Jolebrev frå leiaren.

Jolemotiv

 

Hordaland sogelag har no 32 lokallag med om lag 5000 medlemer i det som enno er Hordaland fylke. Denne medlemsmassen representerer ein omfattande lokalhistorisk innsats. Gjennom ein stor dugnadsinnsats vert det gjeve ut årbøker som samla utgjer 2000 – 2500 sider.

Tilskotet frå Hordaland fylkeskommune er til god hjelp. Mesteparten av dette gjekk til å dekka kostnadene med lokalhistoriske dagar og fylkesårsmøte.

 Årsmøte og lokalhistoriske dagar vart haldne 2. og 3. mars 2019. Møtestad og overnatting: Fugl Fønix Hotel. Sjølve årsmøtet vart halde heime hjå styremedlem Leif Halleland 3. mars. Han og familien fortener stor takk for at me vart tekne i mot på denne måten! I den lokalhistoriske delen var det busstur med Einride Åkra som forteljar langs vegen. Det var omvising i Stødle kyrkje og tur i Åkrafjorden med stopp på Markhus. I den gamle skulestova fekk me orientering om utviklinga i bygdene langs Åkrafjorden. I Åkrafjordtunet vart det matservering og orientering. Etne sogelag hadde lagt til rette for ein interessant dag. Om kvelden var det festmiddag og program med m.a. «Ingvar Moe i ord og tonar». Takk til Etne sogelag for ei god tilskiping!

Andre aktivitetar i 2019: Hordaland sogelag har gjennom 13 år skipa til studieturar i «vikingane sine fotefar». I år prøvde me å få til ei tur til York i England, med pga. dårleg påmelding måtte turen avlysast. Ein planlagd tur til vikingsenteret på Karmøy måtte og avlysast. Me prøver att med ein annan tur i 2020. Informasjon og frist for påmelding kjem etter nyttår. Slike turar er lærerike og er kontaktskapande mellom lokallaga.

Hordaland sogelag heldt tre kurs for medlemene i 2019. I februar var det ein kursdag om praktisk styrearbeid og StyreWeb og ein kursdag om minneinnsamling. I september var det ein kursdag om prosedyren om å leggja ut bilete i fylkesbiblioteket sin biletbase.

På Landslaget for Lokalhistorie sitt landsmøte i Alta i mai møtte tre utsendingar frå Hordaland sogelag i tillegg til Mikal Heldal (nestleiaren i Hordaland sogelag) som sa frå seg attval som leiar i landslaget.

Radøy sogelag hadde 30-årsjubileum i november. Kring 80 medlemer var til stades på ei fin feiring der underskrivne fekk vera med.

Tilskipingar som er planlagde for 2020:

Årsmøte og lokalhistoriske dagar vert haldne i Øygarden kommune 7. og 8. mars med Fjell kulturminnelag, Sund sogelag og Øygarden sogelag som tilskiparar. Meir informasjon kjem seinare.

Våren 2020 skal fylkeslaget halda eit kurs for medlemene. Innhaldet skal vera preparering og katalogisering av gjenstandar. Informasjon vert sendt ut seinare.

I tillegg må nemnast at Landslaget for Lokalhistorie skal feira 100-årsjubileum i Oslo 18. – 19. september.

Styret i Hordaland sogelag takkar lokallaga for samarbeidet i 2019!

God Jol og Godt Nytt År!

Beste helsing

Knut Farestveit – leiar i Hordaland sogelag

 

 

 

Vedtekter for Hordaland Sogelag

Vedtekne på skipingsmøte 16.11.1986, sist endra 15.03.2015:

§1. Føremål.
Hordaland sogelag har som føremål å fremja interesse for, og auka kjennskap til lokalhistorie og kulturvern i Hordaland.

§2 Medlemskap.
Regionale og lokale sogelag og tilsvarande organisasjonar innan Hordaland fylke kan vera medlemer i laget. Dersom det er tvil om ein organisasjon kan verta medlem, avgjer årsmøtet spørsmålet.

§3 Organisasjon.
Hordaland sogelag er ein fylkesdekkjande organisasjon som gjerne samarbeider med andre lag og organisasjonar med same føremål, men har som hovudoppgåve å styrkja samarbeidet mellom medlemslaga og skal representera dei i saker av sams interesse.

§4 Verksemd.
Hordaland sogelag kan ta på seg oppgåver som best kan løysast på fylkesnivå, slik som kurs, seminar, kjeldepublikasjonar m.m. Saman med eitt eller fleire av medlemslaga står laget som tilskipar av det årlege ”Lokalhistorisk møte for Hordaland”.

§5 Årsmøtet.
a.) Årsmøtet er øvste styringa for laget og bør haldast innan utgangen av april i samband med det lokalhistoriske møtet for Hordaland.
b) Kvart medlemslag har rett til 1 utsending når medlemstalet er under 100 medlemer, 2 utsendingar når medlemstalet er mellom 100 og 200 medlemer osv. Alt rekna etter medlemstal frå førre år. Ikkje noko lag har rett til fleire enn 5 utsendingar. Kvar utsending har ei røyst.
c) Skriftleg innkalling til årsmøtet skal sendast medlemslaga seinast 3 veker før årsmøtet. Saker som medlemslaga vil ha handsama på årsmøtet, må vera innkomne til styret innan 1.mars.
d) På årsmøtet skal handsamast:

  • Årsmelding.
  • Revidert rekneskap.
  • Innkomne framlegg.
  • Fastsetjing av medlemspengar.
  • Handlingsplan
  • Budsjett
  • Val

e) Alle val skal vera skriftlege dersom det er fleire framlegg, eller dersom ein eller fleire utsendingar krev det.
f) Styret er samansett av 5 medlemer: Leiar, nestleiar, skrivar, kasserar og styremedlem. Til styret er det 2 varamedlemer, 1. og 2.
g) Årsmøtet vel leiar for 1 år. Dei andre medlemene i styret vert valde for 2 år om gongen, men slik at 2 av dei er på val kvart år. Varamedlemene vert valde for 1 år om gongen. Leiaren vert vald særskilt, elles konstituerer styret seg sjølv.
h) Årsmøtet vel 2 revisorar, dei skal veljast for 2 år, slik at ein revisor er på val kvart år. Årsmøtet vel og ei valnemnd på 3 medlemer for 3 år. 1 er på val kvart år. Den som har sete lengst i valnemnda er leiar. Framlegg til ny medlem i valnemnda skal koma frå årsmøtet.

i)Årsmøtet vel utsendingar til landsmøtet i Landslaget for lokalhistorie. Årsmøtet fastset eventuell økonomisk kompensasjon for utsendingane.

§6 Styret.
a) Styret vert kalla saman av leiaren. Styret er vedtaksført når minst 3 styremedlemer møter. Ved likt stemmetal har leiar dobbeltstemme.
b) Det skal skrivast referat etter kvart møte. Varamedlemer skal ha tilsendt sakspapir og referat.
c) Styret kan peika ut nemnder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver.
d) Rekneskapen skal førast for kvart kalenderår og leggjast fram for årsmøtet.
e) I rimeleg tid før årsmøtet varslar styret leiar i valnemnda om samansetjing av styre og utval og om kven som står på val.
f) Styret skal gjennomføra dei oppgåver/saker som årsmøtet gjer vedtak om.

§7. Omframt årsmøte.
a) Omframt årsmøte kan kallast inn når minst 3 styremedlemer eller minst 5 medlemslag krev det. Desse krava må vera skriftlege og nemna den eller dei sakene som ein ynskjer å handsama. Kravet må stillast til styret og vera underteikna av dei som kjem med kravet.
b) Omframt årsmøte kan berre handsama den eller dei sakene som vedkjem kravet om eit slikt møte og som er gjort kjent ved innkallinga.
c) Til omframt årsmøte vert det innkalla som til vanleg årsmøte.

§8 Lovendring
Lovendringar kan verta vedtekne på årsmøtet med minst 2/3 fleirtal. Framlegg om lovendringar må vera komne til styret innan utgangen av desember.

§9 Nedlegging
Nedlegging av laget kan verta gjort når 2 etterfølgjande årsmøte har vedteke det med minst 2/3 fleirtal. Ved nedlegging av laget skal laget sine eigneluter tilfalle fylkeskommunen, øyremerkje til kulturvernarbeid.

Handlingsplan 2019 – 2023

Handlingsplan for Hordaland sogelag 2019 – 2023
 

  1. 4 – 5 styremøte for året

  2. Årsmøte og lokalhistoriske dagar i mars/april

  3. 2 kursdagar i året for medlemene i lokallaga

  4. Ein studietur for medlemene kvart år

  5. Utsendingar til landsmøtet som er annakvart å; neste gong i 2023.

  6. Senda helsingsbrev til lokallaga på heimesida før jul.

  7. Nettmøte for styret når det høver.

  8. Ha god kontakt med landslaget

  9. Arbeida aktivt for å få fleire lokallag til å melda seg inn i fylkeslaget

Årsmøte og lokalhistoriske dagar i Etne 2. og 3. mars.

Etne bunadar

Anne-Britt Grindheim med sonen (t.v) og Terje Hermansen viser fram dei vakre Etne-bunadane.

Oppmøte for  utsendingane til  årsmøte frå dei ymse laga var hotell Fønix,  som også var staden for festmiddag og overnatting.
Ordførar Siri Klokkerstuen  og leiar i Etne sogelag Aslaug Olden Mala ynskte velkommen til  Etne.
Etne er ein kommune der mange av innbyggjarane er oppteken av kunst og kultur. Det finst 100 ulike lag og organisasjonar rundt om i bygdene og det er imponerande for ein kommune med om lag 4100 innbyggjarar.
Dei tre bygdene Etne,  Skånevik og Åkrafjorden som femner dagen kommune,  har ulikt særpreg  både når det gjeld natur, byggeskikk  og verksemder. Etne og landskapet rundt Etne sentrum  har store gardar og er ein av dei største jordbrukskommunane i Hordaland. Turisme og tilhøyrande næring er veksande.
Arbeidet til Sogelaget er viktig og nyttig for Etne samfunnet avslutta ordføraren.

Leiar i sogelaget Aslaug Olden Mala ynskte velkomen til Etne og fortalde om programmet for  årets samkome.
Etter matøkt på hotellet, starta kulturreisa med buss gjennom Etne bygdene med Einride  Aakra som forteljar. Han har framifrå kunnskap om bygdene og gardane som var synlege på reiseruta, og fortalde soger om folk og hendingar gjennom tidene. Etne er ei kongsbygd og følgjeleg nok var  fyrste stopp Stødle Kyrkje frå 1160 der Ingvor Gundegjerde fortalde levande om   kyrkjehendingar  gjennom dei mange 100 åra. Den eldste delen av kyrkja oppført i stein var i byrjinga hus kapellet til Erling Skakke, far til kong Magnus Erlingsson  som ein  reknar  som ein av fleire stormenn i borger krigstida i Norge.  På 1600 talet var kyrkja på-bygd i tre, og var i privat eiga heilt fram til 1859 då kommunen kjøpte bygningen.   

Markhus gamle skule i Åkrafjorden var neste stopp på ferda der Lars L. Lundal fortalde om oppvekst og vilkår for folket  i fjord-enden som for 60 år sidan hadde fleire skular, butikkar, posthus på kva side av fjord-enden, no er det  tomme hus fleire stader som står at som minne om denne tida. Fråflytting har vore stor og no er det berre 110 innbyggjarar att i Åkrafjorden og verksemder er flytta og nedlagt må vita. Unntaket er familien Hustveit som gjennom fleire ti år har produsert den vidgjetne Åkrafjordpølsa og andre godsaker  av kjøt, bær og frukt. Dei har sin eigen butikk tett inntil europaveg 134  og har store utviklingsplanar  og vil satsa på den aukande turismen av di dei ligg strategisk til ved hovudvegen og ikkje langt frå turistmagneten Langfoss.
Lars fortalte også at det år om anna er aukande trafikk med folk som vil vandra i fjella  kring fjorden og  viddene innanfor.
På stoppet i Åkrafjordtunet  fortalde dagleg leiar Jon Karsten Hustveit om spenstige planar for utvikling av familieverksemda med hovudfokus på turisme og reiseliv.

Festmiddagen om kvelden vart innleia med at Anne Britt Grindheim viste fram  tre ny utvikla utgåver av bunader frå Etne.  Bordseta var  krydra med  soger om mykje og mangt  frå etnebygda, og etter maten var  underholdning  ved trubaduren Jimmy Næs og løesogegeneralen Steinar Aalvik  båe med utgangspunkt i dikt,  kåseri og songar frå Etne-diktaren Ingvar  Moe  som gjekk bort så alt for tidleg berre 56 år gamal.
 

Årsmøte sundag vart gjennomført i rolege former i Gamlestova til Leif Halleland på Auastad der Knut Farestveit frå Voss sogelag tok attval som leiar. Anne Liv Soldal frå Kvam sogelag vert vald til ny varamedlem til styret for Jan B. Torsheim som hadde sagt frå seg attval . Referat frå Årsmøte m.m. kjem seinare.  

Her fylgjer ein del bilete frå samkoma i Etne.
Aslaug Olden Mala.

Aslaug Olden Mala.

Stødle Kyrkje

Stødle Kyrkje

Kyrkja innvendig

Innvendig i Stødle kyrkje den eldste delen. Stein-kapellet til Erling Skakke.

Sigmund Simmenes
Sigmund Simmenes  vart valt til å leia årsmøte.

 

KURS I MINNEINNSAMLING på Hotel Terminus 23. februar

Memoar er ein norsk organisasjon for munnleg historie (oral history) som arbeider for å ta vare på og dele munnleg kjeldemateriale om vår tid.
Memoar samarbeider med frivillige og profesjonelle minnesamlarar i heile landet, historielag, kulturvern, musé, bibliotek og arkiv, forskarar og frilansarar.
Deira syn er at alle har ei forteljing å dela –
og at alle skal ha rett til gi forteljingar vidare til samtid og framtid !

Dette arbeidet starta i 2015. Samarbeidspartnarar er frivillige organisasjonar med Hordaland Sogelag og lokale medlemslag i i spissen, bibliotek, musé og arkivinstitusjonar og forskings/utdanningsinsitusjonar på Vestlandet.
Årsmøte i Hordaland sogelag vert avvikla i Etne 2. og 3. mars. Då vil møtedelegatane få meir info om dette viktige arbeidet.
Bjørn Enes (bilete) er primus motor i Memoar som held til i Bergen.

 

Bjørn Enes

 

Den digitale revolusjon i frivilligheitsnorge.

Det vart kveikjande timar for alle som var samla til seminaret på hotell Terminus i Bergen sist laurdag. Seminaret var innleia med føredrag av nestleiar i Hordaland Sogelag Mikal Heldal som fortalde om gjeldande reglar for registrering av frivillige lag og organisasjonar i Brønnøysundregistrene.  Frivillighetsregisteret

Organisasjonshandboka som ligg gratis på nettet er eit framifrå hjelpemiddel i så måte.

tohEtter pausen vart det føredrag med Tom O. Halvorsen frå Rommerike Historielag som er typisk representant for ein som har sett seg inn i det offentlege regelverk for styre og stell av frivilllige organisasjonar, og dei verkty som er tilgjengeleg digitalt. Vedlagt følgjer ein del lenkjer til nyttige publikasjonar som kan lesast eller lastast ned på nettet.

Styreweb

Kulturvern 

Landslaget