Digitalt landsmøte

Som meldt tidlegare, måtte årsmøtet i Hordaland sogelag 2021 utsetjast på ubestemt tid pga. pandemien. Styret i regionlaget kjem attende med informasjon om årsmøtet seinare. Årsmøte og lokalhistoriske dagar skulle vorte haldne på Stord i mars.

Landslaget i lokalhistorie skal halda digitalt landsmøte laurdag 12. juni 2021. Det er det 43. ordinære årsmøtet.

Hordaland sogelag kan senda sju utsendingar til landsmøtet. Dersom det er mogeleg ut frå omsynet til smittevernet, oppmodar landslaget regionlaga til å finna ein stad der utsendingane kan samlast lokalt. Dette må me koma attende til når me nærmar oss juni.

Lokallag som har framlegg til utsendingar til det digitale landsmøtet, sender framlegg på kandidatar til regionsstyret v/Knut Farestveit (knut.o.farestveit@gmail.com) innan 15. mai 2021.

Program og saksdokument til landsmøtet vert lagt ut på landslaget sine nettsider under Organisasjon – Landsmøter – 2021.

 

Med helsing

Hordaland sogelag

Knut Farestveit

leiar

Lenkje til FB sida til Landslaget for lokalhistorie
 (3) Landslaget for lokalhistorie | Facebook

Jolebrev 2020.

Gamalt Julekort

Året 2020 vert nok hugsa som det året då det meste vart annleis. Vi får håpa at det nye året gjev von om lysare tider både for land og folk.
GOD JUL & GODT NYTTÅR.

Her fylgjer julebrevet frå leiar i Hordaland sogelag Knut Farestveit.

Årsmøte og lokalhistoriske dagar på Stord 16. og 17. oktober.

Årsmøte og lokalhistoriske dagar 2021
Litlabø gruver.

Programmet for årsmøte er no klårt. Det vert framøte på Litlabø laurdag 16. oktober kl. 12.
Endeleg program for årsmøte på Stord 16. og 17. oktober. Sjå vedlegg.

Med helsing

Hordaland sogelag

Knut Farestveit

leiar

Du kan lesa om Høgskulen ved å vitja facebooksida

https://www.facebook.com/hvl.no

Her finn du lenkja til Gruvemuseet på Litlabø

 

 

Jolebrev frå leiaren.

Jolemotiv

 

Hordaland sogelag har no 32 lokallag med om lag 5000 medlemer i det som enno er Hordaland fylke. Denne medlemsmassen representerer ein omfattande lokalhistorisk innsats. Gjennom ein stor dugnadsinnsats vert det gjeve ut årbøker som samla utgjer 2000 – 2500 sider.

Tilskotet frå Hordaland fylkeskommune er til god hjelp. Mesteparten av dette gjekk til å dekka kostnadene med lokalhistoriske dagar og fylkesårsmøte.

 Årsmøte og lokalhistoriske dagar vart haldne 2. og 3. mars 2019. Møtestad og overnatting: Fugl Fønix Hotel. Sjølve årsmøtet vart halde heime hjå styremedlem Leif Halleland 3. mars. Han og familien fortener stor takk for at me vart tekne i mot på denne måten! I den lokalhistoriske delen var det busstur med Einride Åkra som forteljar langs vegen. Det var omvising i Stødle kyrkje og tur i Åkrafjorden med stopp på Markhus. I den gamle skulestova fekk me orientering om utviklinga i bygdene langs Åkrafjorden. I Åkrafjordtunet vart det matservering og orientering. Etne sogelag hadde lagt til rette for ein interessant dag. Om kvelden var det festmiddag og program med m.a. «Ingvar Moe i ord og tonar». Takk til Etne sogelag for ei god tilskiping!

Andre aktivitetar i 2019: Hordaland sogelag har gjennom 13 år skipa til studieturar i «vikingane sine fotefar». I år prøvde me å få til ei tur til York i England, med pga. dårleg påmelding måtte turen avlysast. Ein planlagd tur til vikingsenteret på Karmøy måtte og avlysast. Me prøver att med ein annan tur i 2020. Informasjon og frist for påmelding kjem etter nyttår. Slike turar er lærerike og er kontaktskapande mellom lokallaga.

Hordaland sogelag heldt tre kurs for medlemene i 2019. I februar var det ein kursdag om praktisk styrearbeid og StyreWeb og ein kursdag om minneinnsamling. I september var det ein kursdag om prosedyren om å leggja ut bilete i fylkesbiblioteket sin biletbase.

På Landslaget for Lokalhistorie sitt landsmøte i Alta i mai møtte tre utsendingar frå Hordaland sogelag i tillegg til Mikal Heldal (nestleiaren i Hordaland sogelag) som sa frå seg attval som leiar i landslaget.

Radøy sogelag hadde 30-årsjubileum i november. Kring 80 medlemer var til stades på ei fin feiring der underskrivne fekk vera med.

Tilskipingar som er planlagde for 2020:

Årsmøte og lokalhistoriske dagar vert haldne i Øygarden kommune 7. og 8. mars med Fjell kulturminnelag, Sund sogelag og Øygarden sogelag som tilskiparar. Meir informasjon kjem seinare.

Våren 2020 skal fylkeslaget halda eit kurs for medlemene. Innhaldet skal vera preparering og katalogisering av gjenstandar. Informasjon vert sendt ut seinare.

I tillegg må nemnast at Landslaget for Lokalhistorie skal feira 100-årsjubileum i Oslo 18. – 19. september.

Styret i Hordaland sogelag takkar lokallaga for samarbeidet i 2019!

God Jol og Godt Nytt År!

Beste helsing

Knut Farestveit – leiar i Hordaland sogelag

 

 

 

Årsmøte og lokalhistoriske dagar 2019.

HORDALAND SOGELAG

Årsmøte og lokalhistoriske dagar, Etne 2. og 3. mars 2019

HUGS FRIST FOR PÅMELDING ER 20. FEBRUAR:

Innkalling til årsmøte: Ver merksam på vedtektene m.o.t. utsendingar og saker til årsmøtet.

§5 Årsmøtet.

a) Årsmøtet er øvste styringa for laget, og bør haldast innan utgangen av april i samband med det lokalhistoriske møtet for Hordaland.

b) Kvart medlemslag ha rett til 1 utsending når medlemstalet er under 100, to utsendingar når medlemstalet er mellom 100 og 200 osv. Alt rekna etter medlemstalet frå førre året. Ikkje noko lag har rett på fleire enn 5 utsendingar. Kvar utsending har ei røyst.

c) Skriftleg innkalling til årsmøtet skal sendast til medlemslaga seinast 3 veker før årsmøtet.

I år må saker som medlemslaga vil handsama på årsmøtet, vera innkomne til styret innan 22. februar.

PROGRAM/PÅMELDING

Laurdag 2. mars

Kl. 12.00: Enkel lunsj på Fugl Fønix Hotel i Etne.

Kl. 13.00: Opning av lokalhistoriske dagar v/representant for Etne kommune, leiaren i Etne sogelag og Knut Farestveit, leiar i Hordaland sogelag.

Kl. 13.30: Omvising med buss i Etne.

Retur til hotellet. Middag om lag kl.19.00. Underhaldning.

Sundag 3. mars

Kl. 8.00: Frukost.

Kl. 9.00: Me køyrer med privatbilar heim til styremedlem Leif Halleland, Litledalsvegen 279, 5590 Etne. Han har vore så sporty at han har invitert oss heim til Auastad.

Kl. 09.30- 11.30: Årsmøtet vert halde i Gamlastovo på Auastad.

Kl. 12.00-12.30: Lunsj i Gamlastovo.

Kl. 12.30: Køyring med privatbilar til Etne sentrum for omvising.

Heimreis om lag kl. 14.30.

Deltakarane som skal overnatta på hotell, må tinga rom direkte, og visa til Hordaland sogelag si gruppetinging. Deltakarane gjer opp direkte med hotellet for overnatting og middag laurdagskvelden.

Deltakarane tingar rom på Fugl Fønix Hotel, Torget 1, 5590 Etne. Tlf. 53771440, e-post: booking@fuglfønix.no

Deltakaravgifta er 800 kr per person. Dette skal dekka buss og omvising laurdag 2. mars, og nokre andre fellesutgifter.

Frist for påmelding til årsmøtet er 20. februar.
Påmelding til: knut.o.farestveit@gmail.com eller tlf. 41648198.

For styret: Knut Farestveit, leiar