Hordaland Sogelag 25 år

Over 30 personar var med på markeringa av 25 år for skiping av Hordaland Sogelag. Arrangementet gjekk føre seg på Voss laurdag 8. oktober. Det var blomehelsing og godord frå Hordaland Fylkeskommune, som var pådrivar for at laget vart skipa i 1986. Gjesteforelesar var Hermann Bjarnarson frå Island som fortalde om sagaturisme og felles trekk mellom saga og landskapet på Island.
Voss Sogelag var vertskap for jubileet og av lokale innslag var Kåre Olav Alvdal som fortalde om postvegen frå Bergen til Evangar, og Aslak Helleve som fortalde om postvegen frå Vangen til fylkesgrensa. I dei seinare åra er det gjort eit omfattande arbeid for å gjera deler av dei gamle postvegane i vossadistriktet farbare for folk flest.

Det var også kulturelle musikkinnslag ved gruppa «Dei udugelege» som spela jassinspirert musikk. Ungguten Jens Håkon Birkeland sa fram vossastev, og Harald Åsheim spela hardingfele. Festtalar var Åse Eikemo Strømme. Festtalen kan du lesa her.