Velkomen til Hordaland sogelag sine heimesider

Hordaland sogelag er eit fylkeslag for Landslaget for lokalhistorie. Alle soge- og historielag i Hordaland fylke kan vera medlemmer.

Organisasjonsnummer: 988 237 922
Bank: 3632.57.22899

På desse sidene vil du finna informasjon om laget og kva me driv med. Klikkar du på lenkja Medlemslag øvst på sida, finn du peikarar til  e.post adresser og nettsider til medlemslaga. 

Vedtekter for Hordaland Sogelag

 
 

Vedtekne på skipingsmøte 16.11.1986, sist endra 23.05.2004:
§1. Føremål.
Hordaland sogelag har som føremål å fremja interesse for, og auka kjennskap til lokalhistorie og kulturvern i Hordaland.
§2 Medlemskap.
Regionale og lokale sogelag og tilsvarande organisasjonar innan Hordaland fylke kan vera medlemer i laget. Dersom det er tvil om ein organisasjon kan verta medlem, avgjer årsmøtet spørsmålet.
§3 Organisasjon.
Hordaland sogelag er ein fylkesdekkjande organisasjon som gjerne samarbeider med andre lag og organisasjonar med same føremål, men har som hovudoppgåve å styrkja samarbeidet mellom medlemslaga og skal representera dei i saker av sams interesse.
§4 Verksemd.
Hordaland sogelag kan ta på seg oppgåver som best kan løysast på fylkesnivå, slik som kurs, seminar, kjeldepublikasjonar m.m. Saman med eitt eller fleire av medlemslaga står laget som tilskipar av det årlege ”Lokalhistorisk møte for Hordaland”.
§5 Årsmøtet.
a.) Årsmøtet er øvste styringa for laget og bør haldast innan utgangen av april i samband med det lokalhistoriske møtet for Hordaland.
b) Kvart medlemslag har rett til 1 utsending når medlemstalet er under 100 medlemer, 2 utsendingar når medlemstalet er mellom 100 og 200 medlemer osv. Alt rekna etter medlemstal frå førre år. Ikkje noko lag har rett til fleire enn 5 utsendingar. Kvar utsending har ei røyst.
c) Skriftleg innkalling til årsmøtet skal sendast medlemslaga seinast 3 veker før årsmøtet. Saker som medlemslaga vil ha handsama på årsmøtet, må vera innkomne til styret innan 1.mars.
d) På årsmøtet skal handsamast:
    Årsmelding.
    Revidert rekneskap.
    Innkomne framlegg. 
    Fastsetjing av medlemspengar.
    Handlingsplan
    Budsjett
    Val
e) Alle val skal vera skriftlege dersom det er fleire framlegg, eller dersom ein eller fleire utsendingar krev det.
f) Styret er samansett av 5 medlemer: Leiar, nestleiar, skrivar, kasserar og styremedlem. Til styret er det 2 varamedlemer, 1. og 2.
g) Årsmøtet vel leiar for 1 år. Dei andre medlemene i styret vert valde for 2 år om gongen, men slik at 2 av dei er på val kvart år. Varamedlemene vert valde for 1 år om gongen. Leiaren vert vald særskilt, elles konstituerer styret seg sjølv.
h) Årsmøtet vel òg 2 revisorar for 1 år og ei valnemnd på 3 medlemer for 3 år. 1 er på val kvart år. Den som har sete lengst i valnemnda er leiar. Framlegg til ny medlem i valnemnda skal koma frå årsmøtet.
§6 Styret.
a) Styret vert kalla saman av leiaren. Styret er vedtaksført når minst 3 styremedlemer møter. Ved likt stemmetal har leiar dobbeltstemme.
b) Det skal skrivast referat etter kvart møte. Varamedlemer skal ha tilsendt sakspapir og referat.
c) Styret kan peika ut nemnder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver.
d) Rekneskapen skal førast for kvart kalenderår og leggjast fram for årsmøtet.
e) I rimeleg tid før årsmøtet varslar styret leiar i valnemnda om samansetjing av styre og utval og om kven som står på val.
f) Styret skal gjennomføra dei oppgåver/saker som årsmøtet gjer vedtak om.
g) Styret peikar ut 2 kandidatar til styret i ”Landslaget for lokalhistorie” og likeins 2 utsendingar til årsmøtet i landslaget.
§7. Omframt årsmøte.
a) Omframt årsmøte kan kallast inn når minst 3 styremedlemer eller minst 5 medlemslag krev det. Desse krava må vera skriftlege og nemna den eller dei sakene som ein ynskjer å handsama. Kravet må stillast til styret og vera underteikna av dei som kjem med kravet.
b) Omframt årsmøte kan berre handsama den eller dei sakene som vedkjem kravet om eit slikt møte og som er gjort kjent ved innkallinga.
c) Til omframt årsmøte vert det innkalla som til vanleg årsmøte.
§8 Lovendring
Lovendringar kan verta vedtekne på årsmøtet med minst 2/3 fleirtal. Framlegg om lovendringar må vera komne til styret innan utgangen av desember.
§9 Nedlegging
Nedlegging av laget kan verta gjort når 2 etterfølgjande årsmøte har vedteke det med minst 2/3 fleirtal. Ved nedlegging av laget skal laget sine eigneluter tilfalle fylkeskommunen, øyremerkje til kulturvernarbeid.