Ny leiar i Hordaland sogelag

Skrevet av Kaare Myrvold … man 17/03/2014 - 20:48

Tysnesingen Mikal Heldal vart valt til ny leiar i Hordaland Sogelag på årsmøte som vart avvikla
på Radøy i helga. Han har vore nestleiar i laget i mange år, og tek over etter Else Marie Kind Hevrøy som har
vore leiar dei siste 8 åra. "Me har jobba godt saman i alle år og eg overlet leiarvervet i vissheit
om at det er i dei beste hender", sa mellom anna avtroppande leiar og ynskte lukke til. Det kjem meir om dei lokalhistoriske dagane på Radøy med Radøy sogelag som vertskap om kort tid.
Årsmelding for 2013 finn du her.