Den 26. oktober 2025 hadde Hordaland sogelag eit dagskurs i skriving av artiklar til årbøker. Kurset vart halde på Grand Hotell Terminus i Bergen med Ottar Grepstad som kurshaldar. Grepstad er busett i Volda, og er forfattar og språk- og litteraturvitar. På kurset var det deltakarar frå 14 av lokallaga i Hordaland; Askøy, Fjell, Granvin, Kvam. Laksevåg, Memoar, Moster, Samnanger, Stord, Sund, Vaksdal, Vassvøri, Voss og Øygarden. Elleve av desse laga gav ut årbøker i 2024. Mange lokallag som ikkje var med på kurset, gjev og ut årbøker. Kurshaldaren gav ei vurdering av dei årbøkene som dei elleve lokallaga hadde gjeve ut i 2024, og gjekk gjennom m.a. bruk av ingressar, bilete og bilettekstar.
På førehand hadde deltakarane fått tilsendt nokre årbok-artiklar til gjennomlesing. Tekstane vart nytta til gruppearbeid der positive og negative sider ved artiklane vart drøfta. Gruppene skulle vurdera artiklane etter visse kriterium som kurshaldaren hadde gått gjennom før gruppearbeidet. Deretter la gruppene fram resultata sine i plenum, og konklusjonane skulle grunngjevast. Kurshaldaren gav deltakarane ein del reglar som han meinte måtte vera med for at det skulle vera gode årbøker. Reglane vil vera til framifrå hjelp for artikkelforfattarar og årbokredaktørar i arbeidet med seinare bokutgjevingar.
Kurs med Ottar Grepstad i regi av Hordaland sogelag om redigering av årbøker og årboksartiklar
Grand Hotel Terminus, Bergen, søndag 26. oktober 2025 kl. 11.00–16.45
Innhald Redaksjons- og skrivekurs for medlemmer i lokallag i Hordaland sogelag. Kurshaldaren og deltakarane deler røynsler og diskuterer handfaste problemstillingar. Ta gjerne med bøker, eksempel og problem for kommentarar og råd!
Deltakarane får tilsendt tre tekstar på førehand, og det blir venta at alle er lesne før kursdagen.
Alle får med seg heim frå kurset eit par dokument til bruk i vidare arbeid med årbøker og manuskript.
Kurshaldar Ottar Grepstad (fødd 1953) frå Jølster og busett i Volda er forfattar, språk- og litteraturvitar. Frå debuten i 1974 har han skrive eller redigert over 70 bøker om historie og politikk, retorikk og skriftkultur. Han har publisert bort imot 3000 tekstar i form av foredrag på arrangement og artiklar i aviser, blad, tidsskrift, årbøker og bøker.
Han var forlagsredaktør, redaksjonssjef og assisterande forlagssjef i Samlaget 1980–94, redaktør i Syn og Segn 1984–88 og hovudredaktør i Allkunne 2007–14. Han bygde opp Nynorsk kultursentrum og har vore styreleiar i Språkrådet og rådsmedlem i Kulturrådet. Grepstad har halde ei rekkje kurs i redaksjonelt arbeid i Den norske Forleggerforening.
I 1999 fekk Ottar Grepstad Norsk språkpris for framifrå sakprosa frå Norsk språkråd for Det litterære skattkammer, og i 2018 blei han utnemnd til riddar 1. klasse av St. Olavs orden for sin innsats for å fremje nynorsk språk, litteratur og skriftkultur.
Kursmateriell blir sendt ut Jørgen Haave: «Bløffen om Ibsens kjøkken», i Ottar Grepstad (red.): Forfattarens skriftstader, Oslo 2018, s. 74–121 To uredigerte, anonyme manuskript til årbøker
11.00–11.15: Introduksjon Presentasjon Mål for kurset Føresetnader for drøftingane og samtalane våre Frivillig kulturarbeid i tidsklemma Kva vil du gjerne få belyst?
11.15–12.00 Kva skil gode årbøker frå dårlege? Dei tre viktige innslaga i ei årbok Variasjon i sjanger Overrasking, originalstoff, fagleg presist, godt skrive Samansetjing og oppbygging Redaksjonelle og grafiske malar Opphavsrett – lovverk, internett, illustrasjonar Kontakt med forfattarane
12.00–13.00 Den gode årbokartikkelen Respekt for lesaren og forfattaren Eit innkome manus er i prinsippet ein god tekst som kan forbetrast Komposisjon: flytte, stryke, leggje til, byte om Dei to viktigaste setningane i alle manus Litterær kvalitet med rytmeskift Manusredigering Opphavsrett tekst og bilete Kunsten å halde orden på kjelder: plagiat, sitat og parafrase Klargjering av manus og bilete Språkvask og korrektur
13.00–13.50 Lunsj
14.00–14.45 Gruppearbeid om utsende tekstar Vurder artikkelen av Jørgen Haave Drøft kva de vil endre i dei to manuskripta Grunngi konklusjonane
14.45–15.30 Felles drøfting
15.30–15.45 Kaffi, te & snask
15.45–16.15 Oppsummering Ti tommelfingerreglar for gode årbøker Mal for informasjon til forfattarar
Sted: Tysnes og Fitjar Regi ved: Regionlaget Hordaland Sogelag Vertskap; Tysnes Sogelag og Fitjar Sogelag Referent: Ågot Gammersvik Last ned pdf av referatet
Det gamle Tinghuset i Uggdal, med forretningslokale og museumssamling.
Laurdag 31. mai Alle utsendingane møttest på det gamle Tinghuset i Uggdal, der Tysnes sogelag var vertskap og leiaren Sigurd Bjordal tok imot og viste oss inn i storstova. Varaordførar Bjarne Borg opna arrangementet og yngste oss velkomne til kommunen. Tysnes Bondekvinnelag serverte velsmakande betasuppa til lunsj. Vi vart oppvarta av tre unge jenter, som hadde starta eiga bedrift på Tysnes.
Etter kaffi og kaker fekk vi foredrag av Atle Tornes om utvandring til Amerika. Det var stor utvandring frå Tysnes, men mange kom også attende til øya. Enkelte reiste fram og attende over Atlanteren, medan kone og familien var att heime.
Olav Skjelvik fortel om museumssamlinga i Tinghuset.
Etter maten vart det omvisning i den lokale museumssamlinga i Gamle Tinghuset frå 1910. Olav Skjelvik fortalde både om samlinga og om gjenstandar og kleda i samlinga. Her var også minne, foto og gjenstandar frå Amerika-fararane, og dei mange sjøfolka som kom frå Tysnes. Vi fekk også høyra soga om visa «Anne Knutsdotter», ei norsk vise som har glidd inn i folkevisetradisjonen vår. Teksten kjem frå teaterstykket «Han har det strengt» fra 1865, som er skrive av bergensaren Claus Pavels Riis, som på denne tida var proprietær på Tysnesøy. Museet hadde ei eiga samling av Claus Pavels Riis sine skrifter, vel forvart i eigen monter.
Vi drog vidare på busstur rundt på øya med Olav Skjelvik og Sigurd Bjordal som guidar. Det vart ikkje tid til så mange stopp på turen, men vi fekk høyra om historie og kulturminner på Tysnes.
Foredrag av Atle Tornes om utvandring til Amerika frå Tysnes.
Njardarlog er det gamle namnet for øya Tysnes. Namnet vert knytta til harudane si innvandring på Vestlandet i bronsealder eller eldre jarnalder og deira dyrking av grødegudinna Nerthus, som seinare vart til guden Njord. Andre lokale namn frå denne tidsepoken, Godøy, Lunde, Vevatn, Hovland, Onarheim og truleg Helland (Helgaland) har såleis samanheng med den sentrale dyrkinga av Njord, som hordane knytte til Tysnes. Nemninga Njardarlog for hovudøya Tysnes stod ved lag til reformasjonen i 1530, og levde sidan vidare i folketalen fram til våre dagar.
Handelsstaden Årbakka.
Vi kjørte gjennom Lunde-bygda, som har ein historie som går langt attende i tid. Det er mellom anna gjort steinalderfunn i Gripne, der vi veit at det har vore busetting sidan bronsealderen. Det er fleire myter knytt til Vevatne og Vevatnevatnet, det heilage vatnet, som vert rekna som det mest sannsynlege staden for dyrking av den førhistoriske guden Njord.
Olavsgildet – var ein brorskap som samla folk frå store delar av Sunnhordland og Hardanger i mellomalderen. Olavsgildet fann stad på Tysnes. Gilde vart innført i Norge av kong Olav III Haraldsson Kyrre (1050 – 1093. Konge 1067 – 1093) Gilde var foreiningar eller selskap på katolsk, kristeleg grunnlag som heldt sammenskuddslag til nytte og glede for medlemmene.. Her er gjort nokre funn langs den gamle prosesjonsvegen frå Uggdal til Onarheim, mellom anna ein ljosestake som står på museet. Hordaland sitt fylkesvåpen med to økser og ei krona over, kjem frå eit segl som vart funne etter Olavsgildet på Tysnes. Dei to øksene finn ein òg att i Tysnes sitt kommunevåpen.
Årbakka Handelsstad er ein gamal handelsstad frå1898, med handelsbu, smie og sjøbu. Smie og sjøbu måtte byggjast nye etter brann i 1929. Her har vore dampskipsekspedisjon og postkontor fram til 1960, då handelsverksemda var flytta opp til hovudvegen. Bygningane står innvendig og utvendig omlag slik dei var i 1930-åra.
Onarheim kyrkje vert første gongen nemnd i skriftlege kjelder i 1327, men mellomalderdelen må ha vore eldre. I 1820 vart kyrkja rive, berre koret stod att. Fram til den noverande kyrkja vart bygd i 1893, låg dei gamle steinmurane rundt ei lita steinkyrkje utan tårn. I den tida Onarheims gildet eksisterte, var kyrkja også gildet si kyrkje. Ho må såleis ha stått sentralt under olsokfeiringa, og skal då også ha bore namnet Olavskyrkja, vigd til Olav den heilage.
I 2011 vart kyrkja kulturkyrkje i Tysnes, og her er no «Spelet om Olavsgildet» sett opp, forfatta av den kjende forfattaren Johannes Heggland (1919-2008).
Så vidt vi kan sjå inngangen, men fult muleg å besøkja Gruva også i dag.
Kalkomnen som står i Flakkavågen i dag, ble bygd kring 1872. Dette er en kolfyrt omn. Men sjølve kalkbrenninga starta opp mykje tidligere. På dei fleste gardane her var det i eldre tid ein kalkomn nede i fjøra, og dei reknar med ca. 20 omnar i alt. Den første registrerte kalkleveransen til Bergenhus slott blei registrert allereie i 1516/17 av Gunnar på Flakke, og dei reknar at det var kalkomn her også i mellomalderen. Det har vore kalkomn i bruk her like til 1900/1901, og truleg med om lag 8-10 karar i arbeid på det meste.
Det var ei svovelkisgrue på Tysnes i området Selvågen, som var i drift i 1880-åra, og som Det Bergenske Grubeselskab åtte.. Denne grua vart også driven av Norske Svovelgruber A/S fra omkring 1916, med 20 ansatte. Det er råd å besøkja denne grua ved seinare høve.
Vi takka Olav Skjelvik, æresmedlem i laget, og leiar Sigurd Bjordal i Tysnes Sogelag for god mottaking og ein spanande tur gjennom Tysnes og bygdene her.
Deretter køyrde alle deltakarane i privatbilar til Hordanes ferjekai og tok ferja over til Jektevik, og vidare til Fitjar fjordhotell for middag og overnatting.
Festmiddag på Fitjar fjordhotellUtsikt over Fitjar sentrum sett frå Rimsvarden.
Sundag 1. juni Vi treivst godt på Fitjar fjordhotell, der frukost vart servert frå kl. 07, med godt utval av gild mat. Etter frukost møttest vi i Fitjar Kultur- og Idrettshus for årsmøte i Hordaland Sogelag. Det er skrive eigen protokoll frå årsmøtet, som er utsendt til sogelaga, og vert lagt inn på vår nettside hordalandsogelag.no.
Kl. 11.30 møtte vi Christer Steward Aarbø, leiar i Fitjar Sogelag, som tok imot oss. Saman med Kjetil Rydland leia dei turen gjennom tettstaden Fitjar, fortalde om endringar og ombyggingar av sentrum, der det i dag bur omlag 2000 menneske. Like nedanfor kongsgarden ligg noverande Fitjar kyrkja frå 1867. Her har truleg vore kyrkje alt i mellomalderen, men ruinane etter denne er ikkje synlege i dag.
Omvisning Fitjar sentrum med kyrkja og Håkonsparken.Rimsvarden – gravrøys frå bronsealder.
Håkonarparken ligg også midt i Fitjar sentrum med ein statue av Håkon den gode. Statuen er laga av bilet-hoggaren Anne Grimdalen og blei avduka av kong Olav V i 1961 under 1000-årsjubileumet for slaget på Fitjar.
Vidare oppover klatra vi opp stien til Rimsvarden med oversyn over kongsgarden og heile leida ut fjorden med alle øyane utanfor.
Flokken samla på Rimsvarden.
Rimsvarden ligg høgt og fritt, ei veldig gravrøys på høgaste nuten med vidt utsyn over Fitjar-bygda og øyane utanfor. Med sine 30 meter i tverrmål og innpå 4 meters høgd, er dette eit av dei største forhistoriske gravminna som finst i Hordaland. Kring 1790 fann dei ei stor helle i røysa. Det viste seg å vera tak over eit fint mura, firkanta gravkammer. I gravkammeret låg eit sverd og ein kniv av bronse. Kniven kom bort, men sverdet er å finna i Universitetsmuseet i Bergen sine samlingar. Sverdet kan daterast til siste del av eldre bronsealder, dvs. godt og vel 1000 år f.Kr. Det er eit praktvåpen som har vitna om status og makt for eigaren. Den store dekkhella enda som gravstein på kyrkjegarden – 3000 år etter at ho vart lagd over grava til bonden i bronsealderen.
Fitjar var i lange tider ein kongsgard og truleg eit høvdingsete sidan bronsealderen. I dag er kanskje staden mest kjent for slaget ved Fitjar. Slaget ved Fitjar var det siste slaget i ein krig mellom Eirikssønene som etterfulgte faren Eirik Blodøks og deira onkel Håkon Adalsteinsfostre, også kalt Håkon den gode, om makta over Norge. Det var dessutan ein kamp mellom Norge og Danmark om herredømmet over Viken (Oslofjordområdet).
Sogespelet Kongen med gullhjelmen eller Håkonarspelet er eit spel til minne om kong Håkon den gode og slaget som vert tidfesta til 960.
Kongsbrønnen
Kongebrønnen fekk vi så vidt innom og besøkja. Dette er den gamle brønnen som på folkemunne vart kalla «Kongsbrønnen» eller «Håkonarbrønnen», og som i dag er eit kulturminne frå den tida Harald Hårfagre, og seinare sonen Håkon den Gode, hadde kongsgard på Fitjar.
Vi nådde tilbake til ein velsmakande lunsj på Fitjar fjordhotell kl. 13, med kaldtbord der dei hadde både varme og kalde rettar, og eit stort utval deserter og kaker til kaffien. Deretter gjekk turen til Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, eit nytt stort bygg med kultursal for 280 personar, slik at her opnar vi opp for andre interesserte også.
Føredrag 2; «Snorre Sturlason: liv og lagnad» ved Karvel Strømme om folk frå Fitjar og omland som busette seg på Island. I årbok for Fitjar sogelag 2013 finn de ein artikkel av Karvel Strømme om same tema som han hadde for oss på Fitjar søndag.
Føredrag 3; «Fitjarhistoria på 30 minutt» Overblikk over Fitjarhistoria med bilete ved Bjørn Haaland og Christer Steward Aarbø. Vi fekk også sjå ein kort filmsnutt frå UiB om nye arkeologiske utgravingar på Fitjar i 2024. Vidare informasjon om desse tema ligg inne på nett: fitjarsogelag.no. Her finn de også Fitjar sogelag si årbok for 2013 lagt ut med foto og tekst. Dessutan er her podcast/lyd med fleire spanande intervju frå Fitjar.
Etter siste foredraget avslutta vi Lokalhistoriske dagar på Fitjar og tok på heimveg, godt fylde av inspirerande forteljingar om historiske funn i dette området. Stor takk til Fitjar sogelag ved leiar Christer Steward Aarbø og Kjetil Rydland for god mottaking, og eit godt gjennomført arrangement for historieinteresserte deltakarar frå heile Hordaland.
Bjørn Haaland og Christer Steward Aarbø held foredrag. (Foto: Kjetil Rydland)
Vi takkar for godt arbeid og samarbeid dette året!
Jula stundar til! Eit nytt år vil vonleg koma. Vi kan sjå tilbake på eit aktivt år i alle lokale sogelag med innsamling av informasjon, nye årbøker m.a. Lokalhistoriske dagar, i år på Stalheim, saman med årsmøtet for laget var høgdepunktet for oss. Vaksdal sogelag med Sigmund Simmenes var vertslag for studieturen «Osterøy til vanns». Svært vellukka. Fullasta (nestes overfylt) båt! Kanskje me bør opna opp for fleire med å tilby turen på nytt?! I mai neste år er det planlagt årsmøte og lokalhistoriske dagar og også studietur «Osterøy til lands», no med Osterøy sogelag som vertslag. Heimesida skal gje informasjon for den som vitjar henne.
Vi ynskjer alle ei retteleg god julehøgtid og alt godt for komande dagar!
Takk for trufast medlemskap, eit medlemskap eg vonar du vil ha nytte av! Ekstra takk til dei som tok turen til Stalheim i høve Lokalhistoriske dagar og årsmøtet i regi av regionslaget. Nokre fleire lokallag var representerte i år enn før. Neste år vonar eg fleire vert med!
Tida er inne for å betala medlemspengar, kr 10 per medlem med minumum sum kr 500 og maksimalt kr 5000.
Ver gild og betal til brukskontoen vår 36325722899, innan 30. juli 2024.
Kvittering kjem på kontoutskriftet til den enkelte. Det vert ikkje sendt eigen faktura då det er fordyrande. Send meg også informasjon om antal medlemer, gjerne som melding ved betaling. Du skal berre betala medlemspengar for betalande medlemer. Har det vore endringar i styreverv er det viktig å gje melding om dette.
Ver du helsa frå Hordaland sogelag v/styreleiar Anne Liv Soldal
Til stades: Anne Liv Soldal, Sigmund Simmenes, Kjell Alvheim og Ågot Gammersvik Forfall: Knut Farestveit
Sakliste:
1. Konstituering av nytt styre
Styreleiar: Anne Liv Soldal Nestleiar: Sigmund Simmenes Referent: Ågot Gammersvik Styremedlem: Knut Farestveit Styremedlem: Kjell Ingar Alvheim Varamedlem: Nils Arne Ekerhovd Varamedlem: Gunnar Strand
Vedtak: Forslag vedtatt som framlagt ved styreleiar.
2. Evaluering av årsmøtet
Dette årsmøtet kunne vore betre strukturert og betre førebudd.
Det kom gode tilbakemeldingar på innleiande runde med presentasjon av alle delegatane og kva lokallag dei representerte.
Delegatane var også nøgde med val av stad og innhald i dei lokalhistoriske dagar på Vossestrand.
Forbetringspotensiale når det gjeld:
Årsmelding kan gjerast fyldigare og med foto
Handlingsplan må settast opp tydelegare og gjerne med meir informasjon
Framlegg til val kan settast opp meir oversiktleg
Det må gjerast tydeleg i handlingsplanen kva som er kurs og kva som er studietur.
Vedtak: Styret følgjer opp med forbetring av førebuing av årsmøte 2025. Sigmund lagar framlegg til årsmelding, og Ågot lagar framlegg til oppsett for handlingsplan med foto.
3) Eventuelt
Reiserekning og utlegg må sendast Anne Liv snarast.
Vossestrand sogelag betalar for heile kulturprogrammet båe dagar.
Dei betalar og for lunsjen på Vossestrand hotell sundagen. Utsendingane betalar berre for maten på Stalheim hotell laurdagen. Påmeldingsfrist til annelivsol@gmail.com, telefon 90941272, vert sett til 28. april 2024
Tidlegare har deltakarane betalt inn til Hordaland sogelag ved påmelding og så har vi betalt samla for kulturprogrammet m.m. Trygve Dugstad på Stalheim gjer opphaldet rimeleg for oss.
Utsendingane tingar rom direkte på hotellet, telefon 56520122. @-post trygve@stalheim.com.
Lokallaga betalar direkte til hotellet/hotella etter oppgjevne prisar.
PROGRAM:
Laurdag 11. mai Kl. 12.00: Frammøte med innsjekking og lunsj på Stalheim hotell. Velkomsthelsingar. Kl. 13.00: Omvising på Stalheim museum v/Trygve Dugstad. Dei som vil, kan gå ned til minnesteinen for Per Sivle øvst i Stalheimskleivi. Kl. 16.00: Trygve Dugstad fortel om kunstverka på Stalheim hotell og anna om hotellet si soge. Kl. 17.30: Musikkinnslag og verbale innslag m.a. om Per Sivle v/Gudmund Furu m/fl. Kl. 19.00: Festmiddag på hotellet. Kulturelle innslag.
Sundag 12 mai Kl. 09.00: Frukost Kl. 10.30: Årsmøte på hotellet Kl. 12.00: Etter utsjekking køyrer me til Oppheim kyrkjegard der me vitjar «Mor si grav». Kl. 13.30: Frammøte ved minnesteinen for spelemannen Sjur Helgeland i Myrkdalen. Kl. 14.00: Lunsj på eit hotell i Myrkdalen. Folkemusikk v/lokale musikarar. Kl. 16.00 Heimreis.
Ver velkomen til ei minneverdig helg! For Hordaland sogelag Anne Liv
Me har hatt 4 styremøte, det første på Askøy like etter årsmøtet for 2023. Der fordelte me rollar internt i styret. Leiar, Anne Liv Soldal, var attvald for 1 år på årsmøtet. Elles held alle fram i rollane sine; Knut som nestleiar, John Ernst som kasserar, Ågot som skrivar og Sigmund som styrelem. Mikal Heldal fekk attval som 1. vara og han er trufast med på styremøta våre. Han har også vore representanten vår på møta haust og vår i regi av Landslaget for lokalhistorie. Kjell Ingar Alvheim har halde fram som 2. varalem til styret. Me planla kurs, studietur og komande styremøte.
Det andre styremøte, 24. august, kombinerte me med kurs der Hedvig Ølmheim stod for regien (15 møtte) på Vestlandshuset i Bergen. Diverre vart kasseraren vår alvorleg sjuk like etter årsmøtet. 24. august formaliserte me ei ny rollefordeling internt i styret der Knut vart kasserar, Sigmund lestleiar og tidlegare kasserar vart styrelem.
Komande årsmøte og lokalhistoriske dagar var lagt til Vossestrand sogelag så me fekk eit styremøte der 22. september før vintersesong og «dvaletid» for Stalheim hotell. 20. februar fekk me rydda tid og plass for eit styremøte i Bergen.
Referat frå styremøta er å finna på heimesida til regionslaget. Om me skal ha fleire møte før «dvaletida» er over er uvisst, men høve til kontakt internt i eit styre samansett av dugande og pliktoppfyllande medarbeidarar er enkelt og alltid «på nett», «på tråden» ..i alle fall PÅ.
Sommerakademiet inviterer til historisk tur i Vesterleid.
SHETLAND. ”Kultur og Historietur” Shetland, eit samfunn vi har mye til felles med. Tidspunkt: 25.mai – 1.juni. 2024 Avreise frå Bergen med fly Sommerakademiet inviterer til historisk tur i Vesterleid. Vi besøker Shetland, dette øy samfunnet vi har så mye til felles med. Tema for turen er historie og Shetland som samfunn. På denne turen til Shetland har vi med Kristin Prestvold som historisk guide foruten Karin Flatøy Svarstad, leiar av Sommerakademiet som turleder, Karin har lang røynsle og god kjennskap til øyane i Vest. Kristin Prestvold er arkeolog og jobbar til dagleg med kulturminner i Trøndelag Fylkeskommune. Ho har stor kunnskap om historia og kulturminner på Shetland og brenn for å formidla dette. Ho har reist i Vesterleid i mange år for å studera og kartleggja arkeologiske funn og historie. Ho har skrive boka «Oppdag Vesterled» som omhandlar historiske kulturminner, et must å ha om ein tenkjer å reise i Vesterlid til Shetland. Les meir om turen her.
Referat frå styremøte i Hordaland sogelag 26. mars 2023 Tid: 26. mars kl. 10.30 til 11.00 Stad: Biologen Hotell, Herdla Til stades: Anne Liv Soldal, Knut Farestveit, John Einarsen, Mikal Heldal, Kjell Alvheim, Sigmund Simmenes og Ågot Gammersvik
SAKLISTE:
Konstituering av styret Anne Liv Soldal, styreleiar, vald av årsmøtet Knut Farestveit, nestleiar John Einarsen, kasserar Ågot Gammersvik, skrivar Sigmund Simmenes, styremedlem
varamann: Mikal Heldal
varamann; Kjell Ingar Alvheim Vedtak: Konstituering som framlagt.
Kurs i fotoarkiv Styreleiar følgjer opp vedtak frå årsmøtet og tek snarleg kontakt med Hedvig Ølmheim i Sogn for å finna dato, tid og stad for kurs i fotoarkivering denne våren. Vedtak: Som framlegg.
Planlagt tur til Isle of Man Knut Farestveit og Sigmund Simmenes føljer opp tur til Isle of Man 21.-25. august 2023. Manglar 6 fleire påmelde for å gjennomføra tur. Frist måndag 27. mars. Vedtak: Saka vert følgd opp.
Utsending frå Hordaland Sogelag til Landslaget sitt årsmøte Vedtak: Sigmund Simmenes representerer Hordaland Sogelag på Landslaget sitt årsmøte i Tønsberg i mai 2023.
Framlegg om gjennomgangskontingent til Landslaget sitt årsmøtet 2023 Styret følgjer opp framlegg frå Årsmøtet om å leggja fram forslag om gjennomgangskontingent på Landslaget sitt årsmøte 2023. Det må presiserast at det er snakk om å søkja kompensasjon pr. medlem, ikkje momskompensasjon som mange har oppfatta. Vedtak: Sigmund Simmenes og Ågot Gammersvik får i oppdrag å laga framlegg til tekst. Dette vert å senda styret til vidarehandsaming/godkjenning på e-post. Arbeidet må i gang straks, då ein har kort frist på innsending av saker på Årsmøtet 3-4. mai 2023.