Lokalhistoriske dagar- årsmøte 2014

Årsmøtedelegatane samla utanfor verkstaden til Guttorm Storheim på Storheimstø. Bilete frå samlinga sjå Biletarkiv

Lokalhistoriske dagar – årsmøte 2014.
av Kaare M. Malkenes

Årsmøte i Hordaland sogelag og dei lokalhistoriske dagane var i år lagt til Radøy med Radøly sogelag som vertskap. Delegatane vart helsa velkomne av Berit Kvalvik frå Radøy sogelag som håpte at alle fekk eit triveleg og interessant opphald på staden.
 

Lokalhistoriske dagar gjekk over to dagar med oppstart laurdag 15. mars. Etter oppmøte og registrering på Alver Hotel som var møtestad for årsmøte, festmiddag og overnatting, gjekk turen med buss til Vestnorsk utvandringssenter på Sletta. Her vart det omvising i emigrantkyrkja og andre bygningar ved dagleg leiar Ashild S.F. Thorsen, og Kenneth Brattland  frå Statsarkivet. Dagleg leiar orienterte om utvandringa til Amerika og gjennom tidene, og opplyste at fram til 1915 då utvandringa frå Vestlandet stagnerte hadde om lag 1100 personar utvandra frå Radøy.

Emigrantkyrkja på Sletta var  fyrst  bygd av norske emigrantar i Brampton, Nord-Dakota, USA på byrjinga av 1900-tallet. I 1996 ble kyrkja  gitt i gåve til Vestnorsk Utvandringssenter, og flytta  til Sletta i Radøy kommune. Her er det også oppført fleire gamle bygningar, bygg som også er flytta frå Amerika. Her er det planar om å oppføra eit nytt og moderne museumsbygg som vil stetta behovet for tenleg og forskriftsmessig magasin for Nordhordland.

Bussturen gjekk deretter vidare til Guttorm Storheim Motorsamling på Storheimstø, og på køyreturen fortalde guiden Kristen Risnes om hendingar og historiske stader langs køyreruta.
Den 13 meter lange turbussen køyrde heilt fram til Guttorm Storheim sin verkstad. På utside av bygget putra og gjekk fleire gamle dieselmotorar og for tilårskomne kystfolk var det motorlydar som kveite varme kjensler og minner frå ungdomstida.
Motorsamlinga er formidabel og tel meir enn 200 motorar, og jamt over  er det opp til 10 personar som er med på å restaurera og setja i stand gamle motorar som gjerne blir funnen på havets botn og jamvel nedgravne i myra hjå tidlegare eigar.

Festmiddagen om kvelden med kulturinnslag gav høve for at dei over 30 delegatane å bli kjent med kvarande. Mange synest også det var triveleg å møta att tidlegare reisefølgje frå studieturane.

Sundagen starta med avvikling av årsmøte på hotellet før busstur til Skjærgårdsfisk  Visningssenter på Marøy der reisefølgje vart møtt av dagleg leiar Arthur Marøy.  Ein sprudlande leiar fortalde om verksemda som starta for 45 år sidan, og om utfordringar og suksessar  dei fyste åra saman med ein far som hadde klokkeklar  tru på fiskeoppdrett på heimstaden. Og faren fekk rett. Verksemda  er ei leiande oppdrettsbedrift i Nordhordland og Visningssenteret har som mål å bidra til opplysning og informasjon om oppdrettsnæringa for skular og andre interesserte. Gjesteboka viser at  skuleklassar både frå ut- og innland er på besøk.
Mens reisefølgje fekk servert ein herleg grilla lakserett, fortalde Arthur Marøy om oppveksten på heimstaden og artige soger frå reiser i inn og utland for å selja oppdrettsfisk i ungdomsåra.
Fellessamveret vart avslutta på Visningssenteret, og deretter vart det busstur  attende til hotell for utsjekk og heimreise. Ei stor takk til Radøy sogelag for to interessante dagar med mykje lokalkultur til gleda og ettertanke.