Referat ved Ågot Gammersvik

Laurdag 11. april:
Vaksdal historielag tok imot utsendingane til Lokalhistoriske dagar i kantina på «Dale of Norway» på Dale. Her var det servering av betasuppe, og ordførar Hege Eide Vik orienterte om Vaksdal kommune. Lorentz Tvedt, produktutviklingsleiar i Dale of Norway, orienterte om fabrikk-historien og tok oss deretter med rundt i bedrifta. Vi fekk besøkja veveriet og monteringsalen, salsavdeling og fabrikkutsalet.
Dale Fabrikker, grunnlagt i 1879 av Peder Jebsen i Vaksdal, er ei historisk norsk tekstilbedrift kjent for høgkvalitets ullvarer. I dag er verksemda delt i to: Dale of Norway produserer ikoniske strikkegensarar, mens Daletec lager flammehemmande tekstilar. Dette er eit norsk tekstilindustri-selskap som held til på Dale i Vaksdal, og produksjonen foregår framleis her. Selskapet er frå og med 2019 eigd av den franske ski- og sportsutstyrprodusenten Rossignol (20 prosent) og av det norsk-svenske oppkjøpsfondet Altor.

Dale er industristaden som blei bygd opp rundt Dale kraftverk og Dale Fabrikker. Denne fabrikken hadde på det meste 1300 arbeidarar. Dei fleste budde på Dale, men mange arbeidarar kom også tilreisande med tog og buss frå nabobygdene Stanghelle, Vaksdal, Stamnes og Bolstad mfl.
Lorentz Tvedt fortalde om produksjonen i fabrikken, og tok oss med på besøk i veveriet, der maskinene gjekk for fult.

Frå Dale gjekk turen vidare med bilar langs Bolstadfjorden til Straume Her tok lærar Eidrun Straume Normann imot oss og fortalde om Straume kulturlandsmuseum, med steinalderbuplassen Skipshelleren, dragebryggja, naustrekkje, bustadhus (1500), laksegilje og skulehus. Ågot Gammersvik orienterte om laksefiske, og Sigmund Simmenes tok ei gruppe med seg til Skipshelleren. Deretter møttest alle i skulestova på Straume.
Den kraftige fjordstraumen ved Straume har vore sjølve grunnlaget for busetnad, næringsliv og samferdsle frå dei eldste tider. For meir enn 6000 år sidan kom fangstfolka – laksefiskararne og hjortejegerane – og fann seg livd under Skipshelleren. Gardane her ligg på store terrassar av aur og sand etter istida, bygde opp av den sterke straumen der Bolstadfjorden er på det smalaste. Sanden har gjeve inntekt og arbeidsplassar; ei næringsdrift som har sett sitt stempel i landskapet og skapte auka busetnad frå 1800-talet og opp mot vår tid. Dei høge giljene fortel om ei anna inntektskjelde: laksefisket.

Skipshelleren er ein bu- og fangstheller frå steinalderen, eit overheng under bergveggen. Hellaren har vore nytta som buplass og som fangstplass fra før-historisk tid. Buplassen var utgraven av arkeologar på 1930-talet, og skal på nytt utgravast no 100 år etter. Her er eit 1,7 meter tjukt kulturlag. Det eldste sjiktet skriv seg frå steinalderen og inneheldt store mengder oldfunn og dyreknoklar, av hjort, fjordsel og villsvin. Det er også funne rester etter sau, geit og ku.


Økomuseum
Kulturlandskapssmuseet – eit «økomuseum» – syner korleis naturkrefter og naturressursar har vore grunnleggjande for liv og busetnad gjennom mange tusen år. Kallestadstova, stavnausta og skulemuseet gjev eit nærbilete av daglegliv og byggeskikk i seinare hundreåra.
Dragebryggja
Bolstadfjorden var ferdsleåra for Vossebygdene lenge før vegane og bruene si tid. Heller ikkje sjøvegen var fri for farar, og Dragebryggja vart bygd for å meistra dei sterke naturkreftene i straumen. Lokalbåten «Oster» gjekk i si tid opp straumen og gjennom Bolstadfjorden til Bolstad. Både lokalbåten og langt mindre farkostar kunne trengja drahjelp gjennom straumen når sjøen fjæra eller flødde. Den mindre lokalbåten «Jaabæk» gjekk med passasjerar opp straumen og inn Bolstadfjorden til Dalseid, der ein kunne ta tog vidare til Voss eller mot Bergen. Ny veg og bru over straumen vart opna først i 1963.
Naustrekkja
På austsida av straumen ligg fire naust som truleg er bygde tidleg på 1800-talet. Nausta er bygde i grindverkskonstruksjon, ein byggjeteknikk som går attende til forhistorisk tid. Stavane og den tversgåande beten utgjer ei grind, dei langsgåande stavleiene ber takkonstruksjonane. Dei opne veggene utan kledning er særmerkte for dei indre fjordstrøka. I stavnausta på Straume vart «byveden» lagra før han vart frakta til Bergen med ostraskutene.



Laksagiljer og sitjenota
Laks og aure har i uminnelege tider vore fanga med ulike reiskapar i fjorden og straumane her. Funn i steinalderbuplassen ved Skipshelleren fortel at laks truleg vart fanga med onglar. Garn, teiner og ruser har vore nytta i elvane like fram mot vår tid. I fjordane vart garnbruken kring 1500 utvikla til eit «laksevarp» og vidare til det vi i dag kjenner som sitjenot.

Sitjenøtene og dei høge laksegiljene er ein fangstteknikk som har utvikla seg i fjordbygdene på Vestlandet. Sitjenota, ein garnpose som er open i den eine enden, står i sjøen rett under gilja, med eit ledegarn inn til posen. For at sitjenota skal stå støtt i straumen, er ho festa med strenger til lands og med steinar til botnen. Laksefiskarane sit i ei lita hytte på toppen av gilja, høgt over fjorden. Når dei ser at laksen er komen inn i nota, stengjer dei notposen med eit «drag».
På Straumshovet er det lett å stå frampå haugen og sjå når laksen går oppover straumen. Tidlegare var det berre ein enkel benk å sitja på. Den første gilja vart reist på slutten av 1800-talet. Laksefisket fekk eit kraftig oppsving frå 1870, då marknadsverdien på laks og aure auka. Dette skapte stort press på ressursane, som førte til lovfesta innskrenkingar av fisketida og regulering av reiskapsbruk. Laksefisket gav gode inntekter til grunneigarane. Det var eit interessant fiske, med relativt små investeringar. Til gjengjeld var det stor spaning knytt til fisket og von om «det store draget», med nota full av sølvblenkjande laks.
Etter omvisinga vart det avvslutning for besøket til Vaksdal kommune, og vi kjøring til Fotlandsvåg på Osterøy. Her innlosjerte vi oss på Fjordslottet hotell. Vi fekk god mottaking av vertsfolket, og ein nydeleg middag.


Under middagen fekk vi konsert av medlemmer i Osterøybelgen i Osterøy Spel- og Dansarlag.

Fjordslottet hotell i Fotlandsvåg, der årsmøtet vart halde med representantar frå lokallaga i Hordaland sogelag.

Søndag 12. april:
Etter ein god frukost var det årsmøte for Hordaland sogelag i salen på Fjordslottet hotell. Protokoll frå årsmøtet finn ein som eigen post på nettsida hordalandsogelag.no

Lonevåg
Lonevåg er tettstad og administrasjonssenter i Osterøy kommune, og eit knutepunkt for næringslivet i kommunen. Tettstaden har fått navnet etter Lonelva som renn ut i sjøen i ein smal våg. Dette er den opphavelege «Lonevågen». Nedre del av Lonevassdraget er ein flat elvedal. Den smale Lonevågen går 5 km innover fra Osterfjorden.
Då den nye kommunesammenslåinga kom i 1964 blei det bestemt at Lonevåg skulle bli administrasjonssentrum i Osterøy kommune. Det vart då gjort vedtak om å byggja rådhus og ungdomsskule her. I dette senteret finn ein biblioteket, butikkar og kafèar mv.
Frå midten på 1800-talet vaks det fram verkstadar som laga dei velkjende ostra-kistene, og desse vart omsett i Bergen. Seinare vart kistene kjent som reisekoffertar eller amerikakoffertar.
Like ovanfor Fotlandsvåg ligg Herlandsfossen, som vart utbygd til kraftstasjon i 1919. Kraftverket fekk store og viktige kraftkundar, og gjorde det mogleg å starta industri på Osterøy.


Orientering om Hosanger i Mjøsvågen ved Geir Kleiveland. Deltakarane står her like nedanfor Hosanger kyrkje frå 1796. Denne steinkyrkja er reist på tomta etter stavkyrkja frå tidleg 1300-talet, og tømmerkyrkja frå 1600-talet, som brann ned i 1795.
Hosanger
1. januar 1964 ble den delen av Hosanger som ligger på Osterøy slått sammen med deler av Bruvik, Hamre og Haus kommuner til den nye Osterøy kommune. I det høve vart det bygd nytt kommunehus på Hosanger.
Rundt Mjøsvågen låg nausta plassert, og her finn ein endå eit tett sjøbruksmiljø. Nokre av bygningane er vanlege naust, men dei fleste har og rom til små verkstadar og nærings-verksemder. Her har mange av gardane omkring skaffa seg ekstrainntekter som smedar, treskomakarar, gjørtlarar, kistesnikkarar og rosemålarar. Kring 1865 tok dei til å arbeida fine kister, som dei selde i Bergen. Etter kvart vaks det fram kisteverkstader i Mjøsvågen. Inst i Mjøsvågen kom det etter kvart mekaniske verksemder, som framleis er i full drift. Her finn du framleis Hosanger treskofabrikk, som er blitt eit lite museum med handverkshistorie.
Mjøsvågen er i dag eit verna naust og verkstadmiljø der dei no kan tilby nytt liv i bygningane og områda rundt.

Mjøsvågen med kommunehuset øvst, og Mjøsvågen Landhandel kroa med småbåthamn nedst.
Her ligg også Galleri Mjøsvågen, eit lite kunstgalleri.

Gjerstad og Osterøy museum
Frå Hosanger køyrde vi vidare til Gjerstad. Her ligg Osterøy museum i dag og den nye laftastova til Osterøy Sogelag.
I stova vart vi mottekne av ordførar på Osterøy kommune, Alexander Thunestvedt. Han orienterte om Osterøy kommune, om øya med allsidig småindustri og stor kulturell aktivitet.
Osterøy sogelag serverte lunsj, med varm kaffi, te og brus. Styreleiar Geir Kleiveland fortalte også om aktiviteten i sogelaget, om det nye lageret der dei mange årbøkene er lagra. Her kunne vi kjøpa årbøker, men også andre bøker sogelaget har produsert med historiske tema frå Osterøy.
Vi fekk også orientering om Gjerstad museumsområde med tilflytta bygningar i det gamle tunet, og nybygg med både faste og skiftande utstillingar. Osterøy museum vart etablert i 1920, og viser levemåten i bygdene på øya og handverksteknikkane som vart nytta her. Museet har spesiell kunnskap om tekstil- og drakthistorie, oppstadvev og lokal byggeskikk, og er eit samlingspunkt for dei med interesse for lokalhistorie frå Osterøy og Nordhordland.


Samlingane til Osterøy museum på Gjerstad, og kaffiøkt med Geir Kleiveland som fortel om det nye lagshuset til Osterøy sogelag.

Hamre kyrkje
Dette er ei lafta tømmerkyrkje frå 1585. Kyrkja er tjørebredd med eit ruvande tårn. Her skal det tidlegare ha stått to stavkyrkjer. Den første skal ha vore bygd så tidleg som i 1024, og var plassert innanfor det som i dag er koret i kyrkja. Stavkyrkja frå 1100-talet rakk litt lenger ned mot midtgangen. Gjennom heile middelalderen var Hamre viktigaste kyrkja i regionen. Det årlege gangdagstinget var på Hamre i dagane før Kristi himmelfartsdag, og innebar mange ritualer. Ombygginga av stavkyrkja til slik kyrkja står i dag, gjekk etappevis frå 1585 til midt på 1600-talet. Etter reformasjonen skulle kyrkjene ha større skip, og folket skulle ha sitjebenker i kyrkja. Denne kyrkja er i bruk i dag. Vi fekk ei omfattande orientering om kyrkja av Kristoffer Foldøy.
Valestrand
Valestrand vart eit sentrum for garveriverksemd på Osterøy, eit handverk som har utvikla seg til lokal industri med mange arbeidsplassar. Frå 1870-åra vart fleire verksemder skipa, og mange av dei store nausta vi ser i vågen i dag har gitt rom for garveri og skinnverksemder.
Her finn vi også ferjeleie, med ferjeavgang kvar halvtime over til Breistein i Åsane, som gir kort veg til Bergen. Den nye brua ligg på austsida av øya og går over Sørfjorden til fastlandet. Denne brua stod ferdig i 1997. Slik finst det to farbare vegar til Osterøy.
Den legendariske norske fiolinisten og komponisten Ole Bull hadde sommarferiane hjå besteforeldra på Valestrand. Her bygde han sommarhus sitt i 1868, kalt «Bullahuset». Det var hit han inviterte komponisten Edvard Grieg og mange andre kjenningar innan musikklivet.
På Valestrand avslutta Hordaland sogelag dei lokalhistoriske dagane i 2026, og takk Geir Kleiveland og Osterøy sogelag for ei gild omvising.

Deltakarane med utsyn mot ferjeleie på Valestrand, og Ole Bull sitt sommarhus.










