
- Om strategi og handlingsplan 2026-2027
Strategi og handlingsplanen bør leggja grunnlag for styret sitt arbeid i perioden 2026-2027.
Kvart område vert omtalt med tiltak, målsetting og finansiering.
Styret vil måtta handsama planar og budsjett for gjennomføring av ulike tiltak.
Gjennomføring av planen er avhengig av eit godt samarbeid i styret, og mellom Sogelaget og Landslaget, og mellom Sogelaget og andre lag i Vestland fylke.
- VEDTEKTER FOR SOGELAGET
Hordaland sogelag har som føremål å fremja interesse for, og auka kjennskap til lokalhistorie og kulturvern i Hordaland.
- ORGANISERING
Hordaland sogelag er ein fylkesdekkjande organisasjon som gjerne samarbeider med andre lag og organisasjonar med same føremål, men har som hovudoppgåve å styrkja samarbeidet mellom medlemslaga og skal representera dei i saker av sams interesse.

Kontakten med medlemmene i Sogelaget vert gjennom å arrangere kurs, arrangera årleg Lokalhistoriske dagar, og senda ut orienteringar til medlemmene.
- Styremøter: 4 styremøter i året, 2 om hausten og 2 om våren, og elles etter behov.
- Årsmøte kvart år, i samband med «Lokalhistoriske dagar».
- Verve medlemmer og fastsetta medlemspengar.
- Arbeida aktivt for å rekruttera lokallag til Hordaland sogelag
- TILBOD TIL MEDLEMMENE
Kurs
Målsetting å ha 2 kursdagar for medlemmer i året.
I. Skrivekurs
Det vil verta skipa til eit fotokurs i september for medlemmene i lokallaga.
Program med dato og påmelding vert sendt ut i god tid.
Finansiering: Reis og opphald vert dekka av kvart lokallag.
Kostnad med foredragshaldarar vert dekka av Hordaland sogelag.
II. Kurs i styrearbeid
Det vil verta skipa til kurs i styrearbeid for medlemmene i lokallaga våren 2027.
Medlemsarrangement
Ein studietur for medlemmer kvart år
Finansiering: Utgifter til foredragshaldar og kulturaktørar vert dekka ved Deltakar-finansiert og tilskot frå Sogelaget og andre organisasjonar.

I. Lokalhistoriske dagar, studietur
Osterøy sogelag ved Geir Kleiveland lagar eit opplegg for å vitja viktige Kultur- og historiske stader på Osterøy. Vaksdal historielag lagar eit opplegg for å starta turen på Dale, med besøk til Straume. Turen vil gå med privatbilar. Orientering vert gjort på avtalte stopp. Nærare program vert kunngjort, men dato er planlagt 11-12. april.
Osterøy sogelag og Vaksdal historielag er vertskap. Invitasjon går ut til alle lokallaga, som vil dekka kostnad med mat. Bussturen og lokal informant vert betalt av Hordaland sogelag.
- Utsendingar til landsmøtet som er annakvart år, neste gong i 2027.
Hordaland sogelag deltek med to utsendingar.
- Delta på Vestland fylke sine årlege konferansar om kultur og historie.
Hordaland sogelag deltar på Vestland sin konferanse i 2026 med to deltakarar.
- Senda jolabrev til medlemmene på heimesida før jol.
- MEDIEPLAN – SYNLEG I SAMARBEID
Det er viktig å nå ut til nye og gamle medlemmer, og at det kan vera tid for å tenkja nytt både i høve til eksisterande tiltak og i høve til å tenkja framover. Det vert viktig å finna vegar for å satsa på å nå medlemmene i ei tid der det meste vert formidla på sosiale media.
Tiltak: Utarbeida framlegg til utsending via e-post til medlemmene.
5.1 Heimesida
Tiltak: Utvikla vidare eiga heimeside, og leggja ut informasjon på sida vår slik at vi heile tida er relevante for medlemmene våre.
5.2 Sosiale medier – facebook
Mange lag og organisasjonar averterer og orienterer no via facebook.
Forslag til tiltak: Oppretta eiga side på facebook.
Mål: Nå våre medlemmer samt få nye brukargrupper og verva nye medlemmer.
Finansiering: Ingen utgifter, berre arbeid for styret å leggja ut stoff.
5.3 Aviser/media
Det er for det meste kurs og arrangement som Lokalhistoriske dagar som når ut til avisene.
Tiltak: Lage ein mediaplan for styret der vi avtaler kontakt med aviser og formidling av nyheiter, medlemsmøter, foredrag og arrangement.
Mål: Spreia kunnskap om arbeidet i Hordaland Sogelag.
Finansiering: Ingen.
Vedtekne på skipingsmøte 16.11.1986, sist endra 01.06.2025:
§1. Føremål.
Hordaland sogelag har som føremål å fremja interesse for, og auka kjennskap til lokalhistorie og kulturvern i Hordaland.
§2. Medlemskap.
Regionale og lokale sogelag og tilsvarande organisasjonar innan Hordaland fylke kan vera medlemer i laget. Dersom det er tvil om ein organisasjon kan verta medlem, avgjer årsmøtet spørsmålet.
§3. Organisasjon.
Hordaland sogelag er ein fylkesdekkjande organisasjon som gjerne samarbeider med andre lag og organisasjonar med same føremål, men har som hovudoppgåve å styrkja samarbeidet mellom medlemslaga og skal representera dei i saker av sams interesse.
§4. Verksemd.
Hordaland sogelag kan ta på seg oppgåver som best kan løysast på fylkesnivå, slik som kurs, seminar, kjeldepublikasjonar m.m. Saman med eitt eller fleire av medlemslaga står laget som tilskipar av det årlege ”Lokalhistorisk møte for Hordaland”.
§5. Årsmøtet.
a.) Årsmøtet er øvste styringa for laget og bør haldast innan utgangen av april i samband med det lokalhistoriske møtet for Hordaland.
b) Kvart medlemslag har rett til 2 utsending når medlemstalet er under 100 medlemer, 3 utsendingar når medlemstalet er mellom 100 og 200 medlemer osv. Alt rekna etter medlemstal frå førre år. Ikkje noko lag har rett til fleire enn 5 utsendingar. Kvar utsending har ei røyst.
c) Skriftleg innkalling til årsmøtet skal sendast medlemslaga seinast 3 veker før årsmøtet. Saker som medlemslaga vil ha handsama på årsmøtet, må vera innkomne til styret innan 1.mars.
d) På årsmøtet skal handsamast:
- Årsmelding.
- Revidert rekneskap.
- Innkomne framlegg.
- Fastsetjing av medlemspengar.
- Handlingsplan
- Budsjett
- Val
d) Alle val skal vera skriftlege dersom det er fleire framlegg, eller dersom ein eller fleire utsendingar krev det.
e) Styret er samansett av 5 medlemer: Leiar, nestleiar, skrivar, kasserar og styremedlem. Til styret er det 2 varamedlemer, 1. og 2.
f) Årsmøtet vel leiar for 1 år. Dei andre medlemene i styret vert valde for 2 år om gongen, men slik at 2 av dei er på val kvart år. Varamedlemene vert valde for 1 år om gongen. Leiaren vert vald særskilt, elles konstituerer styret seg sjølv.
g) Årsmøtet vel 2 revisorar, dei skal veljast for 2 år, slik at ein revisor er på val kvart år. Årsmøtet vel og ei valnemnd på 3 medlemer for 3 år. 1 er på val kvart år. Den som har sete lengst i valnemnda er leiar. Framlegg til ny medlem i valnemnda skal koma frå årsmøtet.
h) Årsmøtet vel utsendingar til landsmøtet i Landslaget for lokalhistorie. Årsmøtet fastset eventuell økonomisk kompensasjon for utsendingane.
§6. Styret.
a) Styret vert kalla saman av leiaren. Styret er vedtaksført når minst 3 styremedlemer møter. Ved likt stemmetal har leiar dobbeltstemme.
b) Det skal skrivast referat etter kvart møte. Varamedlemer skal ha tilsendt sakspapir og referat.
c) Styret kan peika ut nemnder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver.
d) Rekneskapen skal førast for kvart kalenderår og leggjast fram for årsmøtet.
e) I rimeleg tid før årsmøtet varslar styret leiar i valnemnda om samansetjing av styre og utval og om kven som står på val.
f) Styret skal gjennomføra dei oppgåver/saker som årsmøtet gjer vedtak om.
§7. Omframt årsmøte.
a) Omframt årsmøte kan kallast inn når minst 3 styremedlemer eller minst 5 medlemslag krev det. Desse krava må vera skriftlege og nemna den eller dei sakene som ein ynskjer å handsama. Kravet må stillast til styret og vera underteikna av dei som kjem med kravet.
b) Omframt årsmøte kan berre handsama den eller dei sakene som vedkjem kravet om eit slikt møte og som er gjort kjent ved innkallinga.
c) Til omframt årsmøte vert det innkalla som til vanleg årsmøte.
§8. Lovendring
a) Lovendringar kan verta vedtekne på årsmøtet med minst 2/3 fleirtal. Framlegg om lovendringar må vera komne til styret innan utgangen av desember.
b) Kvart medlemslag har rett til 2 utsendingar når medlemstalet er under 100 medlemer, 3 utsendingar når medlemstalet er mellom 100 og 200 medlemer osb. Alt rekna etter medlemstal frå førre år. Ikkje noko lag har rett til fleire enn 5 utsendingar. Kvar utsending har 1 røyst.
§9. Nedlegging
Nedlegging av laget kan verta gjort når 2 etterfølgjande årsmøte har vedteke det med minst 2/3 fleirtal. Ved nedlegging av laget skal laget sine eigneluter tilfalle fylkeskommunen, øyremerkje til kulturvernarbeid.