Hordaland Sogelag i Vesterveg
Hordaland Sogelag i Vesterveg
HM kongens fortenestemedalje til Marie Skutlaberg
Marie Skutlaberg, mangeårig styremedlem i Hordaland sogelag vart tildelt HM kongens fortenestemedalje og diplom ved ei tilstelling i Kvam rådhus i dag. Me gratulerer på det varmaste.
Studietur til Gotland via Danmark

Meld deg på til spanande studietur til Gotland!
Årets tur går i austerled nærmare bestemt Gotland. Turen er som tidlegare lagt tilrette av Tide Reiser, og me skal reisa frå Bergen med den splitternye MS "Stavangerfjord" 2. august. Returen frå Sverige blir 9. august med fly frå Arlanda i Sverige.
Lokalhistoriske dagar- årsmøte 2014
Årsmøtedelegatane samla utanfor verkstaden til Guttorm Storheim på Storheimstø. Bilete frå samlinga sjå Biletarkiv
Lokalhistoriske dagar – årsmøte 2014.
av Kaare M. Malkenes
Årsmøte i Hordaland sogelag og dei lokalhistoriske dagane var i år lagt til Radøy med Radøly sogelag som vertskap. Delegatane vart helsa velkomne av Berit Kvalvik frå Radøy sogelag som håpte at alle fekk eit triveleg og interessant opphald på staden.