Kurs/seminar laurdag 2. februar (Kyndelsmesse) på Hotell Terminus (ved Jernbanen) kl. 10.30 – 15.00 inklusive lunsj.

2. februar, Kyndelsmesse (missa candelarum), var her i sør-vest rekna som første vårdagen, bjørnen snudde seg i hiet denne dagen, og halve matforrådet vårt – til folk og fe gjennom vinteren – skulle vera ete opp. Dette var ein av heilagdagane som vart fjerna av Johann Friedrich Struensee i 1771 – han fekk amputert hovudet sitt 28. april 1772 for andre misferder.
Dette er eit kurs i praktisk styrearbeid: Det er lokallag i Hordaland som etterspør ei slik innføring på bakgrunn av avtalen om StyreWeb som Landslaget for lokalhistorie (LLH) har forhandle fram.
Kursinnhald:

Stikkord: 

Manglar namn på kasserer i fleire lag.

Godt Nyttår.

Som de ser under fana Medlemslag, så er det fleire som ikkje har oppgitt namnet på kasserer. Styret ber om at opplysning om e.post adressa eller postadressa blir sendt til kasseraren i fylkeslaget John Einarsen snarast = john@sartorholding.no

Jolebrev til lokallaga 2018

Hordaland sogelag har no 33 lokallag med om lag 5000 medlemer i fylket. Denne medlemsmassen representerer ein omfattande lokalhistorisk innsats. Gjennom ein stor dugnadsinnsats vert det gjeve ut årbøker som samla utgjer 2000-2500 sider.

Lokalhistoriske dagar på Voss 7. og 8. april


Gamalt fargebilete frå Vossevangen.
 

Helge Hisdal har skrive omtale av  lokalhistoriske dagar på Voss. Det kan du lesa her.

Stikkord: 

Skifersongen på utesena på Hedleberget

Sider

Subscribe to www.hordalandsogelag.no RSS