Referat frå styremøte i Hordaland sogelag 26. mars 2023
Tid: 26. mars kl. 10.30 til 11.00
Stad: Biologen Hotell, Herdla
Til stades: Anne Liv Soldal, Knut Farestveit, John Einarsen, Mikal Heldal, Kjell Alvheim, Sigmund Simmenes og Ågot Gammersvik
SAKLISTE:
- Konstituering av styret
Anne Liv Soldal, styreleiar, vald av årsmøtet
Knut Farestveit, nestleiar
John Einarsen, kasserar
Ågot Gammersvik, skrivar
Sigmund Simmenes, styremedlem - varamann: Mikal Heldal
- varamann; Kjell Ingar Alvheim
Vedtak: Konstituering som framlagt. - Kurs i fotoarkiv
Styreleiar følgjer opp vedtak frå årsmøtet og tek snarleg kontakt med Hedvig Ølmheim i
Sogn for å finna dato, tid og stad for kurs i fotoarkivering denne våren.
Vedtak: Som framlegg. - Planlagt tur til Isle of Man
Knut Farestveit og Sigmund Simmenes føljer opp tur til Isle of Man 21.-25. august 2023.
Manglar 6 fleire påmelde for å gjennomføra tur. Frist måndag 27. mars.
Vedtak: Saka vert følgd opp. - Utsending frå Hordaland Sogelag til Landslaget sitt årsmøte
Vedtak: Sigmund Simmenes representerer Hordaland Sogelag på Landslaget sitt årsmøte i
Tønsberg i mai 2023. - Framlegg om gjennomgangskontingent til Landslaget sitt årsmøtet 2023
Styret følgjer opp framlegg frå Årsmøtet om å leggja fram forslag om
gjennomgangskontingent på Landslaget sitt årsmøte 2023. Det må presiserast at det er snakk
om å søkja kompensasjon pr. medlem, ikkje momskompensasjon som mange har oppfatta.
Vedtak: Sigmund Simmenes og Ågot Gammersvik får i oppdrag å laga framlegg til tekst. Dette
vert å senda styret til vidarehandsaming/godkjenning på e-post. Arbeidet må i gang straks,
då ein har kort frist på innsending av saker på Årsmøtet 3-4. mai 2023.
Ref. Askøy 26. mars 2023
Ågot Gammersvik