Rapport fra Hordaland sogelag sitt skrivekurs

av Knut Farestveit, styremedlem

Den 26. oktober 2025 hadde Hordaland sogelag eit dagskurs i skriving av artiklar til
årbøker. Kurset vart halde på Grand Hotell Terminus i Bergen med Ottar Grepstad
som kurshaldar. Grepstad er busett i Volda, og er forfattar og språk- og litteraturvitar. 
På kurset var det deltakarar frå 14 av lokallaga i Hordaland; Askøy, Fjell, Granvin,
Kvam. Laksevåg, Memoar, Moster, Samnanger, Stord, Sund, Vaksdal, Vassvøri, Voss
og Øygarden. Elleve av desse laga gav ut årbøker i 2024. Mange lokallag som ikkje
var med på kurset, gjev og ut årbøker. Kurshaldaren gav ei vurdering av dei
årbøkene som dei elleve lokallaga hadde gjeve ut i 2024, og gjekk gjennom m.a.
bruk av ingressar, bilete og bilettekstar. 

På førehand hadde deltakarane fått tilsendt nokre årbok-artiklar til gjennomlesing.
Tekstane vart nytta til gruppearbeid der positive og negative sider ved artiklane vart
drøfta. Gruppene skulle vurdera artiklane etter visse kriterium som kurshaldaren
hadde gått gjennom før gruppearbeidet. Deretter la gruppene fram resultata sine i
plenum, og konklusjonane skulle grunngjevast.
Kurshaldaren gav deltakarane ein del reglar som han meinte måtte vera med for at
det skulle vera gode årbøker. Reglane vil vera til framifrå hjelp for artikkelforfattarar
og årbokredaktørar i arbeidet med seinare bokutgjevingar.