Julehelsing 2025

Gode medlemmer i Hordaland sogelag!

Vi takkar for godt arbeid og samarbeid i året som snart er omme!

Vi kan sjå tilbake på eit aktivt år i alle lokale sogelag, både med medlemsmøter,
innsamling av informasjon og foto, og produksjon av nye årbøker.
Dei mange fine årbøkene for 2025 er trykt, og vil snart finna vegen til postkassar over
heile fylket, ja faktisk til heile landet og til utlandet med. Årbøkene vert såleis gilde
gåver under mange juletre også i år!

Lokalhistoriske dagar var i år på Tysnes og Fitjar, arrangert av dei lokale sogelaga.
Årsmøtet for Hordaland sogelag vart halde på Fitjar kultur- og idrettshus. Det var
dagar med fint vårvær og særs vellukka arrangement, med stor takk til sogelaga på
Tysnes og Fitjar. I april neste år er det planlagt årsmøte og lokalhistoriske dagar med
studietur til Vaksdal og Osterøy, med Vaksdal sogelag og Osterøy sogelag som
vertskap. Det er berre å gleda seg. Heimesida vil gje informasjon om vidare program
for Lokalhistoriske dagar 2026.

I oktober arrangerte vi eit særs vellukka redaksjons- og skrivekurs for medlemmer i
lokallaga på Grand Hotel Terminus i Bergen, med Ottar Grepstad som kursleiar.
Kursleiaren og deltakarane delte røynsler og diskuterte handfaste problemstillingar,
som truleg vil visa att i framtidig produksjon av årbøker.
Vi ynskjer alle ei retteleg god julehøgtid og alt godt for komande år!

Beste helsing frå
styret i Hordaland sogelag
🎄