Kurs: innsamling, arkivering og formidling av bilete. 24.august
Torsdag 24. august er sett av til dagskurs i regi av regionslaget Hordaland sogelag
Oppfølgingskurs i november kan verta aktuelt.
Vestlandshuset i Bergen har sett av møterom for oss.
Rådgjevar i storfylket, Hedvig Ølmheim, er «primus motor» så strategien er i trygge hender!
Flott om fleire melder seg til kursing
Program:
11.00-11.45: Introduksjon om Vestland fylkeskommune og arkiv, og introduksjon om dagens tema.
Lunsjpause
12.30-13.15: Korleis digitalisere historiske foto, og med kva føremål? Fokus på utstyr, standardar og tekniske krav.
13.15-13.30 Pause
13.30-14.15: Innsamling, handsaming og oppbevaring av historiske foto.
14.15-15.00: Spørsmål og fritt ord.
Me kjem også til å komme inn på konkrete samarbeid som me har no med sogelag i Hordaland, som Kvinnherad og Etne. Me kan sjå an om det kjem deltakarar frå desse laga, det kan jo eventuelt vere interessant å la dei få ordet og.
.
Enkeltlaga melder på deltakarar til Anne Liv Soldal, annelivsol@gmail.com, telefon 90941272, og betalar eigendel lik reiseutlegg til og frå kursstaden..
