Anne-Britt Grindheim med sonen (t.v) og Terje Hermansen viser fram dei vakre Etne-bunadane.
Oppmøte for utsendingane til årsmøte frå dei ymse laga var hotell Fønix, som også var staden for festmiddag og overnatting.
Ordførar Siri Klokkerstuen og leiar i Etne sogelag Aslaug Olden Mala ynskte velkommen til Etne.
Etne er ein kommune der mange av innbyggjarane er oppteken av kunst og kultur. Det finst 100 ulike lag og organisasjonar rundt om i bygdene og det er imponerande for ein kommune med om lag 4100 innbyggjarar.
Dei tre bygdene Etne, Skånevik og Åkrafjorden som femner dagen kommune, har ulikt særpreg både når det gjeld natur, byggeskikk og verksemder. Etne og landskapet rundt Etne sentrum har store gardar og er ein av dei største jordbrukskommunane i Hordaland. Turisme og tilhøyrande næring er veksande.
Arbeidet til Sogelaget er viktig og nyttig for Etne samfunnet avslutta ordføraren.
Leiar i sogelaget Aslaug Olden Mala ynskte velkomen til Etne og fortalde om programmet for årets samkome.
Etter matøkt på hotellet, starta kulturreisa med buss gjennom Etne bygdene med Einride Aakra som forteljar. Han har framifrå kunnskap om bygdene og gardane som var synlege på reiseruta, og fortalde soger om folk og hendingar gjennom tidene. Etne er ei kongsbygd og følgjeleg nok var fyrste stopp Stødle Kyrkje frå 1160 der Ingvor Gundegjerde fortalde levande om kyrkjehendingar gjennom dei mange 100 åra. Den eldste delen av kyrkja oppført i stein var i byrjinga hus kapellet til Erling Skakke, far til kong Magnus Erlingsson som ein reknar som ein av fleire stormenn i borger krigstida i Norge. På 1600 talet var kyrkja på-bygd i tre, og var i privat eiga heilt fram til 1859 då kommunen kjøpte bygningen.
Markhus gamle skule i Åkrafjorden var neste stopp på ferda der Lars L. Lundal fortalde om oppvekst og vilkår for folket i fjord-enden som for 60 år sidan hadde fleire skular, butikkar, posthus på kva side av fjord-enden, no er det tomme hus fleire stader som står at som minne om denne tida. Fråflytting har vore stor og no er det berre 110 innbyggjarar att i Åkrafjorden og verksemder er flytta og nedlagt må vita. Unntaket er familien Hustveit som gjennom fleire ti år har produsert den vidgjetne Åkrafjordpølsa og andre godsaker av kjøt, bær og frukt. Dei har sin eigen butikk tett inntil europaveg 134 og har store utviklingsplanar og vil satsa på den aukande turismen av di dei ligg strategisk til ved hovudvegen og ikkje langt frå turistmagneten Langfoss.
Lars fortalte også at det år om anna er aukande trafikk med folk som vil vandra i fjella kring fjorden og viddene innanfor.
På stoppet i Åkrafjordtunet fortalde dagleg leiar Jon Karsten Hustveit om spenstige planar for utvikling av familieverksemda med hovudfokus på turisme og reiseliv.
Festmiddagen om kvelden vart innleia med at Anne Britt Grindheim viste fram tre ny utvikla utgåver av bunader frå Etne. Bordseta var krydra med soger om mykje og mangt frå etnebygda, og etter maten var underholdning ved trubaduren Jimmy Næs og løesogegeneralen Steinar Aalvik båe med utgangspunkt i dikt, kåseri og songar frå Etne-diktaren Ingvar Moe som gjekk bort så alt for tidleg berre 56 år gamal.
Årsmøte sundag vart gjennomført i rolege former i Gamlestova til Leif Halleland på Auastad der Knut Farestveit frå Voss sogelag tok attval som leiar. Anne Liv Soldal frå Kvam sogelag vert vald til ny varamedlem til styret for Jan B. Torsheim som hadde sagt frå seg attval . Referat frå Årsmøte m.m. kjem seinare.
Her fylgjer ein del bilete frå samkoma i Etne.
Aslaug Olden Mala.
Stødle Kyrkje
Innvendig i Stødle kyrkje den eldste delen. Stein-kapellet til Erling Skakke.
Sigmund Simmenes vart valt til å leia årsmøte.