Lokalhistoriske dagar og årsmøte 11-12. april 2026    

Referat ved Ågot Gammersvik

Besøk hjå Dale Fabrikker med direktørboligen til grunnleggjar Peder Jebsen i forkant, og to av dei fire fabrikkbygningane på rekke og rad mot høgre. 

Laurdag 11. april:
Vaksdal historielag tok imot utsendingane til Lokalhistoriske dagar i kantina på «Dale of Norway» på Dale. Her var det servering av betasuppe, og ordførar Hege Eide Vik orienterte om Vaksdal kommune. Lorentz Tvedt, produktutviklingsleiar i Dale of Norway, orienterte om fabrikk-historien og tok oss deretter med rundt i bedrifta. Vi fekk besøkja veveriet og monteringsalen, salsavdeling og fabrikkutsalet.

Dale Fabrikker, grunnlagt i 1879 av Peter Jebsen i Vaksdal, er ei historisk norsk tekstilbedrift kjent for høgkvalitets ullvarer. I dag er verksemda delt i to: Dale of Norway produserer ikonisk strikkegensarar, mens Daletec lager flammehemmande tekstilar. Dette er eit norsk tekstilindustri-selskap som held til på Dale i Vaksdal, og produksjonen foregår framleis her. Selskapet er frå og med 2019 eigd av den franske ski- og sportsutstyrprodusenten Rossignol (20 prosent) og av det norsk-svenske oppkjøpsfondet Altor.

Dale er industristaden som blei bygd opp rundt Dale kraftverk og Dale Fabrikker. Denne fabrikken hadde på det meste 1250 arbeidarar. Dei fleste budde på Dale, men mange arbeidarar kom også tilreisande med tog og buss frå nabobygdene Stanghelle, Vaksdal, Stamnes og Bolstad mfl. Fleire kom også frå andre landsdeler og busette seg fast på Dale, mange frå Nord-Noreg.

                 Mottaking av ordførar i Vaksdal Hege Eide Vik, før omvisning på fabrikken

Frå Dale gjekk turen vidare med bilar langs Bolstadfjorden til Straume. Her tok lærar Eidrun Straume Normann imot oss og fortalde om Straume kulturlandsmuseum, med steinalderbuplassen Skipshelleren, dragebryggja, naustrekkje, bustadhus (1500), laksegilje og skulehus. Ågot Gammersvik orienterte om laksefiske, og Sigmund Simmenes tok ei gruppe med seg til Skipshelleren. Deretter møttest alle i skulestova på Straume.

Den kraftige fjordstraumen ved Straume har vore sjølve grunnlaget for busetnad, næringsliv og samferdsle frå dei eldste tider. For meir enn 6000 år sidan kom fangstfolka – laksefiskarane og hjortejegerane – og fann seg livd under Skipshelleren. Gardane her ligg på store terrassar av aur og sand etter istida, bygde opp av den sterke straumen der Bolstadfjorden er på det smalaste. Sanden har gjeve inntekt og arbeidsplassar; ei næringsdrift som har sett sitt stempel i landskapet og skapte auka busetnad frå 1800-talet og opp mot vår tid. Dei høge giljene fortel om ei anna inntektskjelde: laksefisket.

Skipshelleren
er ein bu- og fangstheller frå steinalderen, eit overheng under bergveggen.
Hellaren har vore nytta som buplass og som fangstplass fra før-historisk tid. Buplassen var
utgraven av arkeologar på 1930-talet, og skal på nytt utgravast no 100 år etter. Her er eit 1,7
meter tjukt kulturlag. Det eldste sjiktet skriv seg frå steinalderen og inneheldt store mengder
oldfunn og dyreknoklar, av hjort, fjordsel og villsvin. Det er også funne rester etter sau, geit og ku.

Skipshelleren
Bolstadstraumen med laksegilja Straumshovet. Dragebryggja i stein ser ein i forkant av biletet.
Rekkja med grindbygde naust i forkant.

Økomuseum
Kulturlandskapssmuseet – eit «økomuseum» – syner korleis naturkrefter og naturressursar har vore grunnleggjande for liv og busetnad gjennom mange tusen år. Bustadhuset Kallestadstova, stavnausta og skulemuseet gjev eit nærbilete av daglegliv og byggeskikk i seinare hundreåra.

Dragebryggja
Bolstadfjorden var ferdsleåra for Vossebygdene lenge før vegane og bruene si tid. Heller ikkje sjøvegen var fri for farar, og Dragebryggja vart bygd for å meistra dei sterke naturkreftene i straumen. Lokalbåten «Oster» gjekk i si tid opp straumen og gjennom Bolstadfjorden til Bolstad.Både lokalbåten og langt mindre farkostar kunne trengja drahjelp gjennom straumen når sjøen fjæra eller flødde. Den mindre lokalbåten «Jaabæk» gjekk med passasjerar opp straumen og inn Bolstadfjorden til Dalseid, der ein kunne ta tog vidare til Voss eller mot Bergen. Ny veg og bru over straumen vart opna først i 1963.

Naustrekkja
På austsida av straumen ligg fire naust som truleg er bygde tidleg på 1800-talet. Nausta er bygde i grindverkskonstruksjon, ein byggjeteknikk som går attende til forhistorisk tid. Stavane og den tversgåande beten utgjer ei grind, dei langsgåande stavleiene ber takkonstruksjonane. Dei opne veggene utan kledning er særmerkte for dei indre fjordstrøka. I stavnausta på Straume vart «byveden» lagra før han vart frakta til Bergen med ostraskutene.

    Kallestadstova frå 1500-talet, eksteriør og interiør.
Skulestove frå 1919 med husrom for lærar, utstyrsrom og sløyd/handverk på loftet.     
I dag står det berre 10 slike laksegiljer att.

Laksagiljer og sitjenota
Laks og aure har i uminnelege tider vore fanga med ulike reiskapar i fjorden og straumane her. Funn i steinalderbuplassen ved Skipshelleren fortel at laks truleg vart fanga med onglar. Garn, teiner og ruser har vore nytta i elvane like fram mot vår tid. I fjordane vart garnbruken kring 1500 utvikla til eit «laksevarp» og vidare til det vi i dag kjenner som sitjenot. Sitjenøtene og dei høge laksegiljene er ein fangstteknikk som har utvikla seg i fjordbygdene på Vestlandet. Sitjenota, ein garnpose som er open i den eine enden, står i sjøen rett under gilja, med eit ledegarn inn til posen. For at sitjenota skal stå støtt i straumen, er ho festa med strenger til lands og med steinar til botnen. Laksefiskarane sit i ei lita hytte på toppen av gilja, høgt over fjorden. Når dei ser at laksen er komen inn i nota, stengjer dei notposen med eit «drag».

På Straumshovet er det lett å stå frampå haugen og sjå når laksen går oppover straumen. Tidlegare var det berre ein enkel benk å sitja på. Den første gilja vart reist på slutten av 1800-talet. Laksefisket fekk eit kraftig oppsving frå 1870, då marknadsverdien på laks og aure auka. Dette skapte stort press på ressursane, som førte til lovfesta innskrenkingar av fisketida og regulering av reiskapsbruk. Laksefisket gav gode inntekter til grunneigarane. Det var eit interessant fiske, med relativt små investeringar. Til gjengjeld var det stor spaning knytt til fisket og von om «det store draget», med nota full av sølvblenkjande laks.

Etter omvisinga vart det avslutning for besøket til Vaksdal kommune, og vi kjørte til Fotlandsvåg på Osterøy. Her innlosjerte vi oss på Fjordslottet hotell. Vi fekk god mottaking av vertsfolket, og ein nydeleg middag.

   Under middagen fekk vi konsert av medlemmer i Osterøybelgen i Osterøy Spel- og Dansarlag.

Fjordslottet hotell i Fotlandsvåg, der årsmøtet vart halde med representantar frå lokallaga i Hordaland sogelag.

Søndag 12. april:
Etter ein god frukost var det årsmøte for Hordaland sogelag i salen på Fjordslottet hotell.
Protokoll frå årsmøtet finn ein som eigen post på nettsida hordalandsogelag.no

Lonevåg, slik tettstaden ligg ved Loneelva inst i Lonevågen på Osterøy.

Lonevåg
Lonevåg er tettstad og administrasjonssenter i Osterøy kommune, og eit knutepunkt for
næringslivet i kommunen. Tettstaden har fått navnet etter Lonelva som renn ut i sjøen i
ein smal våg. Dette er den opphavelege «Lonevågen». Nedre del av Lonevassdraget er
ein flat elvedal. Den smale Lonevågen går 5 km innover fra Osterfjorden.

Då den nye kommunesammenslåinga kom i 1964 blei det bestemt at Lonevåg skulle bli
administrasjonssentrum i Osterøy kommune. Det vart då gjort vedtak om å byggja rådhus
og ungdomsskule her. I dette senteret finn ein biblioteket, butikkar og kafèar mv.

Frå midten på 1800-talet vaks det fram verkstadar som laga dei velkjende ostra-kistene, og desse vart omsett i Bergen. Seinare vart kistene kjent som reisekoffertar eller amerikakoffertar. Like ovanfor Fotlandsvåg ligg Herlandsfossen, som vart utbygd til kraftstasjon i 1919. Kraftverket fekk store og viktige kraftkundar, og gjorde det mogleg å starta industri på Osterøy.

Orientering om Hosanger i Mjøsvågen ved Geir Kleiveland. Deltakarane står her like
nedanfor Hosanger kyrkje frå 1796. Denne steinkyrkja er reist på tomta etter stavkyrkja
frå tidleg 1300-talet, og tømmerkyrkja frå 1600-talet, som brann ned i 1795.

Hosanger
1. Januar 1964 ble den delen av Hosanger som ligger på Osterøy slått sammen med deler av Bruvik, Hamre og Haus kommuner til den nye Osterøy kommune. I det høve vart det bygd nytt kommunehus på Hosanger.

Rundt Mjøsvågen låg nausta plassert, og her finn ein endå eit tett sjøbruksmiljø. Nokre av bygningane er vanlege naust, men dei fleste har og rom til små verkstadar og næringsverksemder. Her har mange av gardane omkring skaffa seg ekstrainntekter som smedar, treskomakarar, gjørtlarar, kistesnikkarar og rosemålarar. Kring 1865 tok dei til å arbeida fine kister, som dei selde i Bergen. Etter kvart vaks det fram kisteverkstader i Mjøsvågen. Inst i Mjøsvågen kom det etter kvart mekaniske verksemder, som framleis er i full drift. Her finn du framleis Hosanger treskofabrikk, som er blitt eit lite museum med handverkshistorie.

Mjøsvågen er i dag eit verna naust og verkstadmiljø der dei no kan tilby nytt liv i bygningane og områda rundt.

Mjøsvågen med kommunehuset øvst, og Mjøsvågen Landhandel kroa med småbåthamn nedst. Her ligg også Galleri Mjøsvågen, eit lite kunstgalleri.

Ordførar Alexander Thunestveit ønska velkommen til Osterøy kommune.

Gjerstad og Osterøy museum
Frå Hosanger køyrde vi vidare til Gjerstad. Her ligg Osterøy museum i dag og den nye laftastova til Osterøy Sogelag.

I stova vart vi mottekne av ordførar i Osterøy kommune, Alexander Thunestvedt. Han orienterte om Osterøy kommune, om øya med allsidig småindustri og stor kulturell aktivitet. Osterøy sogelag serverte lunsj, med varm kaffi, te og brus. Styreleiar Geir Kleiveland fortalte også om aktiviteten i sogelaget, om det nye lageret der dei mange årbøkene er lagra. Her kunne vi kjøpa årbøker, men også andre bøker sogelaget har produsert med historiske tema frå Osterøy.

Vi fekk også orientering om Gjerstad museumsområde med tilflytta bygningar i det gamle tunet, og nybygg med både faste og skiftande utstillingar. Osterøy museum vart etablert i 1920, og viser levemåten i bygdene på øya og handverksteknikkane som vart nytta her. Museet har spesiell kunnskap om tekstil- og drakthistorie, oppstadvev og lokal byggeskikk, og er eit samlingspunkt for dei med interesse for lokalhistorie frå Osterøy og Nordhordland.

Samlingane til Osterøy museum på Gjerstad, og kaffiøkt med Geir Kleiveland som fortel om det nye lagshuset til Osterøy sogelag.

Hordaland sogelag fekk orientering om Hamre kyrkje. 

Hamre kyrkje
Dette er ei lafta tømmerkyrkje frå 1585. Kyrkja er tjørebredd med eit ruvande tårn. Her skal det
tidlegare ha stått to stavkyrkjer. Den første skal ha vore bygd så tidleg som i 1024, og var plassert
innanfor det som i dag er koret i kyrkja. Stavkyrkja frå 1100-talet rakk litt lenger ned mot
midtgangen. Gjennom heile middelalderen var Hamre viktigaste kyrkja i regionen. Det årlege
gangdagstinget var på Hamre i dagane før Kristi himmelfartsdag, og innebar mange ritualer.
Ombygginga av stavkyrkja til slik kyrkja står i dag, gjekk etappevis frå 1585 til midt på 1600-talet.
Etter reformasjonen skulle kyrkjene ha større skip, og folket skulle ha sitjebenker i kyrkja. Denne
kyrkja er i bruk i dag. Vi fekk ei omfattande orientering om kyrkja av Kristoffer Foldøy.

Valestrand
Valestrand vart eit sentrum for garveriverksemd på Osterøy, eit handverk som har utvikla seg til
lokal industri med mange arbeidsplassar. Frå 1870-åra vart fleire verksemder skipa, og mange av
dei store nausta vi ser i vågen i dag har gitt rom for garveri og skinnverksemder.

Her finn vi også ferjeleie, med ferjeavgang kvar halvtime over til Breistein i Åsane, som gir kort
veg til Bergen. Den nye brua ligg på austsida av øya og går over Sørfjorden til fastlandet. Denne
brua stod ferdig i 1997. Slik finst det to farbare vegar til Osterøy. Den legendariske norske fiolinisten og komponisten Ole Bull hadde sommarferiane hjå besteforeldra på Valestrand. Her bygde han sommarhus sitt i 1868, kalt «Bullahuset». Det var hit han inviterte komponisten Edvard Grieg og mange andre kjenningar innan musikklivet. På Valestrand avslutta Hordaland sogelag dei lokalhistoriske dagane i 2026, og takk Geir Kleiveland og Osterøy sogelag for ei gild omvising.

 Deltakarane med utsyn mot ferjeleie på Valestrand, og Ole Bull sitt sommarhus.

Referat ved Ågot Gammersvik
Alle foto: Ågot Gammersvik og Sigmund Simmenes.

Program for lokalhistoriske dagar og årsmøte 2026

Dale Fabrikker på Dale, Vaksdal kommune

Laurdag 11. april:

11.00 Frammøte i kantina til Dale of Norway på Dale.
– Velkomsthelsing frå ordføraren i Vaksdal.
– Servering av betasuppa og orientering om Dale of Norway.      
– Omvising i fabrikken. 

13.00 Kjøring til Straume. All transport begge dagar i eigne bilar.

13.45 Landaskapsmuseet på Straume, fordeling på to stader:
– Skipshelleren (for dei sprekaste)
– Samling ved skulemuseet med info om Landskapsmuseet

16.00 Avslutning i Vaksdal-delen og kjøring til Fotlandsvåg.

17.30 Innlosjering i Fjordslottet hotell.

19.00 Middag på hotellet.

Fjordslottet hotell i Fotlandsvåg, Osterøy kommune

Søndag 12. april:

8.00 Frukost

9.00 Møtestart årsmøte, Fjordslottet hotell

11.00 Avreise og kjøring til Hosanger/Mjøsvågen

11.15 Orientering om historiske hus

12.00 Kjøring til Osterøy Sogelag si bostove på Gjerstad

12.30 Helsing frå ordføraren i Osterøy
– Kaffiøkt
– Orientering om Gjerstad museumsområde
– Evt. orientering om Havråtunet

13.30 Kjøring til Hamre

14.00 Omvising i Hamre kyrkje

15.00 Kjøring til Valestrandsfossen

15.20 Orientering om historikk for staden, m.a. om garveritradisjonar på Osterøy

16.00 Avslutning av lokalhistoriske dagar 2026.

For påmelding send ein e-post til Anne Liv Soldal: annelivsol@gmail.com

.

REFERAT FRÅ LOKALHISTORISKE DAGAR 2025

Sted: Tysnes og Fitjar
Regi ved: Regionlaget Hordaland Sogelag
Vertskap; Tysnes Sogelag og Fitjar Sogelag
Referent: Ågot Gammersvik
Last ned pdf av referatet

Det gamle Tinghuset i Uggdal, med forretningslokale og museumssamling.
Det gamle Tinghuset i Uggdal, med forretningslokale og museumssamling.

Laurdag 31. mai
Alle utsendingane møttest på det gamle Tinghuset i Uggdal, der Tysnes sogelag var vertskap og leiaren Sigurd Bjordal tok imot og viste oss inn i storstova. Varaordførar Bjarne Borg opna arrangementet og yngste oss velkomne til kommunen. Tysnes Bondekvinnelag serverte velsmakande betasuppa til lunsj. Vi vart oppvarta av tre unge jenter, som hadde starta eiga bedrift på Tysnes.

Etter kaffi og kaker fekk vi foredrag av Atle Tornes om utvandring til Amerika. Det var stor utvandring frå Tysnes, men mange kom også attende til øya. Enkelte reiste fram og attende over Atlanteren, medan kone og familien var att heime.

Olav Skjelvik fortel om museumssamlinga i Tinghuset.
Olav Skjelvik fortel om museumssamlinga i Tinghuset.


Etter maten vart det omvisning i den lokale museumssamlinga i Gamle Tinghuset frå 1910. Olav Skjelvik fortalde både om samlinga og om gjenstandar og kleda i samlinga. Her var også minne, foto og gjenstandar frå Amerika-fararane, og dei mange sjøfolka som kom frå Tysnes. Vi fekk også høyra soga om visa «Anne Knutsdotter», ei norsk vise som har glidd inn i folkevisetradisjonen vår. Teksten kjem frå teaterstykket «Han har det strengt» fra 1865, som er skrive av bergensaren Claus Pavels Riis, som på denne tida var proprietær på Tysnesøy. Museet hadde ei eiga samling av Claus Pavels Riis sine skrifter, vel forvart i eigen monter.

Vi drog vidare på busstur rundt på øya med Olav Skjelvik og Sigurd Bjordal som guidar. Det vart ikkje tid til så mange stopp på turen, men vi fekk høyra om historie og kulturminner på Tysnes.

Foredrag av Atle Tornes om utvandring til Amerika frå Tysnes.
Foredrag av Atle Tornes om utvandring til Amerika frå Tysnes.

Njardarlog er det gamle namnet for øya Tysnes. Namnet vert knytta til harudane si innvandring på Vestlandet i bronsealder eller eldre jarnalder og deira dyrking av grødegudinna Nerthus, som seinare vart til guden Njord. Andre lokale namn frå denne tidsepoken, Godøy, Lunde, Vevatn, Hovland, Onarheim og truleg Helland (Helgaland) har såleis samanheng med den sentrale dyrkinga av Njord, som hordane knytte til Tysnes. Nemninga Njardarlog for hovudøya Tysnes stod ved lag til reformasjonen i 1530, og levde sidan vidare i folketalen fram til våre dagar.

Handelsstaden Årbakka.

Vi kjørte gjennom Lunde-bygda, som har ein historie som går langt attende i tid. Det er mellom anna gjort steinalderfunn i Gripne, der vi veit at det har vore busetting sidan bronsealderen. Det er fleire myter knytt til Vevatne og Vevatnevatnet, det heilage vatnet, som vert rekna som det mest sannsynlege staden for dyrking av den førhistoriske guden Njord.

Olavsgildet – var ein brorskap som samla folk frå store delar av Sunnhordland og Hardanger i mellomalderen. Olavsgildet fann stad på Tysnes. Gilde vart innført i Norge av kong Olav III Haraldsson Kyrre (1050 – 1093. Konge 1067 – 1093) Gilde var foreiningar eller selskap på katolsk, kristeleg grunnlag som heldt sammenskuddslag til nytte og glede for medlemmene.. Her er gjort nokre funn langs den gamle prosesjonsvegen frå Uggdal til Onarheim, mellom anna ein ljosestake som står på museet. Hordaland sitt fylkesvåpen med to økser og ei krona over, kjem frå eit segl som vart funne etter Olavsgildet på Tysnes. Dei to øksene finn ein òg att i Tysnes sitt kommunevåpen.

Årbakka Handelsstad er ein gamal handelsstad frå1898, med handelsbu, smie og sjøbu. Smie og sjøbu måtte byggjast nye etter brann i 1929. Her har vore dampskipsekspedisjon og postkontor fram til 1960, då handelsverksemda var flytta opp til hovudvegen. Bygningane står innvendig og utvendig omlag slik dei var i 1930-åra.

Onarheim kyrkje vert første gongen nemnd i skriftlege kjelder i 1327, men mellomalderdelen må ha vore eldre. I 1820 vart kyrkja rive, berre koret stod att. Fram til den noverande kyrkja vart bygd i 1893, låg dei gamle steinmurane rundt ei lita steinkyrkje utan tårn. I den tida Onarheims gildet eksisterte, var kyrkja også gildet si kyrkje. Ho må såleis ha stått sentralt under olsokfeiringa, og skal då også ha bore namnet Olavskyrkja, vigd til Olav den heilage.

I 2011 vart kyrkja kulturkyrkje i Tysnes, og her er no «Spelet om Olavsgildet» sett opp, forfatta av den kjende forfattaren Johannes Heggland (1919-2008).

Så vidt vi kan sjå inngangen, men fult muleg å besøkja Gruva også i dag.
Så vidt vi kan sjå inngangen, men fult muleg å besøkja Gruva også i dag.

Kalkomnen som står i Flakkavågen i dag, ble bygd kring 1872. Dette er en kolfyrt omn. Men sjølve kalkbrenninga starta opp mykje tidligere. På dei fleste gardane her var det i eldre tid ein kalkomn nede i fjøra, og dei reknar med ca. 20 omnar i alt. Den første registrerte kalkleveransen til Bergenhus slott blei registrert allereie i 1516/17 av Gunnar på Flakke, og dei reknar at det var kalkomn her også i mellomalderen. Det har vore kalkomn i bruk her like til 1900/1901, og truleg med om lag 8-10 karar i arbeid på det meste.

Det var ei svovelkisgrue på Tysnes i området Selvågen, som var i drift i 1880-åra, og som Det Bergenske Grubeselskab åtte.. Denne grua vart også driven av Norske Svovelgruber A/S fra omkring 1916, med 20 ansatte. Det er råd å besøkja denne grua ved seinare høve.

Vi takka Olav Skjelvik, æresmedlem i laget, og leiar Sigurd Bjordal i Tysnes Sogelag for god mottaking og ein spanande tur gjennom Tysnes og bygdene her.

Deretter køyrde alle deltakarane i privatbilar til Hordanes ferjekai og tok ferja over til Jektevik, og vidare til Fitjar fjordhotell for middag og overnatting.

Festmiddag på Fitjar fjordhotell
Festmiddag på Fitjar fjordhotell
Utsikt over Fitjar sentrum sett frå Rimsvarden.
Utsikt over Fitjar sentrum sett frå Rimsvarden.

Sundag 1. juni
Vi treivst godt på Fitjar fjordhotell, der frukost vart servert frå kl. 07, med godt utval av gild mat. Etter frukost møttest vi i Fitjar Kultur- og Idrettshus for årsmøte i Hordaland Sogelag. Det er skrive eigen protokoll frå årsmøtet, som er utsendt til sogelaga, og vert lagt inn på
vår nettside hordalandsogelag.no.

Kl. 11.30 møtte vi Christer Steward Aarbø, leiar i Fitjar Sogelag, som tok imot oss. Saman med Kjetil Rydland leia dei turen gjennom tettstaden Fitjar, fortalde om endringar og ombyggingar av sentrum, der det i dag bur omlag 2000 menneske. Like nedanfor kongsgarden ligg noverande Fitjar kyrkja frå 1867. Her har truleg vore kyrkje alt i mellomalderen, men ruinane etter denne er ikkje synlege i dag.

Omvisning Fitjar sentrum med kyrkja og Håkonsparken.
Omvisning Fitjar sentrum med kyrkja og Håkonsparken.
Rimsvarden – gravrøys frå bronsealder.
Rimsvarden – gravrøys frå bronsealder.

Håkonarparken ligg også midt i Fitjar sentrum med ein statue av Håkon den gode. Statuen er laga av bilet-hoggaren Anne Grimdalen og blei avduka av kong Olav V i 1961 under 1000-årsjubileumet for slaget på Fitjar.

Vidare oppover klatra vi opp stien til Rimsvarden med oversyn over kongsgarden og heile leida ut fjorden med alle øyane utanfor.

Flokken samla på Rimsvarden.
Flokken samla på Rimsvarden.

Rimsvarden ligg høgt og fritt, ei veldig gravrøys på høgaste nuten med vidt utsyn over Fitjar-bygda og øyane utanfor. Med sine 30 meter i tverrmål og innpå 4 meters høgd, er dette eit av dei største forhistoriske gravminna som finst i Hordaland. Kring 1790 fann dei ei stor helle i røysa. Det viste seg å vera tak over eit fint mura, firkanta gravkammer. I gravkammeret låg eit sverd og ein kniv av bronse. Kniven kom bort, men sverdet er å finna i Universitetsmuseet i Bergen sine samlingar. Sverdet kan daterast til siste del av eldre bronsealder, dvs. godt og vel 1000 år f.Kr. Det er eit praktvåpen som har vitna om status og makt for eigaren. Den store dekkhella enda som gravstein på kyrkjegarden – 3000 år etter at ho vart lagd over grava til bonden i bronsealderen.

Fitjar var i lange tider ein kongsgard og truleg eit høvdingsete sidan bronsealderen. I dag er kanskje staden mest kjent for slaget ved Fitjar. Slaget ved Fitjar var det siste slaget i ein krig mellom Eirikssønene som etterfulgte faren Eirik Blodøks og deira onkel Håkon Adalsteinsfostre, også kalt Håkon den gode, om makta over Norge. Det var dessutan ein kamp mellom Norge og Danmark om herredømmet over Viken (Oslofjordområdet).

Sogespelet Kongen med gullhjelmen eller Håkonarspelet er eit spel til minne om kong Håkon den gode og slaget som vert tidfesta til 960.

Kongsbrønnen
Kongsbrønnen

Kongebrønnen fekk vi så vidt innom og besøkja. Dette er den gamle brønnen som på folkemunne vart kalla «Kongsbrønnen» eller «Håkonarbrønnen», og som i dag er eit kulturminne frå den tida Harald Hårfagre, og seinare sonen Håkon den Gode, hadde kongsgard på Fitjar.

Vi nådde tilbake til ein velsmakande lunsj på Fitjar fjordhotell kl. 13, med kaldtbord der dei hadde både varme og kalde rettar, og eit stort utval deserter og kaker til kaffien. Deretter gjekk turen til Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, eit nytt stort bygg med kultursal for 280 personar, slik at her opnar vi opp for andre interesserte også.

Foredrag 1; «Osterneset festning» ved Odd Jarl Larsen. Historia om det tyske kystfortet frå andre verdskrig og framvising av ein digital rekonstruksjon av fortet. Fleire opplysningar om Osterneset Festning kan de finna på facebook.

Kart over Island

Føredrag 2; «Snorre Sturlason: liv og lagnad» ved Karvel Strømme om folk frå Fitjar og omland som busette seg på Island. I årbok for Fitjar sogelag 2013 finn de ein artikkel av Karvel Strømme om same tema som han hadde for oss på Fitjar søndag.

Føredrag 3; «Fitjarhistoria på 30 minutt» Overblikk over Fitjarhistoria med bilete ved Bjørn Haaland og Christer Steward Aarbø. Vi fekk også sjå ein kort filmsnutt frå UiB om nye arkeologiske utgravingar på Fitjar i 2024. Vidare informasjon om desse tema ligg inne på nett: fitjarsogelag.no. Her finn de også Fitjar sogelag si årbok for 2013 lagt ut med foto og tekst. Dessutan er her podcast/lyd med fleire spanande intervju frå Fitjar.

Etter siste foredraget avslutta vi Lokalhistoriske dagar på Fitjar og tok på heimveg, godt fylde av inspirerande forteljingar om historiske funn i dette området. Stor takk til Fitjar sogelag ved leiar Christer Steward Aarbø og Kjetil Rydland for god mottaking, og eit godt gjennomført arrangement for historieinteresserte deltakarar frå heile Hordaland.

Bjørn Haaland og Christer Steward Aarbø held foredrag. (Foto: Kjetil Rydland)
Bjørn Haaland og Christer Steward Aarbø held foredrag. (Foto: Kjetil Rydland)

Årsmøte for 2024 i 2025 og lokalhistoriske dager

PROGRAM FOR ÅRSMØTET OG LOKALHISTORISKE DAGAR I REGI AV REGIONSLAGET HORDALAND SOGELAG
VERTSLAG; TYSNES SOGELAG OG FITJAR SOGELAG

Laurdag 31. mai. 12:00 – 16:00
Klokka 12: Alle møter i Gamle tinghuset i Uggdal på Tysnes der det vert opning av arrangementet og servert lunsj.

Etter mat vert det omvising i museumsdelen av tinghuset og eit føredrag ved Atle Tornes der utvandring der tema. Busstur rundt på øya med lokal guide og nokre stopp på turen følgjer etter føredraget. (Tysnes sogelag betalar og sender så samlefaktura/rekning til Hordaland sogelag) Bussturen endar ved Gamle tinghuset i Uggdal.

Derfrå køyrer alle i privatbilar til Fitjar fjordhotell for middag og overnatting. (Middagen og underhaldning vert betalt frå samlefaktura til Hordaland sogelag)

Sundag 1. juni
Frukost medrekna i romleige som kvart lokallag tingar og betalar sjølve (ikkje på fellesfaktura)

Klokka 0930-1100 årsmøte i seniorsenteret Fitjar kulturhus (5 minutt å gå frå hotellet)
Innkomne framlegg må sendast til leiar annelivsol@gmail.com innan 1. mai 2025

Årsmelding, rekneskapsoppsett, resultatoppstilling, balanseoppstilling og budjett, revisormelding, handlingsplan, vedtekter og framlegg til endring samt program for lokalhistoriske dagar vert sendt lokallagsleiarane innan 1. april.

Lokallaga sender namn på utsendingar innan 20. april 2025 Lokalhistoriske dagar fortenar større oppslutnad og difor kan lag med under 100 medlemer ha 2 utsendingar dette året.

Overnatting på Fitjar fjordhotell er reservert Hordaland sogelag. Kvart enkelt lokallag må kontakta hotellet og tinga rom (hugs å meddela at Hordaland sogelag har reservert rom). Dei betalar også overnattinga medrekna frukost.

Elles betalar kvart lokallag kr 800 for kvar utsending direkte til konto 3632 57 22899, Hordaland sogelag, innan 10. juni 2025. Hordaland sogelag betalar Tysnes sogelag og Fitjar sogelag etter samlefaktura for lokalhistoriske dagar.

Ta kontakt med styreleiar i Hordaland sogelag, annelivsol@gmail.com om noko er uklart

Dato: 1. juni. 09:30 – 11:00
Sted: Fitjar Fjordhotell

Saksliste:
1. Godkjenning av innkalling og saklista
2. Val av ordstyrar, skrivar og to til å skriva under referatet frå årsmøtet
3. Årsmelding
4. Innkomne framlegg
5. Revidert rekneskap
6. Budsjett
7. Handlingsplan
8. Fastsetjing av medlemspengar
9. Vedtekter
10. Val

Lokalhistoriske dager fortsetter
Klokka 1130-1600 har Fitjar sogelag ansvar for fagleg program:

1. Guide frå Fitjar sogelag tek oss med på historisk vandring i sentrum; Fitjar kyrkje, Rimsvarden og kongebrønnen.
2. Utsjekking og lunsj på hotellet klokka 13-1330 (betalt frå fellesfaktura)
3. føredrag i Fitjar kulturhus . Salen har 280 sete så her opnar vi opp for andre interesserte .

Foredrag 1: «Fitjarhistoria på 30 minutt» Overblikk over Fitjarhistoria med bilete ved Bjørn Haaland og Crister Steward Aarbø. Kort filmsnutt frå UiB om nye arkeologiske utgravingar på Fitjar i 2024.

Føredrag 2
: «Osterneset festning» ved Odd Jarl Larsen. Historia om det tyske kystfortet frå andre verdskrig og framvising av ein digital rekonstruksjon av fortet.

Føredrag 3: «Snorre Sturlason: liv og lagnad» ved Karvel Strømme (Fitjar sogelag legg ut og Hordaland sogelag betalar frå samlefaktura).

Klokka 1600 avslutning og vel heim

LOKALHISTORISKE DAGAR I SAMBAND MED ÅRSMØTET FOR 2024

Vossestrand sogelag var vert for årsmøtet og lokalhistoriske dagar i regi av Hordaland sogelag. 37 av dei påmelde frå 20 lokallag var samla på Stalheim hotell helga 11.-12. mai. Jorunn Gjøstein, leiar i Vossestrand sogelag, og kasserar i laget, hotellsjef Trygve Dugstad, tok imot oss etter kvart som me kom.

På romma venta ei hyggeleg overrasking, GÅVE! : Boka «Vossestrand, folk og landskap», ei rikt illustrert bok basert på norskamerikanaren Sivert P. Shelvik sine 32 dikt om heimbygda si. Her er alle garder på Vossestrand omskrive i ord og bilete.


Før matservering var det tid for å sjå den fine utsikta frå hotellet over Nærøydalen, Per Sivle sin fødested og garden Brekke der han vaks opp.

Ved bordseta, ein særdeles god lakserett med marengs-dessert, fekk vi god orientering av Jorunn Gjøstein. Ho fortalte om aktivitetane i Vossestrand sogelag: Fotosamling, lydopptak av eldre «beretninger», registrering av gamle ferdselsveger og arrangement av turer i området. Fotoregistrering vart fremheva. Her er det viktig å samla informasjon om bileta og registra kven som er avbilda. Slik vert det beste frå fortida sikra for fremtida.

Astrid Sudmann fortalde om Per Sivle, mora Susanna, født Ryum, og faren Erik Hansson Sivle som var ein av Noreg sine største hestehandlarar. Susanna fødte 3 tvillingpar, men berre Per vaks opp. Ho døydde i barselseng i 1859 då Per var 2 1⁄2 år gamal. Før skulestart flytta Per til garden Brekke. Der vaks han opp som forsterson. Brekke ligg like ved garden Sivle der faren var frå. Per er gravlagd i Drammen der faren hadde heimen sin i store deler av livet.

Håvard Skattum helsa frå Voss herad og takka for det viktige arbeidet laget har gjort ved registrering av bilete, stadnamn og historiar.


Trygve Dugstad tok oss med på omvising på Stalheim folkemuseum/Tønnebergsamlingane som ligg like ved hotellet. Dette er eit av dei største folkemuseuma i privat eiga. Her vart vi gjort kjende med ei rekke gamle bygningar, ei imponerande og innhaldsrik utstilling av gjenstandar og Lekve-huset, eit herskapshus frå 1725. Hotelleiger Kaare Tønneberg bygde opp dette museumet for å vise livet for vossingar og strandingar dei siste 2-300 åra. Søk gjerne informasjon på nettsida til museumet.

Vel tilbake på hotellet hadde Trygve Dugstad eit foredrag om historien til Stalheim hotell. Her tok han utgangspunkt i den auka interessa for norsk kultur og natur som starta i 1814. Fleire målarkunstnarar stod sentralt i denne rørsla. Her var det ei oppbygging av nasjonalkjensla. Det kom turistar sjøvegen til Gudvangen. Dei fekk skyss med hest og kjerre mot Voss. Etter råd frå reiseførar Scarlett frå Cooks reisebyrå i London starta Johan Andersen eit lite hotell på Stalheim i 1885. I dag er det det 4. hotellet som står på Stalheim. 3 ganger har hotellet brunne ned, sist i 1959 då 24 hotellgjester mista livet.

Om kvelden var det festmiddag med foredrag om Per Sivle og underhaldning.

Etter ein god frukost sundagen, opna leier for Hordaland sogelag, Anne Liv Soldal, årsmøtet og yngste alle velkomne. Før årsmøtet fortalde kvar enkelt kva dei heitte og kva lokallag dei var utsending frå. 1. varalem til styret i Hordaland sogelag, Mikal Heldal, vart vald til ordstyrar og skrivar i styret, Ågot Gammersvik, fekk jobben med å referera frå årsmøtet. Til å skriva under møtereferatet valde me Eli Bjørklid frå Nord og Midthordland sogelag og Egil Vaage frå Kvinnherad sogelag.

Referat frå årsmøtet er å finna i eige skriv.



Etter årsmøtet var det utsjekking og avreise til «Mor si grav» ved Oppheim kyrkje. På den gamle gravplassen der Susanna Sivle vart gravlagt er det eit minnemonument. Ved hovudvegen er det eit skilt som viser veg. Trygve Dugstad gav ei orientering om staden, livet hennar og reisinga av monumentet.

På Vossestrand hotell fekk me ein svært god lunsj, etterfulgt av fotografering av deltakarane. Deretter gjekk turen til minnebautaen for spelemannen og komponisten Sjur Helgeland på garden Helgeland. Her fikk vi høyre to av «Brita-Lars-Sjur» sine verk fremført på ei av felene til spelemannen. Den mest kjente var «Budeiene på Vikafjell» som Margunn Blikberg Nordgård spela for oss. Ole Kristian Åmot fortalde om livet til Sjur og om kjærleiken hans til fjelltoppane i nærmiljøet.

Før heimreisa var det samling på garden Helgeland like ved bautaen der Ole Kristian fortalde meir om Sjur Helgeland.

Som oppsummering må det seiast at dei to dagene var svært vellukka og innhaldsrike. Sola varma frå skyfri himmel og maten stod til terningskast 6. Vossestrand sogelag og Stalheim hotell ved styreleiar Jorunn og hotellsjef Trygve fortenar stor heider for eit svært godt og innholdsrikt arrangement!

Årsmøte og lokalhistoriske dager på Stalheim

Dato: 11 og 12 mai
Sted: Stalheim hotell
Utskriftsvennlig versjon av invitasjonen

Vossestrand sogelag betalar for heile kulturprogrammet båe dagar.

Dei betalar og for lunsjen på Vossestrand hotell sundagen.
Utsendingane betalar berre for maten på Stalheim hotell laurdagen.
Påmeldingsfrist til annelivsol@gmail.com, telefon 90941272, vert sett til 28. april 2024

Følgjande prisar gjeld:
Enkeltrom m/frukost: 1300 kr
Dobbeltrom m/frukost: 1900 kr
3-rettars middag: 400 kr
Lunsj laurdag: 250 kr

Tidlegare har deltakarane betalt inn til Hordaland sogelag ved påmelding og så har vi
betalt samla for kulturprogrammet m.m. Trygve Dugstad på Stalheim gjer opphaldet
rimeleg for oss.

Utsendingane tingar rom direkte på hotellet, telefon 56520122. @-post
trygve@stalheim.com.

Lokallaga betalar direkte til hotellet/hotella etter oppgjevne prisar.

PROGRAM:

Laurdag 11. mai
Kl. 12.00: Frammøte med innsjekking og lunsj på Stalheim hotell. Velkomsthelsingar.
Kl. 13.00: Omvising på Stalheim museum v/Trygve Dugstad.
Dei som vil, kan gå ned til minnesteinen for Per Sivle øvst i Stalheimskleivi.
Kl. 16.00: Trygve Dugstad fortel om kunstverka på Stalheim hotell og anna om hotellet si soge.
Kl. 17.30: Musikkinnslag og verbale innslag m.a. om Per Sivle v/Gudmund Furu m/fl.
Kl. 19.00: Festmiddag på hotellet. Kulturelle innslag.

Sundag 12 mai
Kl. 09.00: Frukost
Kl. 10.30: Årsmøte på hotellet
Kl. 12.00: Etter utsjekking køyrer me til Oppheim kyrkjegard der me vitjar «Mor si grav».
Kl. 13.30: Frammøte ved minnesteinen for spelemannen Sjur Helgeland i Myrkdalen.
Kl. 14.00: Lunsj på eit hotell i Myrkdalen. Folkemusikk v/lokale musikarar.
Kl. 16.00 Heimreis.

Ver velkomen til ei minneverdig helg!
For Hordaland sogelag
Anne Liv

Vellukka årsmøte på Askøy

Her fygjer ein artikkel skriven av Torbjørn Dall-Larsen som også står for bileta. Referat m.m. frå årsmøte vert publisert seinare på nettsida

I strålende sol møtte nærmere 40 deltakere opp til Årsmøtet og Kulturhistoriske dager på Herdla museum, av Torbjørn Dall-Larsen.

Arrangør dette året var Askøy museumslag. Leder for museumslaget, Torbjørn Dall-Larsen ønsket velkommen og kunne beklage at omvisningen på Kringkastningsmuseet måtte avlyses. De hadde nå pakket ned sitt materiale på grunn av oppussing av lokalene.

Rosalind Fosse, leder for Avdeling for oppvekst og kultur i Askøy kommune ønsket deltakerne velkommen på vegne av kommunen. I talen fremhevet hun betydningen av det frivillige arbeidet som historielagene driver for å ta vare på vår kultur og lokalhistorie.

Etter en betasuppe-lunsj orienterte leder for Herdla museum, Gunnar Furre, om Herdla og om museet som er en del av Museum Vest.

Turen gikk så til Torpedobatteriet, og underveis passerte vi minnesmerket etter skipsforliset til emigrantskuta ”de Zee Ploeg” i 1817. For interesserte anbefales det å lese om dette forliset på nettstedet
https://no.wikipedia.org/wiki/%C2%ABde_Zee_Ploeg%C2%BB
Gunnar Furre ga en fin omvisning i Torpedobatteriet, et imponerende anlegg som nå er et meget spesielt museum.

Vel tilbake i museets lokaler viste naturveileder Lars Ågren film og orienterte om arbeidet med å ta vare på vipebestanden på Herdla Så fulgte befaring i museets samlinger hvor det havarerte tyske flyet ”Gul 16” fra 2. verdenskrig imponerte.

I Herdla kirke fra 1863 holdt Erling Virkesdal en orientering om kirkene på Herdla.

Overnatting var på det nyrestaurerte hotellet «Biologen» hvor vi hadde middag og årsmøte neste dag. ”Biologen” var tidligere en biologisk stasjon for Universitetet i Bergen. Under middagen fikk vi meget fin underholdning: Nora Amanda Gundersen fremførte spansk musikk på klassisk gitar.

Detaljer fra årsmøtet er å finne i referatet fra møtet.

Etter årsmøtet og utsjekking søndag gikk turen til Strusshamn hvor Helge Holmedal, Harald Brynjulfsen og Torbjørn Dall-Larsen viste rundt i museumlagets samlinger i «Sjoddien». Her ble det så servert lunsj (lapskaus) og kaffe med kringler. Erling Virkesdal holdt et foredrag om Strusshamn før lederen i Askøy museumslag, Torbjørn Dall-Larsen, takket for fremmøtet og ønsket alle vel hjem.

Deltakerne på arrangementet uttrykte stor tilfredshet med arrangementet, sikkert påvirket av det gode været



Årsmøte og lokalhistoriske dagar.

Årsmøte og lokalhistoriske dagar 2022.

 

Eidjord kyrkje

Oppmøte i Granvin
Oppmøte for deltakarane var i det vakre ungdomshuset til Granvin som har det karakteristiske tårnet som fleire ungdomshus hadde  då dei vart bygde i 30 åra i fleire av bygdene innover hardangerfjorden. Granvin ungdomshus var ferdig i 1930 og var bygd på dugnad av bygdefolket, fortalde leiar i Granvin Sogelag Gunnar I. Folkedal. Han viste fram ungdomslagsfana som kunstnaren Nils Bergslien måla og som vart gøymt bort i siste liten før tyskarane okkuperte huset under siste verdskrigen.

Kultur- og Miljøplan for Voss herad
Trude Letnes kulturleiar i Voss herad informerte og viste fram kultur og miljøplanen til Voss herad. Voss herad  omfattar no til saman 4 sogelag etter kommune reforma i 2020.
Etter matøkt på den gamle gjestgjevarstaden Janusen som har ein meir en 300 år historie som serveringsstad, gjekk turen til Granvin Bygdemuseum ein steinkast på andre side av hovudvegen gjennom Granvin sentrum.
Bygdemuseet i Granvin
Hardingfelespelar Alexander Aga Røynstrand som er styrer for bygdemuseet, fortalte om bygningane og framførte også vakker  hardingfele slåttar for gjestene. Alexander  som er ein av dei fremste utøvarane på Hardingfele i landet bur også på staden og er også aktiv i lokalpolitikken i Voss herad.

Etter synfaringa på bygdatunet, gjekk ferda til Heradshuset i Ulvik  der forsamlinga vart hjartelag vel møtt til kaffipause i heradstyresalen. Leiaren i Ulvik Sogelag Torbjørn Dyrvik fortalde om hendingar under 2. verdkrigen der meir en 50  hus i Ulvik bygda vart  øydelagde i kampane mellom tyske og norske soldatar 25. april 1940.
Olav H. Hauge senteret.
Heradshuset inneheld også Olav H. Hauge senteret der det vart omvising før turen gjekk over hardangerbrua til Vøringsfoss hotel for festleg samvær og overnatting.
Etter frukost sundag  vart årsmøte gjennomført i rolege former.  Bremnes sogelag vart innleiingsvis ynskt velkomne som nytt medlem av Hordaland sogelag.
Årsmøte
Knut Farestveit vart avløyst som leiar etter eige ynskje og ny lear i Hordaland Sogelag vart Anne Liv Soldal. Elles vart det attval på alle  andre tillitsvalde. Økonomisk er stoda tilfredsstillande for laget, men framleis får ikkje laget tilskott frå Vestland fylke slik det gjorde i gamle Hordaland fylke. Dette vil det nye styret arbeida vidare med å få på plass.
Nils Bergslien.
Galeriet til multikunstnaren Nils Bergslien er også ein del av hotel bygget og det vart tid for ein omvising i dei lyse og vene lokala.
Eidfjord gamle kyrkje.
Etter årsmøte var det synfaring i gamle Eidfjord steinkyrkje som vart bygd i 1309. Ifølgje soga vart kyrkja bygd av Rike-Ragna Åsoldotter som son offer for syndige handlingar i livet.
Rike -Ragna budde på garden Sæ i Simadalen, nordaust for Eidfjord. Soga fortel at ho var ute og rodde på fjorden med manne sin og dei krangla så fælt at ho sette han av på eit skjær til ho fann det for godt å ro ut og henta han.  Mannen stakkar omkom ved flo sjø, og Ragna bygde kyrkja som bot for å ha skulda for mannen sin død. Hennar store gravstein med bilete av apostelen Jakob som kyrkja er vigd til, står framme i kyrkja til side for alteret.
Under alteret står  7 kister, og ei av dei er kista til Anders Andersen Riber, fyrste protestantiske prest som var sendt av danskekongen for å reformera den katolske kyrkjelyden. Han gifta seg med Katarina Helvig Galtung og har mange etterkomarar i Hardanger og i Sunnhordland.

Biografi.
Anders Andersen Riber (ca. 1627-1688) var rundt 20 år gammel da han ble innskrreven i 1647 ved Københavns Universitet i Danmark, frå Ribe katedralskule. På latin vart han omtala, «Andreas Andreas Rincopius» på sin inskripsjon. Landsarkivet for Nørrejylland seier at han derfor trulig er født i den vesle byen Ringkøbing på austkysten av Jylland. Ifølgje Mandrup Hjeltnaes var Anders Andersen Riber frå Jylland, Danmark, biskop i Eidfjord prestegjeld i Hardanger der han ble ordinert 21. august 1656. Han blei buande  der til han døyde på langfredag i 1688. Han gifta seg med Katarina Helvik Lauritsdatter Galtung, dotter av Lauitz Johannesson Galtung fra Thorsnes. Katarina ble født i 1635 og døyde i Eidfjord i 1693 i en alder av 58 1/4 år.

Her følgjer ein del bilete frå årsmøtesamlinga.

styre
Styre 2022. Frå vestre Sigmund Simennes, John Einarsen, Knut Farestveit Anne Liv Soldal,
Mikal Heldal.

Hardigfele

Alexander Røynstrand spelar hardigfele etter matøkta på laurdagen.

Takk for laget

Avtroppande leiar i Hordaland sogelag takkar leiar i Granvin sogelag for eit vellukka årsmøte.

Alteret

Under alteret i Eidfjord gamle kyrkje står kista til Anders Andersen Riber.

Munkar

Eit karakteristisk bilete måla av Nils Bergslien.

Gravstein

Rike-Ragna Åsolsdotter sin gravstein står ved alteret i kyrkja.

Styre og tillitsvalde på årsmøte i 2022.

Leiar:  Anne Liv Soldal
Postadresse

Hovlandsvegen 12,
5610 Øustese
E-postadresse:annelivsol@gmail.com
Mobil 41648198
 
Kasserar: John Einarsen
Stemmebakken 21, 5360 Kolltveit. Telf 56331886, mobil 92098950
e.post: john@sartorholding.no
 
Mobil: 
Redaktør Kaare M. Malkenes,
Vågsneset 2,
5680 Tysnes,
Mobil 41012626
e-postadresse: kaaremalkenes@hotmail.com

Styre i 2022.
Anne Liv Soldal, leiar
Mikal Heldal, nestleiar ( på val i 2023)
John Einarsen, kasserar ( på val i 2023)
Ågot Gammersvik, skrivar( attaval 2 år)
e-postadresse: aagot.gammersvik@gmail.com

Knut Farestveit, styremedlem 2 år
Sigurd Simmenes, 1. varamedlem (attval)
Kjell Inge Alvheim, 2. varamedlem (attval)

Valnemnda:
Aslaug Olden Mala ( valt for 3 år i 2022)
Torbjørn Dall -Larsen (attval for 3 år)

Revisorar:
Harald Lindevik ( attval for 2 år)
Enride Aakre ( på val 2023)

Lokalhistoriske dagar og årsmøte 2021 på Stord.

Littlabø Gruveanlegg

Måleri av Littlabø gruveby.
 

29 deltakarar frå dei  34 laga som omfattar medlemslag i Hordaland sogelag var samla til årsmøte og lokalhistoriske dagar på Stord.

Leiar i Hordaland Sogelag Knut Farestveit ynskte vel møtt og gav ordet til leiar i Stord sogelag  Kjelbjørg Lunde som orienterte om dagens program. Oppmøte var i Heishuset til gruvemuseet på Litlabø der det var servert  varm suppe og rundstykke.  Velkommen til Stord, helsing vart også framført  av ordføraren i Stord Gaute Epland som orienterte  stoda  og framtidsplanane for omstilling til «grøn» industri og verksemd i den mektige kystkommunen.

Ivar Helleland fortalde levande om oppveksten på Litlabø og  saman med Torbjørn Marthinsen  orienterte dei båe om gruveanlegget som vart opna i 1907, før  alle fekk utdelt hjelmar  før ferda med gruvetog inn i den kolsvarte gruvegongane.

Etter omvisinga i gruva vert det servert kaffi og heimabakt kringle før omvising i dei ymse bygningane som omfattar gruvemuseet,  både det stilige administrasjonsbygget som også husar husflid laget og arbeider- og formanns bustadane.

Festmiddag  på Stord Hotel var laurdagskvelden med Kjellbjørg  Lunde som festleiar.
Etter matøkta vart det lokalt kulturinnslag med trubaduren Atle Hansen som framførte både kjente og eigen komponerte viser i spekka muntre soger til lott og løye.

Årsmøte vart avvikla i rolege former sundag 17. oktober.
Etter handsaming av årsmelding og rekneskap vart det gjennomført val av leiar og styre. Det vart attval på alle i det sitjande styre.
Årsmøte vedtok å leggja til eit nytt punkt på Handlingsplanen om å oppmoda fleire sogelag å melda seg inn i Hordaland sogelag (HS). 
Etter opprettinga av Vestland fylke har HS ikkje mottatt tilskott frå fylket som i tidlegare år. Styret vil kontakta Vestland fylke om dette.
Årsmøte uttalte at ein tek sikte på å gjennomføra årsmøte for 2022 i mars /april neste år.
Styret vurderer om ein skal skipa studietur til Isle of Man neste år.

Etter årsmøte gjekk turen til Høgskulen på Rommetveit der det vart fortalt om samt omvising på det mektige skuleanlegget gjennom 182 år. Ei interessant vandring gjennom  høgskuleanlegget vart det med Nils Tore Gram Økland som synte stor kunnskap om  dei ymse bygningane og om sentrale føregangsmenneske ved skulen  som har røter attende til 1839. En spasertur gjennom  det unike og vakre parkanlegget vart ein fin sundagstur med stopp med nausttufta frå leidangtida og ein merka og freda gravhaug . Den velstelte hagen og grøntanlegget og bygningane held Statsbygg ved like. Det meste av det unike anlegget er freda av Riksantikvaren.

Sundagen  vart avslutta med ny matøkt  i hovudbygget, der avdelingsleiar for kommunikasjon Svein Ove Eikenes orienterte om planane ved høgskulen og tankar om nye år med lærarutdanning  m.m. på Stord.

Vedlagt følgjer diverse bilete frå samkoma på Stord.

Kjellbjørg

Leiar i Stord Sogelag Kjellbjørg Lunde

Gaute

Ordførar i Stord Gaute Epland

tog

Det vesle motoriserte toget fraktar besøkande inn til synfaring i kiselgruva.

Heishuset
 

I heishuset vart det bordsete og orientering om gruveanlegget.

 

Bilete

Biletsamlinga av sentrale personar og aktiviterar gjennom tidene på Littlabø gruver.

 

Do.

Eit gamalt og velbrukt «utedo» for trengjande gruverbeidarar.

Skulestove
 

Eit av fleire eldre velbevarte skulehus på høgskuleområde på Rommetveit.

park

Det idyliske parkanlegget i høgskuleområde.

Gymsalen

Dette staselege bygget er gymsalen på høgskulen.

Styre

Frå årsmøte der styre i Hordaland sogelag sit samla i høgsete.

Årsmøte og lokalhistoriske dagar på Stord 16. og 17. oktober.

Årsmøte og lokalhistoriske dagar 2021
Litlabø gruver.

Programmet for årsmøte er no klårt. Det vert framøte på Litlabø laurdag 16. oktober kl. 12.
Endeleg program for årsmøte på Stord 16. og 17. oktober. Sjå vedlegg.

Med helsing

Hordaland sogelag

Knut Farestveit

leiar

Du kan lesa om Høgskulen ved å vitja facebooksida

https://www.facebook.com/hvl.no

Her finn du lenkja til Gruvemuseet på Litlabø