HORDALAND SOGELAG
Årsmøte og lokalhistoriske dagar på Askøy 25. og 26 mars 2023
§5 Årsmøtet.
a.) Årsmøtet er øvste styringa for laget og bør haldast innan utgangen av april i samband med det lokalhistoriske møtet for Hordaland.
b) Kvart medlemslag har rett til 1 utsending når medlemstalet er under 100 medlemer, 2 utsendingar når medlemstalet er mellom 100 og 200 medlemer osv. Alt rekna etter medlemstal frå førre år. Ikkje noko lag har rett til fleire enn 5 utsendingar. Kvar utsending har ei røyst.
c) Skriftleg innkalling til årsmøtet skal sendast medlemslaga seinast 3 veker før årsmøtet. Saker som medlemslaga vil ha handsama på årsmøtet, må vera innkomne til styret innan 1.mars.
d) På årsmøtet skal handsamast:
- Årsmelding.
- Revidert rekneskap.
- Innkomne framlegg.
- Fastsetjing av medlemspengar.
- Handlingsplan
- Budsjett
- Val
Lokalhistoriske dagar på Askøy ved Askøy historielag
Laurdag 25, mars
Kl. 12.00 Herdla museum, Herdla
Mottaking og servering av lunsj
Kl. 13.00 Orientering om Herdla museum
Omvising i museet og torpedobatteriet, krigsminne frå 2. verdskrig og dagens bruk
Vandring i fritidsparken med fuglereservat
Kl. 17.00 Innsjekking «Biologen», Herdla
Kl. 19.00 Middag på «Biologen»
Søndag 26,mars
Kl.09.15 Årsmøte Hordaland sogelag
Utsjekk «Biologen»
Kl.11.00 Avreise Herdla
Kl.11.30 Besøk Bergen Kringkaster, samling i Grensedalen, Erdal
Kl.13.00 Lunsj på Sjoddien i Strusshamn
Omvising samlingane i Sjoddien og verna miljø i Strusshamn
Kl.16.00 Kaffepause og avslutning
ÅRSMELDING FOR ARBEIDSÅRET FRÅ ÅRSMØTET 2022 TIL ÅRSMØTET 2023
Styret har hatt 4 styremøte:
Møte 1
Eidfjord like etter årsmøtet,27. mars på der vi fordelte rollar i det nye styret og gjekk gjennom handlingsplan og vedtekter.
Møte 2
På Bergenhus festningsmuseum 16. juni det vi gjekk grundig igjennom vedtektene og handlingsplan , oppfølging frå møtet i mars. Nestleiar Mikal Heldal refererte frå Regionsleiarsamlinga på Gardermoen 7. mai..
Møte 3
I Bergen i samband med fellesmøte og omvising med Laksevåg Kulturhistoriske forening på Laksevåg. Handlingsplanen og medlemslistene er oppdaterte (her var mykje feil) og nyansane §§ i vedtektene må rettast i samsvar med noverande situasjon. Me er regionslag i Vestland fylke. Hordaland sogelag er ikkje fylkesdekkande , omfattar berre Hordaland, tidlegare Hordaland fylke.
§2 Medlemskap.
Regionale og lokale sogelag og tilsvarande organisasjonar innan Hordaland fylke kan vera medlemer i laget. Dersom det er tvil om ein organisasjon kan verta medlem, avgjer årsmøtet spørsmålet.
§3 Organisasjon.
Hordaland sogelag er ein fylkesdekkjande organisasjon som gjerne samarbeider med andre lag og organisasjonar med same føremål, men har som hovudoppgåve å styrkja samarbeidet mellom medlemslaga og skal representera dei i saker av sams interesse.
§4 Verksemd.
Hordaland sogelag kan ta på seg oppgåver som best kan løysast på fylkesnivå, slik som kurs, seminar, kjeldepublikasjonar m.m. Saman med eitt eller fleire av medlemslaga står laget som tilskipar av det årlege ”Lokalhistorisk møte for Hordaland”.
Framlegg til oppdatering
§2 Medlemskap.
Regionale og lokale sogelag og tilsvarande organisasjonar innan tidlegare Hordaland fylke kan vera medlemer i laget. Dersom det er tvil om ein organisasjon kan verta medlem, avgjer årsmøtet spørsmålet.
§3 Organisasjon.
Hordaland sogelag er eit regionslag i Vestland fylke som gjerne samarbeider med andre lag og organisasjonar med same føremål, men har som hovudoppgåve å styrkja samarbeidet mellom medlemslaga og skal representera dei i saker av sams interesse.
§4 Verksemd.
Hordaland sogelag kan ta på seg oppgåver som best kan løysast på regionsnivå, slik som kurs, seminar, kjeldepublikasjonar m.m. Saman med eitt eller fleire av medlemslaga står laget som tilskipar av det årlege ”Lokalhistorisk møte for Hordaland”.
Møte 4
18. januar 2023 i Strusshamn på Askøy i samband med planlegging av årsmøte og lokalhistoriske dagar i regi av Askøy historielag.