Referat frå styremøte i Hordaland sogelag 2/2026

Tid: måndag 16. mars 2026 kl. 13.00
Stad: Bergen off. bibliotek

Til stades: Kjell Alvheim, Anne-Liv Soldal, Knut Farestveit og Sigmund Simmenes. Meldt forfall: Ågot Gammersvik.

Ingen varafolk møtte.

07/26 Innkalling, sakliste, og val av referent
Innkalling og sakliste førelåg ikkje, men tid for dette styremøte var fastsett på sist styremøte. Inga sakliste var utsendt, Sigmund hadde laga framlegg til sakliste, som vart brukt.

Vedtak: Som referent vart vald Sigmund Simmenes.

08/26 Gjennomgang av referat frå sist styremøte (29/1-26)
Vedtak: Referatet godkjendt med nokre merknader.

09/26 Gjennomgang av agenda for lokalhistoriske dagar og årsmøte
11. – 12. april 2026 i Vaksdal og Osterøy. Innhald vert lagt ved innkallinga til årsmøtet. 

Vedtak: Dei to lokallaga står for det praktiske for dei to dagane.

10/26 Framlegg til rekneskap 2025 og budsjett 2026
Anne-Liv gjekk gjennom framlegga

Vedtak: Rekneskap 2025 og budsjett 2026 vart godkjend og vert lagt fram på årsmøtet. 

11/26 Framlegg til årsmelding for 2025
Kjell og Ågot har laga årsmelding.

Vedtak: Årsmelding vart godkjend, og vert lagt fram på årsmøtet.

12/26 Framlegg til handlingsplan for 2026

Vedtak: Kjell syter for oppdatert handlingsplan for framlegging på årsmøtet.

13/26 Framlegg til kontingent for 2027

Vedtak: Uendra for 2026.     

14/26 Melding frå valnemnda sitt arbeid pr.dato
Leiar Kjell Alvheim ønskjer å gå ut or styret. Ågot og Sigmund kan ta attval. Sigmund seier seg villig til å ta over som leiar. Valnemnda leitar etter nytt medlem i styret etter Kjell og evt. nye varafolk.

Det skal veljast ein revisor, ein av dei to er ikkje på val

Valnemnda er: Torbjørn Dall-Larsen (på val), Jan-Egil Mandelid og Linda Matre.  Jan-Egil og Linda vert samde seg imellom kven av dei som skal ha to og eitt år att i nemnda og kven som skal vera leiar. Dette for å koma inn i systemet med treårige val av medlemene i valnemnda. 

15/26 Ymse
a) Drøfting om kva lokallag som skal stå for lokalhistoriske dagar. Desse vart nemnde som aktuelle å spørja:

    1.  Kvinnherad, Knut tek kontakt.
    2.  Øygarden, Kjell tek kontakt.
    3.  Ullensvang. 

    b) Evt. sak om endringar i vedtektene? Sigmund ser på det.

    c) Fri plass på årsmøtet og lok.hist.dagar:  

       Styret og varafolka, leiar i valnemnda og revisor Einride Åkra.

       Møtereferent: Sigmund Simmenes