokalhistoriske dagar på Askøy ilag med Askøy museumslag.
Overnatting Overnatting på Biologen Hotell Herdla må alle bestilla sjølv direkte til: mobil 940 00 968 Opplys ved bestilling at det er i forbindelse med Lokalhistoriske dagar Overnatting inklusiv frukost: enkeltrom kr. 1690, dobbeltrom kr. 1145 (pr. pers.)
Deltakaravgifta kr. 955 dekkar inngangsbillettar, lunsj, kaffi og festmiddag. (Kasserar i Hordaland sogelag sender rekning for deltakaravgift til laga i etterkant)
Laurdag 25, mars Kl. 12.00 Herdla museum, Herdla Mottaking og opning ved Rosalind Fosse, utvalgsleiar for oppvekst og levekår. Servering av varm lunsj, betasuppe med flatbrød Kl. 13.00 Orientering om Herdla museum ved leiar Gunnar Furre Omvising i museet og torpedobatteriet, krigsminne frå 2. Verdskrig, og har vore i bruk opp til vår tid. Kl. 16.00 Omvising i Herdla kyrkje (1863) av historikar Erling Virkesdal Kl. 17.30 Innsjekking Biologen Hotell Herdla
Kl. 19.00 Middag på Biologen Hotel
Herdla museum
Flyplassen fra 2. verdenskrig
Den lune hamna i Strusshamn la grunnlag for bygging av gjestgiveri på 1700-talet. Her var kyrkjestad, fiske, handel, mølle, sjoddifabrikk og anna aktivitet som har gitt bygda ein rik historie.
Søndag 26. mars Kl. 09.15 Årsmøte Hordaland Sogelag, konferanserom Biologen Hotell Utsjekking frå Biologen Hotell Kl.11.00 Avreise Herdla Kl.11.30 Besøk Bergen Kringkaster, samling i Grensedalen, Erdal Kl.12.30 Avreise Erdal Kl.13.00 Varm lunsj i Møllesalen i Sjoddien, Strusshamn Kl.14.00 Omvising Askøy museumslag sine samlingar og i det verna historiske miljøet i Strusshamn Kl.16.00 Kaffipause og avslutning i Møllesalen
Stove frå 1960-talet og systove, frå utstillingane i Askøy museumslag i Sjoddien.Foto frå Herdla, krigsminne frå 2. verdskrig
Årsmøte og lokalhistoriske dagar i Hardanger 26. og 27. mars 2022
Oppmøte i Granvin Oppmøte for deltakarane var i det vakre ungdomshuset til Granvin som har det karakteristiske tårnet som fleire ungdomshus hadde då dei vart bygde i 30 åra i fleire av bygdene innover hardangerfjorden. Granvin ungdomshus var ferdig i 1930 og var bygd på dugnad av bygdefolket, fortalde leiar i Granvin Sogelag Gunnar I. Folkedal. Han viste fram ungdomslagsfana som kunstnaren Nils Bergslien måla og som vart gøymt bort i siste liten før tyskarane okkuperte huset under siste verdskrigen.
Kultur- og Miljøplan for Voss herad Trude Letnes kulturleiar i Voss herad informerte og viste fram kultur og miljøplanen til Voss herad. Voss herad omfattar no til saman 4 sogelag etter kommune reforma i 2020. Etter matøkt på den gamle gjestgjevarstaden Janusen som har ein meir en 300 år historie som serveringsstad, gjekk turen til Granvin Bygdemuseum ein steinkast på andre side av hovudvegen gjennom Granvin sentrum.
Bygdemuseet i Granvin Hardingfelespelar Alexander Aga Røynstrand som er styrer for bygdemuseet, fortalte om bygningane og framførte også vakker hardingfele slåttar for gjestene. Alexander som er ein av dei fremste utøvarane på Hardingfele i landet bur også på staden og er også aktiv i lokalpolitikken i Voss herad.
Etter synfaringa på bygdatunet, gjekk ferda til Heradshuset i Ulvik der forsamlinga vart hjartelag vel møtt til kaffipause i heradstyresalen. Leiaren i Ulvik Sogelag Torbjørn Dyrvik fortalde om hendingar under 2. verdkrigen der meir en 50 hus i Ulvik bygda vart øydelagde i kampane mellom tyske og norske soldatar 25. april 1940.
Olav H. Hauge senteret Heradshuset inneheld også Olav H. Hauge senteret der det vart omvising før turen gjekk over hardangerbrua til Vøringsfoss hotel for festleg samvær og overnatting. Etter frukost sundag vart årsmøte gjennomført i rolege former. Bremnes sogelag vart innleiingsvis ynskt velkomne som nytt medlem av Hordaland sogelag.
Årsmøte Knut Farestveit vart avløyst som leiar etter eige ynskje og ny lear i Hordaland Sogelag vart Anne Liv Soldal. Elles vart det attval på alle andre tillitsvalde. Økonomisk er stoda tilfredsstillande for laget, men framleis får ikkje laget tilskott frå Vestland fylke slik det gjorde i gamle Hordaland fylke. Dette vil det nye styret arbeida vidare med å få på plass.
Nils Bergslien Galeriet til multikunstnaren Nils Bergslien er også ein del av hotel bygget og det vart tid for ein omvising i dei lyse og vene lokala.
Eidfjord gamle kyrkje Etter årsmøte var det synfaring i gamle Eidfjord steinkyrkje som vart bygd i 1309. Ifølgje soga vart kyrkja bygd av Rike-Ragna Åsoldotter som son offer for syndige handlingar i livet. Rike -Ragna budde på garden Sæ i Simadalen, nordaust for Eidfjord. Soga fortel at ho var ute og rodde på fjorden med manne sin og dei krangla så fælt at ho sette han av på eit skjær til ho fann det for godt å ro ut og henta han. Mannen stakkar omkom ved flo sjø, og Ragna bygde kyrkja som bot for å ha skulda for mannen sin død. Hennar store gravstein med bilete av apostelen Jakob som kyrkja er vigd til, står framme i kyrkja til side for alteret. Under alteret står 7 kister, og ei av dei er kista til Anders Andersen Riber, fyrste protestantiske prest som var sendt av danskekongen for å reformera den katolske kyrkjelyden. Han gifta seg med Katarina Helvig Galtung og har mange etterkomarar i Hardanger og i Sunnhordland.
Biografi Anders Andersen Riber (ca. 1627-1688) var rundt 20 år gammel da han ble innskrreven i 1647 ved Københavns Universitet i Danmark, frå Ribe katedralskule. På latin vart han omtala, «Andreas Andreas Rincopius» på sin inskripsjon. Landsarkivet for Nørrejylland seier at han derfor trulig er født i den vesle byen Ringkøbing på austkysten av Jylland. Ifølgje Mandrup Hjeltnaes var Anders Andersen Riber frå Jylland, Danmark, biskop i Eidfjord prestegjeld i Hardanger der han ble ordinert 21. august 1656. Han blei buande der til han døyde på langfredag i 1688. Han gifta seg med Katarina Helvik Lauritsdatter Galtung, dotter av Lauitz Johannesson Galtung fra Thorsnes. Katarina ble født i 1635 og døyde i Eidfjord i 1693 i en alder av 58 1/4 år.
Styre 2022. Frå vestre Sigmund Simmenes, John Einarsen, Knut Farestveit, Anne Liv Soldal, Mikal Heldal.