Lokalhistoriske dagar – og årsmøte for Hordaland Sogelag 2013

 

Sundag var det busstur gjennom industribyen.

Referatet frå årsmøte finn du under Møtereferat eller klikk her. 

Her kan du lesa kva avisa Tysnes skreiv om årsmøte.

 

Lokalhistoriske dagar og årsmøte i Hordaland Sogelag.
av Kaare M. Malkenes

Arrangementet går inn i rekkja med suksessrike samlingar som engasjerer på vertskapslaget og delegatane. Det var tydeleg også denne gongen. Det var berre godord å høyra om det varierte programmet  på laurdagen, og bussturen i  den gamle fabrikkbyen Odda, var ei fin oppfølging av foredraget til historikar Knut  Markhus om reiselivet i Hardanger før storindustrien tok over. Det møtte 32 utsendingar frå 13 av medlemslaga. 

Ei stor takk til vertslaget Hardanger Historielag og Marit Bleie Mannskaker, og ikkje minst Brita Jordal som nok hadde ein finger med  i det meste når det galt programmet  og omvisinga på  Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.

Unikt museum.
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum  vart totalrestaurert i perioden 2000 til 2007. Museet er eit unikt vasskraftmuseum ikkje berre i nasjonal, men også i internasjonal målestokk. Ikkje berre kraftstasjonen, men byggningane i fjellpartiet og dei stupbratte røyrgatene er restaurerte. Museet har då også fått ros internasjonalt for det flotte og unike restaureringsarbeidet.

Hjarteleg gjensyn
Direktør ved NVIM Randi Bårtvedt fortalde varmt og engasjert om arbeidet med å få freda det gamle og unike kraftverket. Eit arbeid som  ho har hausta mange lovord for  også internasjonalt. Ho vart tydelegvis overraska då ho møtte delegaten frå Vaksdal Historielag John Dale. Som tidlegare stortingsrepresentant og statssekretær i Miljøverndepartementet, var han ein viktig støttespelar i arbeidet med å skaffa midlar og politisk draghjelp for å realisera museumsprosjektet. 

Odda før industrireisinga.
Historikaren Knut Markhus sitt interessante foredrag «Mellom enkle innfødde og ville fjell», viste bilete og historisk omtale av reiselivet i Odda på 1800 talet. Biletframsyninga «Industrieventyret» viste bilete frå byggeaktivitet og rallarliv tidleg på 1900 talet.

Busstur gjennom byen.
Det vart sølvsagt omvising på Vasskraftmuseet i tillegg til busstur gjennom hardangerbyen. På turen fekk ein sjå korleis klasseskilje i industribyen såg ut med omsyn til husværa og bumønsteret mellom funksjonærar og arbeidarar gjennom åra.

Ingen bustadmangel.
I Odda kommune som i år kan markera 100 år som eigen kommune, er det ikkje mangel på bustader. Både einebustader og høgblokker står tome, og du kan kjøpa deg ein fin herskapsbustad i «jugendstil» til ein overkommeleg pris. Eit interessant fenomen i våre dagar er at våre nye landsmenn og spesielt polakkar, kjøper opp og er flinke til å restaurera dei gamle arbeidarhusværa  til seg og familien.   

Attval på årsmøte.
Heile styret som dei siste åra har vore leia av Else Marie Kind Hevrøy, vart attvalt med akklamasjon på årsmøte sundagen.  Årsmøtereferat vil bli lagt ut på nettsida  med det fyrste.

Årets studietur.
Sidan 2006 har det vore tradisjon å arrangera studieturar til land og stader det våre forfedre slo seg ned og sette spor etter seg. I år går turen til Gotland via Danmark, og alle interesserte både medlemer av sogelaget og andre kan melda seg på turen.  Programmet for turen vil bli lagt ut på nettsida om kort tid.

Bilete.
Her følgjer bilete frå samlinga.

Brita Bleie Mannsåker ynskjer forsamlinga vel møtt.

Anna Gravdal stod for omvisninga på museet.

 

Knut Markhus.

Møtedelegatane er på plass.

Brita Jordal mottek blomegåve og konfekt frå  Else Marie.

Omvising i turbinhallen.

Omvising i turbinhallen. Mannen med skjegget er leiar i Kvinnherad sogelag Halvor Medhus.

Odda ungdomshus..

Randi Bårtvedt og John Dale.

 

Frå årsmøte. F.v. Else Marie Kind Hevrøy, Mikal Heldal, Åse Eikemo Strømme, Marie Elisabeth Skutlaberg, Einar Borgund og Jarleiv Haugland.

 

Jarleiv Haugland sa frå seg attaval som varamann i styre. Han vart einstemming valt til nytt medlem av valkomiteen. Her får han gåvepose og godord av Else Marie som takk for innsatsen gjennom mange år.

 

Dei nasjonalromantiske bileta til vossakunstnaren Nils Bergslien pryda veggene i dei fleste fellesromma på Tyssedal Hotell.

Dei over 100 år gamle kraftmastene er freda, og «oddaskjora» har funne seg ein høveleg reirplass her.

Det var eit vinterleg Odda som møtte årsmøtedelegatane laurdag føremiddag. ( utsyn frå Tyssedal Hotell)