Styret

Styre og tillitsvalde frå årsmøte i 2023.

Leiar:  Anne Liv Soldal
Postadresse

Hovlandsvegen 12,
5610 Øystese
E-postadresse: annelivsol@gmail.com
Mobil 90941272

Kasserar: Knut Farestveit

Mobil: 41648198
e.post: knut.o.farestveit@gmail.com

Redaktør Kaare M. Malkenes,
Vågsneset 2,
5680 Tysnes,
Mobil 41012626
e-postadresse: kaaremalkenes@hotmail.com

Styre i 2023.
Anne Liv Soldal, leiar (attval på årsmøte, på val i 2024)
Knut Farestveit, kasserar (på val i 2025)
John Einarsen, styremedlem (på val i 2025)
Sigmund Simmenes, styremedlem (på val i 2024)
Ågot Gammersvik, skrivar (på val i 2024)
e-postadresse: aagot.gammersvik@gmail.com

Mikal Heldal, 1. varamedlem (ny for 1 år i 2023)
Kjell Ingar  Alvheim, 2. varamedlem (attval for 1 år i 2023)

Valnemnda:
Helge Hisdal ( på val i 2026))
Torbjørn Dall -Larsen (på val i 2025)

Revisorar:
Harald Lindevik ( på val 2024)
Einride Aakra ( på val 2025)

Årsmøte og lokalhistoriske dagar i Hardanger  26. og 27. mars 2022.

Eidjord kyrkje

Oppmøte i Granvin
Oppmøte for deltakarane var i det vakre ungdomshuset til Granvin som har det karakteristiske tårnet som fleire ungdomshus hadde  då dei vart bygde i 30 åra i fleire av bygdene innover hardangerfjorden. Granvin ungdomshus var ferdig i 1930 og var bygd på dugnad av bygdefolket, fortalde leiar i Granvin Sogelag Gunnar I. Folkedal. Han viste fram ungdomslagsfana som kunstnaren Nils Bergslien måla og som vart gøymt bort i siste liten før tyskarane okkuperte huset under siste verdskrigen.
Kultur- og Miljøplan for Voss herad
Trude Letnes kulturleiar i Voss herad informerte og viste fram kultur og miljøplanen til Voss herad. Voss herad  omfattar no til saman 4 sogelag etter kommune reforma i 2020.
Etter matøkt på den gamle gjestgjevarstaden Janusen som har ein meir en 300 år historie som serveringsstad, gjekk turen til Granvin Bygdemuseum ein steinkast på andre side av hovudvegen gjennom Granvin sentrum.
Bygdemuseet i Granvin
Hardingfelespelar Alexander Aga Røynstrand som er styrer for bygdemuseet, fortalte om bygningane og framførte også vakker  hardingfele slåttar for gjestene. Alexander  som er ein av dei fremste utøvarane på Hardingfele i landet bur også på staden og er også aktiv i lokalpolitikken i Voss herad.

Etter synfaringa på bygdatunet, gjekk ferda til Heradshuset i Ulvik  der forsamlinga vart hjartelag vel møtt til kaffipause i heradstyresalen. Leiaren i Ulvik Sogelag Torbjørn Dyrvik fortalde om hendingar under 2. verdkrigen der meir en 50  hus i Ulvik bygda vart  øydelagde i kampane mellom tyske og norske soldatar 25. april 1940.
Olav H. Hauge senteret.
Heradshuset inneheld også Olav H. Hauge senteret der det vart omvising før turen gjekk over hardangerbrua til Vøringsfoss hotel for festleg samvær og overnatting.
Etter frukost sundag  vart årsmøte gjennomført i rolege former.  Bremnes sogelag vart innleiingsvis ynskt velkomne som nytt medlem av Hordaland sogelag.
Årsmøte
Knut Farestveit vart avløyst som leiar etter eige ynskje og ny lear i Hordaland Sogelag vart Anne Liv Soldal. Elles vart det attval på alle  andre tillitsvalde. Økonomisk er stoda tilfredsstillande for laget, men framleis får ikkje laget tilskott frå Vestland fylke slik det gjorde i gamle Hordaland fylke. Dette vil det nye styret arbeida vidare med å få på plass.
Nils Bergslien.
Galeriet til multikunstnaren Nils Bergslien er også ein del av hotel bygget og det vart tid for ein omvising i dei lyse og vene lokala.
Eidfjord gamle kyrkje.
Etter årsmøte var det synfaring i gamle Eidfjord steinkyrkje som vart bygd i 1309. Ifølgje soga vart kyrkja bygd av Rike-Ragna Åsoldotter som son offer for syndige handlingar i livet.
Rike -Ragna budde på garden Sæ i Simadalen, nordaust for Eidfjord. Soga fortel at ho var ute og rodde på fjorden med manne sin og dei krangla så fælt at ho sette han av på eit skjær til ho fann det for godt å ro ut og henta han.  Mannen stakkar omkom ved flo sjø, og Ragna bygde kyrkja som bot for å ha skulda for mannen sin død. Hennar store gravstein med bilete av apostelen Jakob som kyrkja er vigd til, står framme i kyrkja til side for alteret.
Under alteret står  7 kister, og ei av dei er kista til Anders Andersen Riber, fyrste protestantiske prest som var sendt av danskekongen for å reformera den katolske kyrkjelyden. Han gifta seg med Katarina Helvig Galtung og har mange etterkomarar i Hardanger og i Sunnhordland.

Biografi.
Anders Andersen Riber (ca. 1627-1688) var rundt 20 år gammel da han ble innskrreven i 1647 ved Københavns Universitet i Danmark, frå Ribe katedralskule. På latin vart han omtala, «Andreas Andreas Rincopius» på sin inskripsjon. Landsarkivet for Nørrejylland seier at han derfor trulig er født i den vesle byen Ringkøbing på austkysten av Jylland. Ifølgje Mandrup Hjeltnaes var Anders Andersen Riber frå Jylland, Danmark, biskop i Eidfjord prestegjeld i Hardanger der han ble ordinert 21. august 1656. Han blei buande  der til han døyde på langfredag i 1688. Han gifta seg med Katarina Helvik Lauritsdatter Galtung, dotter av Lauitz Johannesson Galtung fra Thorsnes. Katarina ble født i 1635 og døyde i Eidfjord i 1693 i en alder av 58 1/4 år.

Her følgjer ein del bilete frå årsmøtesamlinga.

styre
Styre 2022. Frå vestre Sigmund Simennes, John Einarsen, Knut Farestveit Anne Liv Soldal,
Mikal Heldal.