You are here

Jolebrev til lokallaga 2018

Voss, 18.12.2018

Hordaland sogelag har no 33 lokallag med om lag 5000 medlemer i fylket. Denne medlemsmassen representerer ein omfattande lokalhistorisk innsats. Gjennom ein stor dugnadsinnsats vert det gjeve ut årbøker som samla utgjer 2000-2500 sider.

Tilskotet frå Hordaland fylkeskommune er til god hjelp. Mesteparten av dette gjekk til å dekka kostnadene med lokalhistoriske dagar. Årsmøte og lokalhistoriske dagar 2018 vart haldne 7. og 8. april. Møtestad og overnatting: Voss vandrarheim. Lokal tilskipar var Voss sogelag. I tillegg til sjølve årsmøtet var me på Bergslitræet i Prestegardsmoen der det var omvising og orientering om dei tre Bergslikunstnarane, omvising og orientering på Hedleberget på Kyte og vitjing på Voss folkemuseum på Mølster.

Andre aktivitetar i 2018

Hordaland sogelag har gjennom 13 år skipa til studieturar «i vikingane sine fotefar». I august 2018 gjekk turen til Skottland, Shetland og Orknøyane med over 40 deltakarar. Turane er viktige fordi dei er kontaktskapande mellom lokallaga i fylket, i tillegg til at dei er lærerike.

Hordaland sogelag skipa til eit seminar om årbokskriving på Hotel Terminus i Bergen 24.02.2018 . Knut Arne Olsen i John Grieg Forlag, Bernt Emil Vika i Bømlo tur- og sogelag, Mikal Heldal i Tysnes sogelag og Hordaland sogelag, og Eirik Helleve i Voss sogelag hadde foredrag.

Tilskipingar som er planlagde for i 2018

Kurs om registrering i Brønnøysundregistret og Styre-Web skal haldast laurdag 2. februar 2019 på Hotel Terminus i Bergen. Invitasjon med påmelding vert send ut over nyår.

Årsmøte og lokalhistoriske dagar skal haldast i Etne 2. og 3 mars 2019. Møtestad og overnatting: Hotellet Fugl Fønix. Sjølve årsmøtet 3. mars skal haldast heime hjå styremedlem i Hordaland sogelag, Leif Halleland. Av førebels planar kan nemnast busstur med omvising på historiske stader i Etne. Påmeldingsfrist vert 20. februar, men dette kjem det e-post om til laga seinare.

Landsmøtet i Landslaget for lokalhistorie skal haldast i Alta 24.-26. mai 2019. Styret gjer framlegg til årsmøtet om at Hordaland sogelag skal stø utsendingane frå fylket med 2000 kr pr. person. Utsendingane vert valde på fylkesårsmøtet etter framlegg frå lokallaga.

Det vert arbeidd med å få til ein studietur til York i England i august 2019. Program og påmeldingsfrist vert sendt ut til lokallaga.

Styret i Hordaland sogelag takkar lokallaga for samarbeidet i 2018!
God jol og godt nytt år!

Beste helsing

Knut Farestveit – leiar i Hordaland sogelag