Referat frå styremøte 3- 2024

Tid: 12. mai kl. 11-12
Stad: Stalheim Hotell

Til stades: Anne Liv Soldal, Sigmund Simmenes, Kjell Alvheim og Ågot Gammersvik
Forfall: Knut Farestveit

Sakliste:

1. Konstituering av nytt styre

Styreleiar: Anne Liv Soldal
Nestleiar: Sigmund Simmenes
Referent: Ågot Gammersvik
Styremedlem: Knut Farestveit
Styremedlem: Kjell Ingar Alvheim
Varamedlem: Nils Arne Ekerhovd
Varamedlem: Gunnar Strand

Vedtak: Forslag vedtatt som framlagt ved styreleiar.

2. Evaluering av årsmøtet

  • Dette årsmøtet kunne vore betre strukturert og betre førebudd.
  • Det kom gode tilbakemeldingar på innleiande runde med presentasjon av alle delegatane og kva lokallag dei representerte.
  • Delegatane var også nøgde med val av stad og innhald i dei lokalhistoriske dagar på Vossestrand.
  • Forbetringspotensiale når det gjeld:
    • Årsmelding kan gjerast fyldigare og med foto
    • Handlingsplan må settast opp tydelegare og gjerne med meir informasjon
    • Framlegg til val kan settast opp meir oversiktleg
    • Det må gjerast tydeleg i handlingsplanen kva som er kurs og kva som er studietur.

Vedtak: Styret følgjer opp med forbetring av førebuing av årsmøte 2025.
Sigmund lagar framlegg til årsmelding, og Ågot lagar framlegg til oppsett for
handlingsplan med foto.

3) Eventuelt

Reiserekning og utlegg må sendast Anne Liv snarast.