Kor vart det av skiten?

Skrevet av Kaare Myrvold … fre 10/01/2014 - 21:07

Bymuseet i Bergen ynskjer å laga utstilling om byskiten på Hordamuseet i 2015. Mellom anna ynskjer museet å  kartfesta og dokumentera alle skitkaiar, -kummar og -hus i byen og på landsbygda rundt Bergen. Museet er også interessert i å finne ut kor lenge ein frakta ekskrementer og avfall frå Bergen til distrikta ikring, og kort stort omfanget var til ulike tider. Dei er også interessert i gode soger om verdigjenstandar som er blitt funne i byskiten, og foteljingar om korleis dette avfallet vart handsama gjerne med bilete og annan dokumentasjon.  Hordaland Sogelag, ber om at lokale sogelag og enkeltpersonar kontaktar Bymuseet, slik at det blir ei interessant utstilling.
Ta gjerne kontakt med museumspedagog Espen Kutschea på telefon 47979593 /  91808378 eller e. post
espen.kutschera@bymuseet.no

Bymuseet har også eiga nettside og adressa er http://www.bymuseet.no/