You are here

Kurs/seminar laurdag 2. februar (Kyndelsmesse) på Hotell Terminus (ved Jernbanen) kl. 10.30 – 15.00 inklusive lunsj.

2. februar, Kyndelsmesse (missa candelarum), var her i sør-vest rekna som første vårdagen, bjørnen snudde seg i hiet denne dagen, og halve matforrådet vårt – til folk og fe gjennom vinteren – skulle vera ete opp. Dette var ein av heilagdagane som vart fjerna av Johann Friedrich Struensee i 1771 – han fekk amputert hovudet sitt 28. april 1772 for andre misferder.
Dette er eit kurs i praktisk styrearbeid: Det er lokallag i Hordaland som etterspør ei slik innføring på bakgrunn av avtalen om StyreWeb som Landslaget for lokalhistorie (LLH) har forhandle fram.
Kursinnhald:
10.30 – 11.30: Brønnøysund-registeret, friviljug-registeret: krav til godkjenning for styret. Informasjon om Landslaget for lokalhistorie v/Mikal Heldal
11.30 – 12.30 Lunsj
12.30 – 15.00: Tom Ola Halvorsen, Romerike historielag: StyreWeb: Enklare og meir effektiv drift i lokallagsarbeid: medlemsregister, dokumentregister, kontingent, rekneskap, meldingsteneste mm.
Det er viktig at kursdeltakarane tek med lap-top eller tilsvarande slik at dette vert eit godt praktisk kurs.
Kurset vert halde i 7. etg. Det vert servert enkel lunsj – rundstykke, te og kaffi. Kursavgift kr 400,- pr. pers.
Hotell Terminus har kring denne helga eit internasjonalt whisky gilde, og det kan vera freistande å gå på feil møte, men 7. etg. er tryggast!

Stikkord: