Kvinnherad sogelag, ein aktiv kulturformidlar

Skrevet av Kaare Myrvold … fre 25/03/2016 - 20:40


Bilete: Kari Fedt Hausbakk er kasserar i HS, og medlem av styret i Kvinnherad sogelag.

I Påskenummeret til avisa Kvinnheringen, følgde ekstramagasinet  «Det gode livet i Kvinnherad», eit magasin som fortel om folka som bur mellom fjord og fjell i Kvinnherad. Les den flotte artikkelen om arbeidet til Kvinnherad sogelag her.


 

Stikkord

Museumsforlaget reklamerar

Skrevet av Kaare Myrvold … fre 04/03/2016 - 20:50

Museumsforlaget er eit nisjeforlag som utgir bøker om kulturarv. Vi satsar på historie, arkeologi og andre fag som fortel om fortid og notid for framtida, skriv dei i ei melding til redaktøren. Vidare fortel dei at Museumsforlagets sine utgåver har høg faglig kvalitet og forlaget er godkjent som publiseringskanal for vitskapleg publisering. Våre engasjerte medarbeidarar har lang erfaring frå forlagsbransjen og gjev våre forfattarar og oppdragsgivarar trygg personlig oppfølging.

Stikkord

Hugs å melda dykk på til årsmøte 5. og 6. mars

Skrevet av Kaare Myrvold … søn 21/02/2016 - 20:48

Det nærmarseg fristen for påmelding til årsmøte i Norheimsund. Hugs å kontakta hotellet direkte for tinging av rom.Du kan tinga rom direkte på nettet eller ringa Thons Hotels booking center på telefon 815 52 400 mellom kl. 08- 21 på kvardagar. Les meir om årsmøte på nettsida.http://www.hordalandsogelag.no/%C3%A5rsm%C3%B8te-2016 Les også notatet frå Mikal Heldal her.

Stikkord

Med Hordaland Sogelag til England 9. - 14. august

Skrevet av Kaare Myrvold … fre 12/02/2016 - 21:00

Bilete viser den utgravde kjellaren på JORVIK Viking senter i York som er dekka med glassplater. Senteret som har meir en 400 000 besøkjande kvart år. Kjellaren vart oversvømt i samband med den omfattande flommen i England rundt juletida i fjor. Besøket som TIDE har med i programmet må endrast, fordi siste nytt er at Vikingsenteret fyrst blir opna att for publikum i 2017.

Stikkord

Meir en 7300 unike besøk på nettsida i 2015

Skrevet av Kaare Myrvold … man 08/02/2016 - 21:06

I 2015 var det 7307 unike brukarar som vitja nettsida til Hordaland Sogelag. Det er ein auke på 12 % frå året før. Unike brukarar vil seia personar i tillegg til redaktøren sine besøk, som det naturleg nok blir ein del av i samband med oppdatering og redigering.  Om lag 2/3 er i Norge, men interessant å merkja seg, 7 % frå Brasil og 2% frå USA.

Stikkord

Årbøker og historiske tidskrift 2015

Skrevet av Kaare Myrvold … man 04/01/2016 - 20:37


Bilete er saksa frå Årbok for Sunnmøre 2015 og viser fiskebåtar samla under det årlege Borgundfjordfiske i gamle dagar.

Etter oppmodinga før jul om å senda inn årbøker og sogeskrift, så kan me no presentera ei oversikt over det som er blitt sendt inn. Tilsaman 20 ulike magasin med over 2200 sider. Det er imponerande. Her følgjer ei oversikt.

Stikkord

Årsmøte 2016

Skrevet av Kaare Myrvold … lør 02/01/2016 - 20:55


Meld dykk på til årsmøte i Hordaland Sogelag 5. og 6. mars. Møte vært avvikla på Thon Hotel Sandven  i Norheimsund. Les utførleg info frå leiar Mikal Heldal om programmet og påmelding  her.

Stikkord