Velkomen til Hordaland sogelag sine heimesider

Hordaland sogelag er eit fylkeslag for Landslaget for lokalhistorie. Alle soge- og historielag i Hordaland fylke kan vera medlemmer.

Organisasjonsnummer: 988 237 922
Bank: 3632.57.22899

På desse sidene vil du finna informasjon om laget og kva me driv med. Klikkar du på lenkja Medlemslag øvst på sida, finn du peikarar til  e.post adresser og nettsider til medlemslaga. 

Kvinnherad sogelag, ein aktiv kulturformidlar.


Bilete: Kari Fedt Hausbakk er kasserar i HS, og medlem av styret i Kvinnherad sogelag.

Feler, frukt og fruer. Årsmøte 2016 i Norheimsund.

Museumsforlaget reklamerar.

Museumsforlaget er eit nisjeforlag som utgir bøker om kulturarv. Vi satsar på historie, arkeologi og andre fag som fortel om fortid og notid for framtida, skriv dei i ei melding til redaktøren. Vidare fortel dei at Museumsforlagets sine utgåver har høg faglig kvalitet og forlaget er godkjent som publiseringskanal for vitskapleg publisering. Våre engasjerte medarbeidarar har lang erfaring frå forlagsbransjen og gjev våre forfattarar og oppdragsgivarar trygg personlig oppfølging.

Med Hordaland Sogelag til England 9. - 14. august.

Bilete viser den utgravde kjellaren på JORVIK Viking senter i York som er dekka med glassplater. Senteret som har meir en 400 000 besøkjande kvart år. Kjellaren vart oversvømt i samband med den omfattande flommen i England rundt juletida i fjor. Besøket som TIDE har med i programmet må endrast, fordi siste nytt er at Vikingsenteret fyrst blir opna att for publikum i 2017.

Meir en 7300 unike besøk på nettsida i 2015.

I 2015 var det 7307 unike brukarar som vitja nettsida til Hordaland Sogelag. Det er ein auke på 12 % frå året før. Unike brukarar vil seia personar i tillegg til redaktøren sine besøk, som det naturleg nok blir ein del av i samband med oppdatering og redigering.  Om lag 2/3 er i Norge, men interessant å merkja seg, 7 % frå Brasil og 2% frå USA.

Syndiker innhald