Velkomen til Hordaland sogelag sine heimesider

Hordaland sogelag er eit fylkeslag for Landslaget for lokalhistorie. Alle soge- og historielag i Hordaland fylke kan vera medlemmer.

Organisasjonsnummer: 988 237 922
Bank: 3632.57.22899

På desse sidene vil du finna informasjon om laget og kva me driv med. Klikkar du på lenkja Medlemslag øvst på sida, finn du peikarar til  e.post adresser og nettsider til medlemslaga. 

Godt oppmøte på Kulturminnedagen i Ølve.

Dama heilt til ventre i bilete med briller og svarte støvlar er Eva Røyrane. Foredraget til Eva Røyrane finn du her.

Kvinnheringar og andre møtte mannjamt opp i kjellaren i Ølve ungdomshus sundag 17. september. Eva Røyrane halt eit spanande foredrag om gruveindustrien i  Hatlestrand og Ølve gjennom 1000 år.
Ein kan med sikkerheit seia at Hatlestrand og Ølve, er dei eldste industibygdene langs Hardangerfjorden. Mange minner er godt synelege den dag i dag, sjølv om det er god gøymde i den tette bar og lauvskogen.
Klorittskifer vart meisla ut som baksteheller langs eit smalt belte i berget langs Kvitebergsvatnet. Det var storindustri i mange 100 år, og det fins prov på at baksteheller til Vesterhavsøyane.

Seinare var det teke ut koparmalm og svovelkis og jamvel er det også funne gull i bergbrota, men i små mengder som ikkje var rekningssvarande å utvinna.

Etter foredraget var det eksekusjon til Atramadalen og dei historiske steinbrota.
Det kjem meir omtale seinare.    


Fullsett sal som høyrte på foredraget før turen til gruvene.

Dei store slagghaugane framom gruvehola.