Måleri av Littlabø gruveby.
29 deltakarar frå dei 34 laga som omfattar medlemslag i Hordaland sogelag var samla til årsmøte og lokalhistoriske dagar på Stord.
Leiar i Hordaland Sogelag Knut Farestveit ynskte vel møtt og gav ordet til leiar i Stord sogelag Kjelbjørg Lunde som orienterte om dagens program. Oppmøte var i Heishuset til gruvemuseet på Litlabø der det var servert varm suppe og rundstykke. Velkommen til Stord, helsing vart også framført av ordføraren i Stord Gaute Epland som orienterte stoda og framtidsplanane for omstilling til «grøn» industri og verksemd i den mektige kystkommunen.
Ivar Helleland fortalde levande om oppveksten på Litlabø og saman med Torbjørn Marthinsen orienterte dei båe om gruveanlegget som vart opna i 1907, før alle fekk utdelt hjelmar før ferda med gruvetog inn i den kolsvarte gruvegongane.
Etter omvisinga i gruva vert det servert kaffi og heimabakt kringle før omvising i dei ymse bygningane som omfattar gruvemuseet, både det stilige administrasjonsbygget som også husar husflid laget og arbeider- og formanns bustadane.
Festmiddag på Stord Hotel var laurdagskvelden med Kjellbjørg Lunde som festleiar.
Etter matøkta vart det lokalt kulturinnslag med trubaduren Atle Hansen som framførte både kjente og eigen komponerte viser i spekka muntre soger til lott og løye.
Årsmøte vart avvikla i rolege former sundag 17. oktober.
Etter handsaming av årsmelding og rekneskap vart det gjennomført val av leiar og styre. Det vart attval på alle i det sitjande styre.
Årsmøte vedtok å leggja til eit nytt punkt på Handlingsplanen om å oppmoda fleire sogelag å melda seg inn i Hordaland sogelag (HS).
Etter opprettinga av Vestland fylke har HS ikkje mottatt tilskott frå fylket som i tidlegare år. Styret vil kontakta Vestland fylke om dette.
Årsmøte uttalte at ein tek sikte på å gjennomføra årsmøte for 2022 i mars /april neste år.
Styret vurderer om ein skal skipa studietur til Isle of Man neste år.
Etter årsmøte gjekk turen til Høgskulen på Rommetveit der det vart fortalt om samt omvising på det mektige skuleanlegget gjennom 182 år. Ei interessant vandring gjennom høgskuleanlegget vart det med Nils Tore Gram Økland som synte stor kunnskap om dei ymse bygningane og om sentrale føregangsmenneske ved skulen som har røter attende til 1839. En spasertur gjennom det unike og vakre parkanlegget vart ein fin sundagstur med stopp med nausttufta frå leidangtida og ein merka og freda gravhaug . Den velstelte hagen og grøntanlegget og bygningane held Statsbygg ved like. Det meste av det unike anlegget er freda av Riksantikvaren.
Sundagen vart avslutta med ny matøkt i hovudbygget, der avdelingsleiar for kommunikasjon Svein Ove Eikenes orienterte om planane ved høgskulen og tankar om nye år med lærarutdanning m.m. på Stord.
Vedlagt følgjer diverse bilete frå samkoma på Stord.
Leiar i Stord Sogelag Kjellbjørg Lunde
Ordførar i Stord Gaute Epland
Det vesle motoriserte toget fraktar besøkande inn til synfaring i kiselgruva.
I heishuset vart det bordsete og orientering om gruveanlegget.
Biletsamlinga av sentrale personar og aktiviterar gjennom tidene på Littlabø gruver.
Eit gamalt og velbrukt «utedo» for trengjande gruverbeidarar.
Eit av fleire eldre velbevarte skulehus på høgskuleområde på Rommetveit.
Det idyliske parkanlegget i høgskuleområde.
Dette staselege bygget er gymsalen på høgskulen.
Frå årsmøte der styre i Hordaland sogelag sit samla i høgsete.