Konstituering av nytt styret vart som følgjande;
Styreleiar Kjell Alvheim, vald for 1 år på årsmøtet
Nestleiar Sigmund Simmenes
Skrivar Ågot Gammersvik
Kasserar Anne Liv Soldal
Styremedlem Knut Farestveit
Varamedlemmene var valde på årsmøtet for 1 år og desse har vore:
1. Varamann Nils Arne Ekerhovd
2. Varamann Gunnar Strand
Styremøte:
Styret har hatt 5 styremøte; i juni, august, oktober, januar og mars. Konstituerande styremøte vart halde i samband med årsmøtet. Styremedlemmene arbeider godt saman og styremøta vert godt gjennomførte. Styremøta har vore haldne på Bergenhus Festningsmuseum første halvår, og deretter på Bergen offentlege bibliotek.
Aktivitetar
Skrivekurs vart arrangert for medlemmene 26. oktober på Grand Hotell Terminus i Bergen. Kursleiar var Ottar Grepstad. Kurset vart gjennomført med 20 deltakarar, og var lærerikt for framtidige skriving av artiklar og utgjeving av årbøker. Vestland fylke gav stønad på kr 50.000 til skrivekurset og lokalhistoriske dagar.
Lokalhistoriske dagar for Hordaland sogelag vart arrangert på Tysnes og Fitjar 31.mai og 1. juni i samarbeid med Tysnes sogelag og Fitjar sogelag. Her var stor deltaking frå lokallaga, interessante foredrag og spanande turar gjennom området.
Vestland fylke sin regionkonferanse
Anne Liv Soldal representerte regionslaget på Vestland fylke sin fagdag 8. mars 2025, med tema «Kultur og tradisjon».
Landsstyret
Knut Farestveit er vald sist årsmøte vald inn som varamann til landsstyret i Landslaget for lokalhistorie.
Rekneskapen er ført av Anne Liv Soldal og godkjent av revisorane våre gjennom mange år; Harald Lindvik og Einride Aakre. Kontoutskrifta gjev god informasjon om transaksjonane og såleis slepp ein mykje utskrift av ekstra bokføringsgrunnlag. Lokallaga betalar stort sett medlemspengane ved forfall.
Utsendingar årsmøtet
Vedtektene er endra slik at alle kan senda minst 2 delegatar til årsmøtet. Alle medlemer har tilgang til lokalhistoriske dagar og observasjonsplass på årsmøtet. Vona er at Vestland fylke skal støtta oss økonomisk slik Hordaland fylke gjorde tidelgare, før samanslåing av dei to fylka. Sogn og fjordane har ikkje regionslag.
Kommunikasjon
Nettsida vår hordalandsogelag.no fekk ny operatør i meldingsåret. Nettsida har både vorte utvikla og fylgt opp med nytt stoff kontinuerleg ettersom skrivar fylgjer opp.
Kommunikasjonen vil kunna betrast om alle lokallag, like etter eige årsmøte, sender namn på leiar og kasserar i lokallaga til leiar i Hordaland sogelag.
Landslaget for Lokalhistorie
Landsmøte vart halde i 24. mai på Victoria Hotell i Stavanger. Utsendingar frå Hordaland sogelag var Sigmund Simmenes, Knut Farestveit, Odd Stuve Rommetveit og Sebastian Kvamsdal Kaasa.
Hordaland sogelag
Styret