God Jul og Godt Nyttår!

God Jul

JOLEHELSING

Eit år utanom dei vanlege nærmar seg slutten.

Etter at årsmøtet og dei lokalhistoriske dagane fyrst måtte utsetjast pga. pandemien, vart tilskipinga halden i oktober. Stord sogelag stod for ei framifrå tilskiping. Laurdagen møtte me på Litlabø. Etter eit måltid fekk me orientering om gruvedrifta og Liltabøsamfunnet. Me fekk og koma inn i gruva. Om kvelden var det festmiddag og kulturelle innslag på Stord hotell.

Etter frukost sundag vart årsmøtet halde på hotellet. Deretter møtte me på høgskulen på Rommetveit. Der var det omvising. Etter ei lokalhistorisk vandring, var det orientering om skulen, tidlegare Stord lærarskule, si soge. Til slutt var det eit måltid på skulen. Takk til Lars Mæland og Kjellbjørg Lunde i Stord sogelag for trivelege og lærerike dagar!

Pga. pandemien vart det ikkje gjennomført studietur eller kurs for lokallagsmedlemene i 2021.

Me er i gang med planlegging av årsmøte og lokalhistoriske dagar i 2022, og har sett av 26.-27. mars. Leiaren i Granvin sogelag (og i Hardanger historielag), Gunnar I. Folkedal, har hatt kontakt med sogelaga i Ulvik og Eidfjord med tanke på ei tilskiping i indre Hardanger. Det er planar om overnatting på Vøringsfoss hotell i Eidfjord. Då pandemien har slått til att no før jol, må me venta til over nyttår, ev. til februar, før me veit om opplegget kan gjennomførast i mars.

Me vonar og at det planlagde kurset i konservering og oppbevaring av gjenstandar kan haldast i 2022.

Takk for samarbeidet i 2021!

Me ynskjer alle ei god jol og eit godt nytt år!

 

Helsing

Hordaland sogelag

Knut Farestveit, leiar