Temahefte og bøker

Slektsbok for Tørvikbygd, Strandebarm og Mundheim, tre band. 

Marie Skutlaberg har vore redaktør for det store bokverket SLEKTSBOK, Tørvikbygd, Strandebarn og Mundheim. I tillegg til å vera ei tradisjonell slektsbok for dei tre bygdene, så inneheld bøkene også mange artiklar om slekter og folk, forutan ei rekkje flotte bilete også frå nyare tid. Du kan lesa meir om bokverket her. 

 

TEMAHEFTE.
Det finst ei skattkiste i sogeskrift kring i kommunar og regionar, men mykje av dette materialet er lite tilgjengeleg. Difor kunne det vera ein tanke om me ga ut nokre temahefter i åra framover.
Forslaget er å laga temahefte basert på publisert materiale.

Med tema er meint emne som:

· Friing og brudlaupsskikkar.
· Gravferdsskikkar.
· Barsel og barnedåp. Innleiing.
· Kloke koner – trollkjerringar.
· Innhausting.
· Stølsliv.
· Teigblanding og klyngetun.
· Fiske/fangst.
· Skottehandelen

Denne inndelinga er berre tenkt som døme og det vil nok syna seg at det kan vera betre inndelingar av temavalet.

Produksjonen må eventuelt verta basert fotografisk opptrykk som grunnlag for trykking. Dette vert truleg den rimelegaste produksjonsmåten. Då vil materialet framstå i si opphavelege form, med kjeldetilvising. Det må i tillegg lagast ein kort forfattaromtale til kvar artikkel.

Tidspunktet for utgjeving må leggjast til andre tider av året enn den som no er vanleg for sogehefta. Det kunne t.d. tenkjast at hefta vart utgjevne ved påsketider.

På styremøte i Hordaland 29. mai 2008 vart det vedteke å setja ned ei gruppe til å arbeida med saka.

Vedtaket innebar at desse skulle spørjast om å vera med i gruppa:
Brita Jordal (Hardanger Historielag) (brita@nvim.no)
Geir Kleiveland (Osterøy sogelag) (geir@kleiveland.as)
Øivind Neteland (Kvam soge- og kulturminnelag) (jtneteland@yahoo.no)
Ole Mikal Olsen (Bymuseet i Bergen, Hordamuseet)
(Ole.Mikal.Olsen@bymuseet.no)
Knut Rage (Sunnhordland Museum, Sunnhordland Årbok)
(knutrage@gmail.com)
Einride Åkra (Etne sogelag, styret i HS) (sjur.aakra@c2i.net)
Åse Eikemo Strømme (Vaksdal sogelag, styret i HS) (aase.stroemme@ikah.no)
Mikal Heldal (Tysnes sogelag, styret i HS) (Mikal.Heldal@bio.uib.no)

Mandatet til denne gruppa vert:
· Å laga ein gjennomgang av prosjektet for å sjå om det let seg realisera, der også juridiske tilhøve knytt til opphavsrett etc. vert klårlagt.
· Det skal eventuelt lagast eit oversyn/budsjett for prosjektet, og målet er at det skal vera økonomisk sjølvberande. Ved eventuelt overskot skal midlane koma lokalhistorisk arbeid til gode.

Prosjektgruppa skal gjera ferdig ei utgreiing om prosjektet, slik at det kan drøftast på årsmøtet i Hordaland sogelag 29. mars 2009.

Poenget er: Me skulle gjeve ut 10 temahefter frå sogeskattar i Hordaland – det er eit godt lokalhistorisk prosjekt!

Me er takksame for innspel frå lokallaga til dette prosjektet. Ta i så fall  kontakt med folk i prosjektgruppa eller Hordaland sogelag.