Meld deg på til treskokurset på Dovre 24. - 26. april

Skrevet av Kaare Myrvold … tir 07/04/2015 - 21:59


Det må vera minst 4 deltakarar dersom det skal skipast kurs, fortel Helge Hisdal i ein e.post til redaktøren. Handtverket å laga tresko er det som kan kallast "Raudlista handtverk" og kurset som etter planen skal avviklast på Dovre 24. - 26. april har berre 2 påmeldte til no. Dette blir det einaste treskokurset som blir halde i Norge i år. Helge Hisdal frå Samnanger er instruktør på kurset, og han viste fram reiskapen som blir brukt til å laga tresko på årsmøte på Bømlo for knapt ein månad sidan.( bilete) Ynsker du å delta på kurset ta direkte kontakt med Linda Aabonen telt 61217750, mobil 95775770 eller e.post linda@kulturogtradisjon.no SNARAST!

Stikkord