Protokoll frå årsmøte 12. april 2026

Tid: kl. 9.00 – 11.30
Stad: Fjordslottet Hotell, Fotlandsvåg
Til stades: 38 representantar frå 18 lokale medlemslag og styre

SAKLISTE:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste

Vedtak: Innkalling og sakliste vart godkjend.

  1. Val av møteleiar og referent

Møteleiar: Kjell Alvheim
Referent: Ågot Gammersvik
Signering av protokoll: Helga Rødølen og Gro Karin Fosse.

Vedtak: Som framlegg.

  1. Årsmelding 2025

Nestleiar Sigmund Simmenes gjekk gjennom årsmeldinga.

Vedtak: Årsmelding for 2025 vart godkjend.

  1. Innkomne framlegg

Ingen framlegg var komne inn til styret.

  1. Vedtektsendring

Styret gjorde framlegg om desse endringane:

             § 5c:Innkomne saker frå lokallaga inn til styretinnan to veker før årsmøtet (noverande tekst innan utgangen av desember).

             § 8: Framlegg til lovendringar må vera komne til styret innan utgangen av februar (noverande tekst innan utgangen av desember).

              Vedtak: Årsmøtet godkjende framlegg til endringar i §5c og §8.

  1. Revidert rekneskap 2025

Revidert rekneskap vart lagt fram i møtet med revisjonsmelding, og gjennomgått av kasserar Anne Liv Soldal. 

Vedtak: Revidert rekneskap for 2025 vart godkjend.

  1. Budsjett for 2026

Budsjett for 2026 vart lagt fram for årsmøtet ved kasserar Anne Liv Soldal.

Vedtak: Budsjett for 2026 vart godkjend.

  1. Handlingsplan for 2026

Styremedlem Ågot Gammersvik orienterte om framlagt handlingsplan. Det kom framlegg om eit kurs for lokallaga i bruk av moderne teknologi, og at styret vert beden om å vurdera  oppretting av fond der lokallaga kan søkja om støtte til styrking av aktivitetar.

Vedtak:  Handlingsplan for 2026 vart vedtatt.

  1. Fastsetjing medlemspengar

Framlegg frå styret om uendra medlemspengar for lokallaga for 2027.

Vedtak: Som framlegg.

  1. Val

Leiar i valnemnda Jan- Egil Mandelid la fram valnemnda sitt framlegg:

Leiar: Sigmund Simmenes, 1 år
Styremedlem: Anne Liv Soldal, ikkje på val
Styremedlem Knut Farestveit, ikkje på val
Styremedlem: Ågot Gammersvik, attvald for to år
Styremedlem: Berit Karin Berentsen, ny, vald for to år

To varamedlemmer:
1. Nils Arne Ekerhovd, Sund sogelag, attvald 1 år
2. Bjørg Christoffersen, Askøy museumslag, ny, vald for 2 år.

To revisorar: 

Einride Aakra, attvald for 2 år
Harald Lindevik, attvald for 1 år

Valnemnd; 

Jan- Egil Mandelid, på val for 1 år
Linda Dale Matre, på val for 2 år
Torbjørn Dall-Larsen, på val for 3 år               

Vedtak: Årsmøtet godkjende framlegg til vedtak frå valnemnda. Etter framlegg frå salen vart Torbjørn Dall-Larsen erstatta med Ingrid Bjørke Nisamlan i valnemnda.

               Referent: Ågot Gammersvik

                Helga Rødølen /s                                                 Gro Karin Fosse /s

HORDALAND SOGELAG ÅRSMELDING FOR ARBEIDSÅRET (ÅRSMØTET 2023 TILÅRSMØTET 2024)

Me har hatt 4 styremøte, det første på Askøy like etter årsmøtet for 2023. Der
fordelte me rollar internt i styret. Leiar, Anne Liv Soldal, var attvald for 1 år på årsmøtet. Elles held alle fram i rollane sine; Knut som nestleiar, John Ernst som kasserar, Ågot som skrivar og Sigmund som styrelem. Mikal Heldal fekk attval som 1. vara og han er trufast med på styremøta våre. Han har også vore representanten vår på møta haust og vår i regi av Landslaget for lokalhistorie. Kjell Ingar Alvheim har halde fram som 2. varalem til styret. Me planla kurs, studietur og komande styremøte.

Det andre styremøte, 24. august, kombinerte me med kurs der Hedvig Ølmheim stod for regien (15 møtte) på Vestlandshuset i Bergen. Diverre vart kasseraren vår alvorleg sjuk like etter årsmøtet. 24. august formaliserte me ei ny rollefordeling internt i styret der Knut vart kasserar, Sigmund lestleiar og tidlegare kasserar vart styrelem.

Komande årsmøte og lokalhistoriske dagar var lagt til Vossestrand sogelag så me fekk eit styremøte der 22. september før vintersesong og «dvaletid» for Stalheim hotell. 20. februar fekk me rydda tid og plass for eit styremøte i Bergen.

Referat frå styremøta er å finna på heimesida til regionslaget. Om me skal ha fleire møte før
«dvaletida» er over er uvisst, men høve til kontakt internt i eit styre samansett av dugande og
pliktoppfyllande medarbeidarar er enkelt og alltid «på nett», «på tråden» ..i alle fall PÅ.

Hordaland sogelag ved styreleiar Anne Liv Soldal

Utskriftsversjon

Lokalhistoriske dagar på Askøy 25-26. mars 2023.

Her finn du ei anvisning korleis du skal finna fram til dei ymse møtestadane

Lørdag: Til Herdla.

Herdla ligg heilt på nordspissen av Askøy. Frå Bergen sentrum følgjer du Rv 555 i retning Askøy/Sotra til Storavatnet. Her tek du av på Rv 562 som du følgjer over Askøybrua og vidare heilt til Herdla, ca. 25 km fra Askøybrua. Når du har passert Herdlebrua (smal), held du fram ca. 500 meter før du svingar til venstre mot Herdla fort. På fortet er det offentleg parkeringsplass og toalett. Frå parkeringsplassen ser du den store lyse bygningen der museet held til. Køyretid med bil frå Bergen sentrum er ca. 45 min.

Søndag: Til Radiomuseet. Adresse: Grernsedalen 59, Erdal, Askøy.

Kjør sørover mot Kleppestø. Ta av til venstre ved skilt merket Erdal (ca 20 km). Etter passering av 50 kmt-skilt kommer et hagesenter på venstre hånd,. Ta av på sidevei til venstre ca 50 meter etter hagesenteret og hold mot høyre. Ta sidevei til venstre etter ca 4-500 meter.

Til Askøy museumslag. Adresse Lyngnesset 2, Strusshamn.

Kjør tilbake til Rv 562 som dere kjørte på fra Herdla. Fortsett i retning Kleppestø til rundkjøring hvor dere tar av i første avkjøring. Neste rundkjøring følger umiddelbart, ta 3. avkjøring og ned bakken. Passer Strusshamn skole på høyre hånd, kjør bent frem i neste kryss og innpå parkeringsplass like etterpå.

Hordaland Sogelag inviterer til årsmøte og lokalhistoriske dagar på Askøy ilag med Askøy museumslag.

Sakspapirer:

Overnatting
Overnatting på Biologen Hotell Herdla må alle bestilla sjølv direkte til: mobil 940 00 968
Opplys ved bestilling at det er i forbindelse med Lokalhistoriske dagar
Overnatting inklusiv frukost: enkeltrom kr. 1690, dobbeltrom kr. 1145 (pr. pers.)

Deltakaravgifta kr. 955 dekkar inngangsbillettar, lunsj, kaffi og festmiddag.
(Kasserar i Hordaland sogelag sender rekning for deltakaravgift til laga i etterkant)

Påmelding innan 10. mars til Anne Liv Soldal på e-post: annelivsol@gmail.com

Biologen hotell på Herdla.


PROGRAM

Laurdag 25, mars
Kl. 12.00 Herdla museum, Herdla
Mottaking og opning ved Rosalind Fosse, utvalgsleiar for oppvekst og levekår.
Servering av varm lunsj, betasuppe med flatbrød
Kl. 13.00 Orientering om Herdla museum ved leiar Gunnar Furre
Omvising i museet og torpedobatteriet, krigsminne frå 2.
Verdskrig, og har vore i bruk opp til vår tid.
Kl. 16.00 Omvising i Herdla kyrkje (1863) av historikar Erling Virkesdal
Kl. 17.30 Innsjekking Biologen Hotell Herdla

Kl. 19.00 Middag på Biologen Hotel

Herdla museum
Flyplassen fra 2. verdenskrig
Den lune hamna i Strusshamn la grunnlag for bygging av gjestgiveri på 1700-talet. Her var
kyrkjestad, fiske, handel, mølle, sjoddifabrikk og anna aktivitet som har gitt bygda ein rik
historie.

Søndag 26. mars
Kl. 09.15 Årsmøte Hordaland Sogelag, konferanserom Biologen Hotell
Utsjekking frå Biologen Hotell
Kl.11.00 Avreise Herdla
Kl.11.30 Besøk Bergen Kringkaster, samling i Grensedalen, Erdal
Kl.12.30 Avreise Erdal
Kl.13.00 Varm lunsj i Møllesalen i Sjoddien, Strusshamn
Kl.14.00 Omvising Askøy museumslag sine samlingar og i det verna historiske
miljøet i Strusshamn
Kl.16.00 Kaffipause og avslutning i Møllesalen

Stove frå 1960-talet og systove, frå utstillingane i Askøy museumslag i Sjoddien.
Foto frå Herdla, krigsminne frå 2. verdskrig

Årsmøte og lokalhistoriske dagar i Hardanger  26. og 27. mars 2022

Eidjord kyrkje

Oppmøte i Granvin
Oppmøte for deltakarane var i det vakre ungdomshuset til Granvin som har det karakteristiske tårnet som fleire ungdomshus hadde  då dei vart bygde i 30 åra i fleire av bygdene innover hardangerfjorden. Granvin ungdomshus var ferdig i 1930 og var bygd på dugnad av bygdefolket, fortalde leiar i Granvin Sogelag Gunnar I. Folkedal. Han viste fram ungdomslagsfana som kunstnaren Nils Bergslien måla og som vart gøymt bort i siste liten før tyskarane okkuperte huset under siste verdskrigen.

Kultur- og Miljøplan for Voss herad
Trude Letnes kulturleiar i Voss herad informerte og viste fram kultur og miljøplanen til Voss herad. Voss herad  omfattar no til saman 4 sogelag etter kommune reforma i 2020.
Etter matøkt på den gamle gjestgjevarstaden Janusen som har ein meir en 300 år historie som serveringsstad, gjekk turen til Granvin Bygdemuseum ein steinkast på andre side av hovudvegen gjennom Granvin sentrum.

Bygdemuseet i Granvin
Hardingfelespelar Alexander Aga Røynstrand som er styrer for bygdemuseet, fortalte om bygningane og framførte også vakker  hardingfele slåttar for gjestene. Alexander  som er ein av dei fremste utøvarane på Hardingfele i landet bur også på staden og er også aktiv i lokalpolitikken i Voss herad.

Etter synfaringa på bygdatunet, gjekk ferda til Heradshuset i Ulvik  der forsamlinga vart hjartelag vel møtt til kaffipause i heradstyresalen. Leiaren i Ulvik Sogelag Torbjørn Dyrvik fortalde om hendingar under 2. verdkrigen der meir en 50  hus i Ulvik bygda vart  øydelagde i kampane mellom tyske og norske soldatar 25. april 1940.

Olav H. Hauge senteret
Heradshuset inneheld også Olav H. Hauge senteret der det vart omvising før turen gjekk over hardangerbrua til Vøringsfoss hotel for festleg samvær og overnatting.
Etter frukost sundag  vart årsmøte gjennomført i rolege former.  Bremnes sogelag vart innleiingsvis ynskt velkomne som nytt medlem av Hordaland sogelag.

Årsmøte
Knut Farestveit vart avløyst som leiar etter eige ynskje og ny lear i Hordaland Sogelag vart Anne Liv Soldal. Elles vart det attval på alle  andre tillitsvalde. Økonomisk er stoda tilfredsstillande for laget, men framleis får ikkje laget tilskott frå Vestland fylke slik det gjorde i gamle Hordaland fylke. Dette vil det nye styret arbeida vidare med å få på plass.

Nils Bergslien
Galeriet til multikunstnaren Nils Bergslien er også ein del av hotel bygget og det vart tid for ein omvising i dei lyse og vene lokala.

Eidfjord gamle kyrkje
Etter årsmøte var det synfaring i gamle Eidfjord steinkyrkje som vart bygd i 1309. Ifølgje soga vart kyrkja bygd av Rike-Ragna Åsoldotter som son offer for syndige handlingar i livet.
Rike -Ragna budde på garden Sæ i Simadalen, nordaust for Eidfjord. Soga fortel at ho var ute og rodde på fjorden med manne sin og dei krangla så fælt at ho sette han av på eit skjær til ho fann det for godt å ro ut og henta han.  Mannen stakkar omkom ved flo sjø, og Ragna bygde kyrkja som bot for å ha skulda for mannen sin død. Hennar store gravstein med bilete av apostelen Jakob som kyrkja er vigd til, står framme i kyrkja til side for alteret.
Under alteret står  7 kister, og ei av dei er kista til Anders Andersen Riber, fyrste protestantiske prest som var sendt av danskekongen for å reformera den katolske kyrkjelyden. Han gifta seg med Katarina Helvig Galtung og har mange etterkomarar i Hardanger og i Sunnhordland.

Biografi
Anders Andersen Riber (ca. 1627-1688) var rundt 20 år gammel da han ble innskrreven i 1647 ved Københavns Universitet i Danmark, frå Ribe katedralskule. På latin vart han omtala, «Andreas Andreas Rincopius» på sin inskripsjon. Landsarkivet for Nørrejylland seier at han derfor trulig er født i den vesle byen Ringkøbing på austkysten av Jylland. Ifølgje Mandrup Hjeltnaes var Anders Andersen Riber frå Jylland, Danmark, biskop i Eidfjord prestegjeld i Hardanger der han ble ordinert 21. august 1656. Han blei buande  der til han døyde på langfredag i 1688. Han gifta seg med Katarina Helvik Lauritsdatter Galtung, dotter av Lauitz Johannesson Galtung fra Thorsnes. Katarina ble født i 1635 og døyde i Eidfjord i 1693 i en alder av 58 1/4 år.

styre
Styre 2022. Frå vestre Sigmund Simmenes, John Einarsen, Knut Farestveit, Anne Liv Soldal,
Mikal Heldal.