Årsmøte og lokalhistoriske dagar 2022.
Oppmøte i Granvin
Oppmøte for deltakarane var i det vakre ungdomshuset til Granvin som har det karakteristiske tårnet som fleire ungdomshus hadde då dei vart bygde i 30 åra i fleire av bygdene innover hardangerfjorden. Granvin ungdomshus var ferdig i 1930 og var bygd på dugnad av bygdefolket, fortalde leiar i Granvin Sogelag Gunnar I. Folkedal. Han viste fram ungdomslagsfana som kunstnaren Nils Bergslien måla og som vart gøymt bort i siste liten før tyskarane okkuperte huset under siste verdskrigen.
Kultur- og Miljøplan for Voss herad
Trude Letnes kulturleiar i Voss herad informerte og viste fram kultur og miljøplanen til Voss herad. Voss herad omfattar no til saman 4 sogelag etter kommune reforma i 2020.
Etter matøkt på den gamle gjestgjevarstaden Janusen som har ein meir en 300 år historie som serveringsstad, gjekk turen til Granvin Bygdemuseum ein steinkast på andre side av hovudvegen gjennom Granvin sentrum.
Bygdemuseet i Granvin
Hardingfelespelar Alexander Aga Røynstrand som er styrer for bygdemuseet, fortalte om bygningane og framførte også vakker hardingfele slåttar for gjestene. Alexander som er ein av dei fremste utøvarane på Hardingfele i landet bur også på staden og er også aktiv i lokalpolitikken i Voss herad.
Etter synfaringa på bygdatunet, gjekk ferda til Heradshuset i Ulvik der forsamlinga vart hjartelag vel møtt til kaffipause i heradstyresalen. Leiaren i Ulvik Sogelag Torbjørn Dyrvik fortalde om hendingar under 2. verdkrigen der meir en 50 hus i Ulvik bygda vart øydelagde i kampane mellom tyske og norske soldatar 25. april 1940.
Olav H. Hauge senteret.
Heradshuset inneheld også Olav H. Hauge senteret der det vart omvising før turen gjekk over hardangerbrua til Vøringsfoss hotel for festleg samvær og overnatting.
Etter frukost sundag vart årsmøte gjennomført i rolege former. Bremnes sogelag vart innleiingsvis ynskt velkomne som nytt medlem av Hordaland sogelag.
Årsmøte
Knut Farestveit vart avløyst som leiar etter eige ynskje og ny lear i Hordaland Sogelag vart Anne Liv Soldal. Elles vart det attval på alle andre tillitsvalde. Økonomisk er stoda tilfredsstillande for laget, men framleis får ikkje laget tilskott frå Vestland fylke slik det gjorde i gamle Hordaland fylke. Dette vil det nye styret arbeida vidare med å få på plass.
Nils Bergslien.
Galeriet til multikunstnaren Nils Bergslien er også ein del av hotel bygget og det vart tid for ein omvising i dei lyse og vene lokala.
Eidfjord gamle kyrkje.
Etter årsmøte var det synfaring i gamle Eidfjord steinkyrkje som vart bygd i 1309. Ifølgje soga vart kyrkja bygd av Rike-Ragna Åsoldotter som son offer for syndige handlingar i livet.
Rike -Ragna budde på garden Sæ i Simadalen, nordaust for Eidfjord. Soga fortel at ho var ute og rodde på fjorden med manne sin og dei krangla så fælt at ho sette han av på eit skjær til ho fann det for godt å ro ut og henta han. Mannen stakkar omkom ved flo sjø, og Ragna bygde kyrkja som bot for å ha skulda for mannen sin død. Hennar store gravstein med bilete av apostelen Jakob som kyrkja er vigd til, står framme i kyrkja til side for alteret.
Under alteret står 7 kister, og ei av dei er kista til Anders Andersen Riber, fyrste protestantiske prest som var sendt av danskekongen for å reformera den katolske kyrkjelyden. Han gifta seg med Katarina Helvig Galtung og har mange etterkomarar i Hardanger og i Sunnhordland.
Biografi.
Anders Andersen Riber (ca. 1627-1688) var rundt 20 år gammel da han ble innskrreven i 1647 ved Københavns Universitet i Danmark, frå Ribe katedralskule. På latin vart han omtala, «Andreas Andreas Rincopius» på sin inskripsjon. Landsarkivet for Nørrejylland seier at han derfor trulig er født i den vesle byen Ringkøbing på austkysten av Jylland. Ifølgje Mandrup Hjeltnaes var Anders Andersen Riber frå Jylland, Danmark, biskop i Eidfjord prestegjeld i Hardanger der han ble ordinert 21. august 1656. Han blei buande der til han døyde på langfredag i 1688. Han gifta seg med Katarina Helvik Lauritsdatter Galtung, dotter av Lauitz Johannesson Galtung fra Thorsnes. Katarina ble født i 1635 og døyde i Eidfjord i 1693 i en alder av 58 1/4 år.
Her følgjer ein del bilete frå årsmøtesamlinga.
Styre 2022. Frå vestre Sigmund Simennes, John Einarsen, Knut Farestveit Anne Liv Soldal,
Mikal Heldal.
Alexander Røynstrand spelar hardigfele etter matøkta på laurdagen.
Avtroppande leiar i Hordaland sogelag takkar leiar i Granvin sogelag for eit vellukka årsmøte.
Under alteret i Eidfjord gamle kyrkje står kista til Anders Andersen Riber.
Eit karakteristisk bilete måla av Nils Bergslien.
Rike-Ragna Åsolsdotter sin gravstein står ved alteret i kyrkja.
Styre og tillitsvalde på årsmøte i 2022.
Leiar: Anne Liv Soldal
Postadresse
Hovlandsvegen 12,
5610 Øustese
E-postadresse:annelivsol@gmail.com
Mobil 41648198
Kasserar: John Einarsen
Stemmebakken 21, 5360 Kolltveit. Telf 56331886, mobil 92098950
e.post: john@sartorholding.no
Mobil:
Redaktør Kaare M. Malkenes,
Vågsneset 2,
5680 Tysnes,
Mobil 41012626
e-postadresse: kaaremalkenes@hotmail.com
Styre i 2022.
Anne Liv Soldal, leiar
Mikal Heldal, nestleiar ( på val i 2023)
John Einarsen, kasserar ( på val i 2023)
Ågot Gammersvik, skrivar( attaval 2 år)
e-postadresse: aagot.gammersvik@gmail.com
Knut Farestveit, styremedlem 2 år
Sigurd Simmenes, 1. varamedlem (attval)
Kjell Inge Alvheim, 2. varamedlem (attval)
Valnemnda:
Aslaug Olden Mala ( valt for 3 år i 2022)
Torbjørn Dall -Larsen (attval for 3 år)
Revisorar:
Harald Lindevik ( attval for 2 år)
Enride Aakre ( på val 2023)