Med Hordaland Sogelag til Roskilde og Gotland

Ein fantastisk tur er over!
I tillegg til sjåfør Olav Tordal og turleiar Modgunn Valestrand var det 25 deltakarar frå ulike sogelag i Hordaland.
 

Nok ein vellukka studietur, den sjuande i rekkja vert meg fortalt, er gjennomført i Hordaland Sogelag sin regi.
Ein av dei mest vellukka må eg vel seia, for det var berre smil og godord frå deltakarane då dei skildes etter ei veka saman. Endeleg oppsummering av erfaringane blir gjort når alle deltakarane møtest på mimremøte i Norheimsund seinare i haust.

Markerte gullbryllaupsdag.
Etter litt venting og praktiske utfordringar for nyebåten til Fjordline, byrja ferda mot sør gjennom smale sund med frodige og tettvaksne fjellsider og holmar i Sunnhordland og på Haugalandet. Med diverse tekniske utfordingar for skip og mannskap, vakna me ein god del forseinka til sol og varme i Hirtshals. Bussturen gjennom Jylland og vidare til København vart ein fin start med fleire stopp og koseleg frukost på Tylstrup Kro. Vel framme på hotellet venta ein litt sein felles middag, der det kom for dagen at Anne Margreta og Arvid Herfindal kunne feira gullbryllaup, og dermed vanka det sjølvsagt sjampanje og hylles til jubilantane.

Vikingmuseet i Roskilde.
Turen til Vikingmuseet i Roskilde stod på programmet neste dag i strålande sumarver. Interessant å høyra at det meste  av tømmeret til skipa som er funne i fjorden ved museet har sitt opphav i norske skogar. Som er ekstra oppleving hamna reisefølgje midt opp i Danmark sitt fyrste Rigsspillemandsstævne og spelemenn frå ulike lokallag kappast om å tiltrekkja seg publikum med spel og dans i det flotte og varme veret. Dagen vart avslutta med besøk i Roskilde Domkirke der Danmarks monarkar ligg i einskilde «rom» i sine staselege sarkofagar.   

Jarlen James Hepburn
For fleire av deltakarane var likevel turen til Dragsholm slott og Fårevejle kyrkje det største på Danmarks turen. For dei som var med på turen til Skottland og fekk med seg soga om James Hepurn som var trulova med skottefrua Anna Rustung, hadde dei sett fram til å få sjå fangeholet til jarlen på slottet, der han enda sina dagar etter at han vart arrestert av kong Fredrik 2 av ulike årsaker. Truleg var ein av årsakene at han ikkje hadde overhalde trulovelsen med Anna som på den tida kan samanliknast med giftarmål.

Me fekk opplyst at fangeholet vart fjerna fordi slottet, som no er i privat eiga og mellom anna vert drive som historisk hotell, fant det høveleg å laga inngang til hotellets personale akkurat der.
Der vart difor ei gripande stund for mange då me gjekk inn i krypta under Fårevejle kyrkje og fann den store eikekista med leivningane etter James Hepburn. Spontant og utan varsel stemte reisefølgje i med songen «Glory, glory hallelujah….», ein høgtidsam hyllest til eventyraren og det me vestlendingar vel vil kalla jentefuten James, som fekk ein slik tragisk slutt på livet i ung alder.

Nasjonalmuseet
Den storstilte utstillinga Viking i nasjonalmuseet i København var også på programmet. Ei flott samling av funn frå vikingtida ikkje berre i Norden, var hovudutstillinga på museet denne sumaren. Etter Danmark skal utstillinga vidare til andre land i Europa.

Gotland.
For dei fleste var det fyrste gong dei var på Gotland. Etter ein lang busstur over den gigantiske Øresundsbrua og gjennom flatlandet i Skåne, vart båtturen mellom Oskarshamn og Visby på Gotland ei kjærkomen avveksling.
På Solhem Hotel følte me oss straks heime og klar for utforsking av øya Gotland i som er så utruleg rik på fortidsminne.  

Arkeologen og den innbarka gotlendingen Gunnar Bæck, var guide heile neste dag. Han tok oss med til gamle gravplassar som har vore i bruk i fleire tusen år, og fortalde på ein levande og overtydande måte om dei ulike funna og kva dette fortel om livet og utviklinga på øya som i dag har om lag 57000 innbyggjarar. Han snakka også gotlandsk, godt forståeleg, og det la han tydelegvis vekt på.

Det vart besøk i ulike staslege kyrkjer, og som elles i Sverige er alle kyrkjer opne for publikum. Kanskje det er ein tanke for norske kyrkjer som vanlegvis klagar på lite besøk. Eg berre spør.
Gotland Museum vart det også til, og ikkje å forgløyma vart det tid til å handla og vitja ulike restaurantar i byen. Eit besøk på «Medelstidsveckan» i Visby med eit yrande folkeliv mange utkledd i middelalderklede, fekk dei fleste også tid til.

Reiseleiar Modgunn Valestrand og sjåfør Olav Tordal vart frå fyrste stund ein sølvsagt del av det samla reisefølgje. Og ein meir engasjert og blid reiseleiar må du leita lenge for å finna.

    Gullbryllaupsbrudeparet Anne Margreta og Arvid Herfindal.

       

Bilete frå Roskilde Domkyrkje.

   Dragsholm Slott.

Båtbygging på Vikingmuseet i Roskilde

Fantastisk glassmåleri i Garde Kykje på Gotland.

Reidar Bringedal og fleire i reisefølgje har slektsrøter attende til Rustungane ( skottefrua) Her står han ved minnestavla i gravkammeret til James Hepburn i Fårevejle Kyrkje. 

Den store eikekista innheheld dei mumifiserte levningane av jarlen James Hepburn. 

Guiden Gunnar Bæck fortel om den gamle og fiere tusen år gamle gravplassen i Gotland skogen. Bak til t.v. ser du steinrøyser frå steinalderen. 

Felles middag på Solhem Hotel i Visby.

Tysnes Sogelag sitt medlem som bur i Sarpsborg Arne Bakke t.h., har vore med på alle studieturane. Han har allereie meldt seg på til neste års studietur som går til Færøyane.

Ein kopi av den mest kjente runesteinen på Gotland er sett opp på sin opprinnelege plass. Guiden Gunnar Bæck fortel om kva dei ymse bileta på steinen fortel oss.

Guiden på Vikingmuseet  i Roskilde Linn Sveinbjørnsen fortel om funn og utgraving i fjorden og nett utom musebygningen i seinare år.