Fleire vitjar nettsida

Skrevet av Kaare Myrvold … ons 01/01/2014 - 21:04


Samanlikna med 2012, viser statistikken at vel 2500 personar har vitja nettsida vår i fjor. Det er ein auke på om lag 37 % i høve førre året. Målet er at nettsida skal innehalda nyttig info for alle som er interessert i kva som rører seg i Hordaland Sogelag og medlemslaga.

Stikkord

Lokalhistoriske dager

Skrevet av Kaare Myrvold … ons 28/08/2013 - 21:11

Lokalhistoriske dagar - historikk

Hordaland sogelag arrangerer kvart år, i samarbeid med eitt eller fleire lokale sogelag, lokalhistoriske dagar ein stad i Hordaland fylke. Arrangementet tar for seg eitt eller nokre få historiske tema, gjerne med tilknyting til staden me er på.

Oversikt over tid, stad og tema for dei lokalhistoriske møta 1982 – 2012:

 

Temahefte og bøker

Skrevet av Kaare Myrvold … lør 04/05/2013 - 21:48

Slektsbok for Tørvikbygd, Strandebarm og Mundheim, tre band. 

Marie Skutlaberg har vore redaktør for det store bokverket SLEKTSBOK, Tørvikbygd, Strandebarn og Mundheim. I tillegg til å vera ei tradisjonell slektsbok for dei tre bygdene, så inneheld bøkene også mange artiklar om slekter og folk, forutan ei rekkje flotte bilete også frå nyare tid. Du kan lesa meir om bokverket her.