Mimrestund i Seløystova

Seløystova på Onarheim var samlingsstad for den tradisjonelle mimrestunda etter årets studietur til Skottland. 10 av dei  16 deltakarane på turen hadde funne vegen til Tysnes  i stålande solskin den 13. oktober.
Tysnes Sogelag stod for arrangementet og innleia med matøkt, som bestod av ekte skotsk kjøtsuppe med heimebaka eplekake og kaffi til desert. Deretter var det framsyning av bilete frå den minnerike turen, og  biletminna frå turen, hausta mange muntre kommentarer. 
Olav Skjellevik  fortalde om forfattaren Claus Pavels Riis som budde på Nymark på Tysnes, og som er kjent for visa om Anne Knutsdotter.  Deretter vart det omvisninga i Onarheim kyrkje der det for tida er utstilt mange gjenstandar frå den gamle Onarheim kyrkje. Dessutan har han sjølv samla fleire svært gamle biblar som er utstilt i eige monter i kyrkja. Omvisning vart det også på kyrkjegarden og grava til Claus Pavels Riis.

Matøkt i gamle Seløystova.

Fantastisk utsikt til Onarheimsfjorden og over til Kvinnherad.

Monteret med dei gamle biblane.

Grava til Claus Pavels Riis.

Olav Skjellevik ( nr. 2 f.v.) stod for omvisninga i Onarheim kyrkje.