Velkomen til Hordaland sogelag sine heimesider

Hordaland sogelag er eit fylkeslag for Landslaget for lokalhistorie. Alle soge- og historielag i Hordaland fylke kan vera medlemmer.

Organisasjonsnummer: 988 237 922
Bank: 3632.57.22899

På desse sidene vil du finna informasjon om laget og kva me driv med. Klikkar du på lenkja Medlemslag øvst på sida, finn du peikarar til  e.post adresser og nettsider til medlemslaga. 

Lokalhistoriske dagar og årsmøte 2012.

Årsmøte og Lokalhistoriske dagar vert haldne 17. og 18. mars på Stord. Møtestad: Maritimt museum ( på Nattrutekaien). Påmeldingsfrist er 5. mars. Deltakarane må sjølv ordna med eventuell overnatting. Spørsmål om samlinga samt påmelding sender du pr. e-post til Else Marie.
Programmet for samlinga finn du her. Sakspapira og årsmeldinga er no klare og  ligg som vedlegg nedanfor.

Julehelsing frå Else Marie.

Klikk på lenkja Medlemsbrev under meny og les julebrevet frå Else Marie.

Hordaland Sogelag 25 år. Bilete frå samlinga på Voss.

Frå venstre Else Marie Kind Hevrøy, Åse Eikemo Strømme, Jan B. Torsheim ( 1. leiar i HS i 1986) og Egil Nysæter.

Hordaland Sogelag 25 år.

Over 30 personar var med på markeringa av 25 år for skiping av Hordaland Sogelag. Arrangementet gjekk føre seg på Voss laurdag 8. oktober. Det var blomehelsing og godord frå Hordaland Fylkeskommune, som var pådrivar for at laget vart skipa i 1986. Gjesteforelesar var Hermann Bjarnarson frå Island som fortalde om sagaturisme og felles trekk mellom saga og landskapet på Island.

Reportasje frå studieturen til Irland.

Bladet Sunnhordland har ein to siders reportasje med bilete frå studieturen til Irland. Sjå her.
 

Syndiker innhald