Mimretreff på Voss etter studieturen

 

Mimretreffet på Voss etter turen til Færøyane 2014
 
Samkoma vart halden på Ole Bull-akademiet på Voss laurdag 18. oktober.
47 av deltakarane på turen til Færøyane var med på mimretreffet.
 
Eit ungdomskor som var på akademiet denne helga, tilbaud seg å opna samkoma med tre songar. Det var ei framifrå innleiing! Deretter spelte ei jente som studerer ved akademiet, tre slåttar på hardingfele.
 
Så var turen komen til færingen Sniolvur Joanesarson som har budd på Voss i mange år. Han fortalde svært interessant frå Færøyane i fortid og notid. Deretter gav han oss nokre «smaksprøvar» på færøysk song. Han var så sporty at han stilte opp trass i at han hadde vore ute for ei ulukke på smalasanking tidlegare i haust.
 
Einar Midttun framførde så to av Per Sivle sine vossastubbar på ein framifrå måte.
 
Etter ein varmrett med viltgryte, var det Bernt Daltveit sin tur. Han fortalde humoristisk om Voss og vossingar.
 
Deretter var det kaker og kaffi.
 
Samkoma vart avslutta med at Reidar Bringedal viste bilete på power point frå turen til Færøyane. Han hadde og teke fellesbiletet av alle dei 75 turdeltakarane.
 
Me i Voss sogelag som hadde ansvar for samkoma, var svært nøgde med at så mange av turdeltakarane møtte opp!
 
Knut Farestveit